Klubbhus

Norborg sitt klubbhus vart bygd på andre halvdel av 1980-talet etter at ein fekk på plass grusbana i 1985. Garderobene vart tatt i bruk i 1990.

Planane for klubbhus vart godkjent i 1987. Det var fleire alternativ som var oppe til diskusjon. Blant anna sysla man med planane om å kombinere garderobeanlegget med ein idrettshall med plass til åtte badmintonbaner. Dei same planane hadde dei på Vatne. Kommunen ville dessverre ikkje gå inn med midlar, og man måtte dermed nøye seg med eit vanleg klubbhus. I 1990 kunne man ta i bruk garderobane, og ei stund etterpå vart kjellar innreidd med møterom og kontor.

I 2014 rusta ein opp klubbhuset med to nye garderober i kjellaren, ein stor møtesal i hovedetasjen, samt kombinert kjøkken og kiosk. I tillegg fekk ein på plass ein stor veranda.