Endeleg siger!

Norborg tok årets første siger etter ein solid 2. omgang då Aksla2 vart sendt heim med 3-0 i sekken. Etter ein mållaus førsteomgang tok tidenes målscorer i Norborg, Tarjei Gjerset Urkedal, ansvar og gjorde 1-0 førti sekund ut i 2. omgang. Kai Kitsadakon dobla leiinga dryge ti minutt seinare før Torgeir Vik fastsette resultatet til 3-0 på ei heading frå 15 meter. Les meir..

Damene med storsiger!

Brattvåg/Norborg vann heile 10-1 over Valder/Øyne på Uggedal KGB onsdag kveld. Emilie Langlo åpna scoringsballet ti minutt ut i kampen med sitt første av heile 6 mål. Gjestane utlikna kort tid etter ved Eline Gidske, men heretter vart det berre jubel frå heimelaget. Ved sida av Langlo sine 6 mål scora Vibecke Koppen Krogsæter 2, Sofie Vatnehol og Zara Volstad. Stillinga ved pause var 7-1. Brattvåg/Norborg leiar 4. divisjon med tre strake sigrar og 20-3 i målskilnad.

Tapte for Herd2

Norborg måtte sjå seg slått 5-1 av Herd2 på AMFI Moa stadion. Det starta bra for dei oransje med mål av Marius Flem Stavik i det 12. minutt. Dette var Stavik sitt første A-lagsmål. Elias Holmelid og Olav Alexander Sætren snudde kampen for heimelaget inn mot pause. Sætren gjorde 3-1 ti minutt ut i 2. omgang før Imre Dragset og Aron Leandersson gjorde dagen endå tyngre for våre gutar dei siste tjue. Les meir..

Stang ut!

Norborg eigde ballen og skapte mest i heimekampen mot Stranda2, men trass 1-0 leiing til pause etter mål av Niklas Rekdal var det til slutt gjestane som stod igjen med alle poenga etter to kontringsmål av Almantas Gulijevas og Oskar Røyr. Norborg fekk sjansen frå straffemerket like før slutt, men også her vart det bom. – Eg syns vi gjer ein bra kamp, men det blir stang ut, sa trenar Torbjørn Grytten etter kampen. Les meir..

Heimekamp mot Stranda2 onsdag kl. 1830

Norborg tek onsdag imot Stranda2 på Uggedal KGB. Stranda2 har starta sesongen bra med 4 poeng på 2 kampar, medan Norborg står med 1. Spelet har vore betre enn poengfangsten, men ein har ikkje hatt marginane på si side framfor mål. Sidan sist kamp er Peder Uggedal Søvik og Kai Kitsadakon tilbake. Vél møtt!

Tapte for Vigra

Norborg tapte bortekampen mot Vigra med 4-1 (2-1). Ola Just Martinsen ga heimelaget føringa i det 14. minutt, medan eit sjølvmål sørga for Norborg sitt mål nokre minutt før pause. Uavgjort skulle likevel ikkje halde inn mot kvila. I omgangens sluttsekund fekk Vigra straffe som Preben Meberg omsette i mål. I 2. omgang sørga mål av Kenneth Kjevik og Florin-Ciprian Luli for ein komfortabel siger til Vigra.
Les meir..