Norborg – Aksla2 3-0 (0-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 21.05.2025
1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (46)
2-0 Kai Kitsadakon (58)
3-0 Torgeir Vik (74)
Sjansar: 8-4
Norborg tok årets første siger etter ein solid 2. omgang då Aksla2 vart sendt heim med 3-0 tap. Etter ein mållaus førsteomgang tok tidenes målscorer i Norborg, Tarjei Gjerset Urkedal, ansvar og gjorde 1-0 førti sekund ut i omgangen. Etter at den rutinerte fekk hol på byllen scora Kai Kitsadakon og Torgeir Vik kvart sitt første A-lagsmål.
Etter jamne opningsminutt fekk Kai Kitsadakon kampens første sjanse, men åleine med keeper Vegar Mannvik var det sistnemnde som vann duellen. Aksla2 var heller ikkje ufarlege og testa keeper Ronald Søvik Olsen eit par gongar før Norborg nok ein gong var åleine med keeper. Denne gong var det Marius Flem Stavik som sette ballen over mål. Heller ikkje Ole Martin Fevåg fekk ballen i mål då han sklei ballen like utanfor etter forarbeid av Kitsadakon. Dermed 0-0 i ein open og innhaldsrik omgang.
2. omgang starta på best mogeleg måte for Norborg. 40 sekund ut i omgangen fekk Tarjei Urkedal to forsøk etter eit innlegg av Lars Mikalsen og dunka inn sin eigen retur til sitt 242. Norborg-mål. Dryge ti minutt seinare doblar Kai Kitsadakon leiinga med sitt første A-lagsmål då han iskaldt sette ballen i nota ved bortaste stolpe etter ein stikkar frå Niklas Rekdal. Norborg hadde dei neste minutta store sjansar til å auke leiinga ved Flem Stavik og Kitsadakon. 3-0 skulle likevel kome. Eit kvarter før slutt scora Torgeir Vik sitt første A-lagsmål då han frå 15 meter heada eit innlegg frå Mikalsen i nota. Norborg hadde god kontroll det siste kvarteret og tok tre fortente poeng.
Neste kamp er borte mot Ørskog/Stordal2 onsdag 28. mai kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Mikalsen (Marius Dulgheru, 80), Anders Toven, Ole Johan Urke, Tarjei Gjerset Urkedal – Kai Kitsadakon (Oliver Gamlem, 68), Niklas Rekdal (R. Stavik, 93), Ådne Hellandsvik, Ole Martin Fevåg (Francisco Silvestre, 85), Marius Flem Stavik (Nizar Aldarwish, 83), Ruben Stavik (Torgeir Vik, 32).