Herd2 – Norborg 5-1 (2-1)
6. divisjon, AMFI Moa stadion, 14.05.2025
0-1 Marius Flem Stavik (12)
1-1 Elias Aasen Holmelid (28)
2-1 Olav Alexander Hovlid Sætren (43)
3-1 Olav Alexander Hovlid Sætren (55)
4-1 Imre Haugseth Dragset (73)
5-1 Aron Leandersson (81)
Norborg måtte sjå seg slått 5-1 av Herd2 på AMFI Moa stadion. Det starta bra for dei oransje med mål av Marius Flem Stavik i det 12. minutt. Dette var Stavik sitt første A-lagsmål. Elias Holmelid og Olav Alexander Sætren snudde kampen for heimelaget inn mot pause. Sætren gjorde 3-1 ti minutt ut i 2. omgang før Imre Dragset og Aron Leandersson gjorde dagen endå tyngre for våre gutar dei siste tjue.
Norborg opna best og tok leiinga etter at Markus Søvik Gunnarsson braut eit overgangsforsøk frå Herd. Ballen vart så spelt til høgrekant Kai Kitsadakon som kombinerte med Nicholas Kvammen. Han tredde gjennom til Marius Flem Stavik, som runda målvakta og sette ballen i mål.
Etter dei første 20 minutta kunne ein tydeleg sjå to lag med ulike kampplanar. Herd2 stilte med eit ungt ballspelande lag og prøvde gong på gong å spele ut på kantane og fylle på framfor mål når innlegga kom. Norborg var mer fysiske og ønskte å bruke tid på dødballer med Felix Søviknes Urkedal og Ole Johan Urke i fokus. Herd2 tok meir og meir over kampen og knappe tjue minutt før pause kom utlikninga då Elias Aasen Holmelid utlikna på ei heading etter corner. Herd2 trykte på inn mot pause og fekk leiarmålet ved Olav Alexander Sætren.
I 2. omgang prøvde Norborg å komme tilbake i kampen, men etter ein jamspelt start av omgangen gjorde Sætren 3-1 då han sette eit innlegg frå venstrekanten i nota. Etter dette hadde heimelaget full kontroll og auka to gongar ved Imre Dragset og Aron Leandersson. Dermed 5-1, og ein fortent siger til dei blå og kvite.
Neste kamp for Norborg er heime mot Aksla2 onsdag 21. mai kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Markus Søvik Gunnarsson, Ole Johan Urke (Jann Tore Søvik, 76), Felix Søviknes Urkedal, Robin Hånde – Kai Kitsadakon, Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen, Oliver Gamlem (Nizar Aldarswish, 62)- Marius Flem Stavik, Anders Toven (Francisco Silvestre, 76).