Norborg – Skodje 5-1 (4-1)
6. divisjon, Uggedal stadion, 24.09.2025
1-0 Kristoffer Søviknes (8)
2-0 Marius Flem Stavik (10)
2-1 Eben Jensen (21)
3-1 Anders Toven (25)
4-1 Jonas Holmeset (39)
5-1 Tarjei Gjerset Urkedal (58)
Sjansar: 10-2
Cornere: 5-3
Norborg hadde det endeleg løye med Skøye etter å ha tapt dei to foregåande kampane. Norborg tok tak i kampen frå start av og viste ingen nåde. To sjansar og to mål på dei første ti minutta. Først sette Kristoffer Søviknes inn 1-0 etter corner av Niklas Rekdal, så gjorde Marius Flem Stavik 2-0 etter at keeper måtte gi retur. Kampen jamna seg ut etter denne voldsame opninga av dei oransje og gjestane fekk løfta laget sitt utan å skape all verda. Dryge tjue minutt ut i omgangen fekk dei sjansen på frispark frå nokre og tjue meter. Den tok Eben Jensen godt vare på og dunka inn reduseringa.
Målet vekte Norborg til live igjen og ville ikkje la det vere nokon tvil kven som var det beste laget på Uggedalsmatta denne kvelden. Få minutt etter reduseringa vann ein ballen høgt i bana og kombinerte seg til slutt fint igjennom ved Kristoffer Søviknes og Anders Toven. Forsvarsspelar og bursdagsgut Toven såg ut til å ha spelt spiss heile livet og klinka ballen presist i lengste til 3-1. Norborg hadde god kontroll på kampen og fem minutt før pause spelte Tarjei Urkedal ein fin stikkar til Jonas Holmeset som storma gjennom gjesteforsvaret og sette inn 4-1.
Etter ein omgang med høg effektivitet kom ein meir ned på normale tal etter kvila. Ein scora likevel på omgangens første sjanse då Tarjei Urkedal vann ballen midt på bana og fekk gitt til Jonas Holmeset. Han storma mot 16 meteren og spelte usjølvisk til Urkedal som enkelt putta ballen i nota til 5-1. Skodje hadde lite å by på, medan Norborg skapte nokre store sjansar ved Tarjei Urkedal og Oliver Gamlem som ein burde ha omsatt i mål, men stod ikkje keeper i vegen så gjekk avslutningane enten i aluminiummet, på keeper eller utanfor.
Eit oppløftande resultat for Norborg mot ein motstandar som ikkje hadde tapt sidan juni.
Neste kamp er borte mot Spjelkavik3 onsdag 1. oktober kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Markus Søvik Gunnarson (Lars Mikalsen, 71), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke, Anders Toven – Jonas Holmeset (Oliver Gamlem, 67), Kristoffer Søviknes (Holmeset, 87), Niklas Rekdal (Torgersen, 82), Marius Flem Stavik (Nizar Alderwish, 82), Markus Torgersen (Jesper Vos, 32) (Urkedal, 85) – Tarjei Gjerset Urkedal (Torgeir Vik, 77).

