Norborg – Emblem2 4-0 (1-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 17.06.2025
1-0 Niklas Rekdal (3)
2-0 Peder Uggedal Søvik (52)
3-0 Ruben Grytten Holmeset (70)
4-0 Ruben Grytten Holmeset (75)
Sjansar: 11-0
Cornere: 6-2
Norborg dominerte og vann 4-0 over Emblem2 på Uggedal KGB tysdag kveld. Etter ei tidleg leiing fortsette Norborg å produsere mange sjansar, men sleit med effektiviteten før pause. Stolper og ein god Emblem-keeper stod i vegen. I 2. omgang fortsette ein å trykke på og med betre presisjon på avslutningane vart det til slutt ein komfortabel siger.
Norborg kom frå ein grusom 2. omgang mot Skodje og var tydeleg interesserte i å vise seg frå ei langt betre side då Emblem2 kom på besøk. At Niklas Rekdal og Ådne Hellandsvik var tilbake på bana hjalp også, for det var nettopp desse to som sørga for eit tidleg leiarmål då Hellandsvik spelte igjennom til Rekdal som sikkert scora åleine med keeper. Norborg hadde fleire store sjansar til å auke leiinga før pause, men korkje Ole Johan Urke, Hellandsvik, Rekdal eller Peder Uggedal Søvik fann vegen til nettmaskene. Nærmast var Ruben Holmeset som klinka ballen i stolpen oppe ved krysstanga like før pause.
Norborg har i enkelte tilfelle denne våren dominert før pause, men ikkje greidd å punktert kampen og slukna etter kvilen. I denne kampen var det likevel ingen tvil. Dominansen haldt fram og eit tidleg mål av Peder Uggedal Søvik roa nervane. Målet kom etter dødball der Ole Johan Urke fann sin stopparkollega Søvik framfor mål som frå 5 meter breisida ballen inn i tomt mål. Kristoffer Søviknes var nær å auke leiinga på eit skot frå 30 meter, men ballen gjekk i tverrliggjar. Litt over midtvegs i omgangen viste Ruben Holmeset seg fram med fart, teknikk og målteft. Først sette han inn 3-0 på ein soloprestasjon før han gjorde 4-0 etter ein fin stikkar av Søviknes der han rykte frå forsvaret og sette ballen stolpe inn. Norborg var nær eit femte mål på slutten ved Francisco Silvestre, men keeper Matias Støyva Emblem redda med ein beinparade. Norborg kom seg med sigeren opp på 5. plass på tabellen. Etter berre 1 poeng på dei 4 første kampane, har det blitt 10 poeng på dei siste 5. Det lovar godt fram mot hausten.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 76) – Anders Toven (Jørn Håvar Varpe Uggedal, 82), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Niklas Rekdal, 82), Tarjei Gjerset Urkedal – Jonas Holmeset (Francisco Silvestre, 71), Ådne Hellandsvik, Kristoffer Søviknes (Nizar Aldarwish, 71), Kai Kitsadakon Grytten (Markus Torgersen, 71) – Ruben Grytten Holmeset, Niklas Rekdal (Lars Alvestad Mikalsen, 68).
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)