lørdag, januar 28, 2012
   
Text Size

ÅVK med storsiger i første test

Vår 4. divisjonskollega Åram/Van.kam spelte i kveld sin første treningskamp for året og viste imponerande form då Hareid vart feid av bana med 7-2. Meir om kampen på ÅVK si heimeside.
 

Stor nedgang i påmelding

Sunnmøre fotballkrets melde om stor nedgang i antal påmeldte lag i seniorklassene i år. Etter at påmeldingsfristen gjekk ut i går kveld er det totalt fem færre 11-ar lag for herrer og to for damer. I 7-ar serien for herrer er nedangen på 7 lag, mot eitt i dameklassa. Artikkelen kan du lese her.

Norborg har som tidlegare nemnt meldt på eit herrer 7-ar lag. Til stor glede har også Ravn gjort det same, men vi saknar Brattvåg. Desse er påmeldt:

Menn 7-er

  1. Emblem
  2. FK Sykkylven
  3. Hjørungavåg
  4. Norborg
  5. Ravn
  6. Aalesunds Old Boys

 

   

Norborg2 blir 7-ar lag

Norborg droppar 11-ar lag i 6. divisjon og har meldt på eit 7-ar lag i staden. Enkelte i klubben ville halde fram med 11-ar fotball for 2. laget, men sjølv om det møtte opp 24 stk. på sist B-trening så må vi vel seie at styret haldt fornuften i hevd å meldte på eit 7-ar lag. Norborg2 sleit jo sist haust med mannskapsproblem i enkelte kampar, og med ein tilsynelatande mindre A-stall i år, så er det greiast med eit 7-ar lag. Då får dei som er jamleg på trening spele, i staden for å ofte måtte gå på bygda etter folk. Før påmeldingsfristen går ut er følgjande lag påmeldt 7-ar serien:

Emblem
FK Sykkylven
Hjørungavåg
Norborg
Aalesunds Old boys 

Vi reknar med at det kjem til nokre fleire lag som t.d. Brattvåg Old Boys. Påmeldingsfristen er no sett til søndag 22. januar kl. 2359.

Slik det ligg an no kjem Norborg ikkje til å melde på damelag i 7-ar serien.
   

Gratulerer med 50-årsdagen IL Norborg

Søndag 21. januar 1962 vart IL Norborg (NORdre BORGund) stifta. I løpet av dei femti åra som har gått sidan då, har ein hatt aktivitetar innan fotball, badminton, trim, symjing, volleyball og handball. Av desse er det fotball som heile tida har vore den drivande aktiviteten, medan badminton har skapt dei beste nasjonale resultata. Vi skal heller ikkje gløyme damehandballen som tok fleire krinsmeisterskap på ungdoms- og seniornivå i løpet av 1970-talet.

I følge våre kjelder vart Per Ringstad innskreven som medlem nr. 1.

Vi gratulerer alle norborgarar med dagen!
   

Få endringar for Norborg på terminlistemøtet

4. og 5. divisjon hadde torsdag kveld terminlistemøte der kretsen hadde mange punkt på agendaen. Blant anna skal det innførast elektronisk kamprapport i 4. divisjon. Kretsen ville også høre klubbane sitt synspunkt på å fjerne grus som lovleg kamparena i 4. og 5. divisjon. Godøy fekk ein viss sympati, men dei fleste, om ikkje alle, var einige om at ein på sikt burde fjerne grusbana som arena i 4. divisjon. Av andre punkt så held ein fram med 7 innbyttarar i 4. divisjon som ikkje kan byttast inn og ut så mykje ein vil. I 5. divisjon held ein fram med 7 innbyttarar som kan gå ut og inn så ofte ein vil. Klubbane vart også einige om at ein skulle gi motstandarlag beskjed om mogeleg bytte av kamparena minst 24 timar før avspark, og endeleg kamparena før kl. 09 på kampdag.

Når sjølve terminlista skulle gjennomgåast så var Spjelkavik mest aktiv sidan dei helst vil ha heimekampane sine på fredagar. Klubbane vart elles einige om å flytte siste serierunde til fredag 12. oktober kl. 1830. For Norborg sin del så er heimekampen mot ÅVK flytta frå kl. 1830 til 1900 torsdag 14. juni, medan ein på eit seinare tidspunkt vil avgjere om bortekampen mot Spjelkavik skal flyttast frå torsdag til fredag 22. juni. Vi kjem tilbake til den fullstendige terminlista for Norborg over helga.
   

Rundskue

Vi tek ei lita oppsummering på det som har skjedd i lokalfotballen på Sunnmøre den siste tida.

Åram/Van.kam er tilbake i 4. divisjon etter ein sesong nede i 5. Laget, som må seiast å vere den opnaste klubben på Sunnmøre, etter at dei la ut på nettet kva for spelarar dei prøvde å skaffe seg til årets sesong. No har tre av spelarane dei skreiv etter signert for klubben. Dette er Martin Ekremsæter (frå Valder), Torgeir Halsen (Åheim) og Sondre Hasund (Åheim). Vi setter imidlertid tvil på kosthaldet til ÅVK. På signeringsmøtet ser det ut til å ha blitt servert Grandiosa (til bilete).

Vi hoppar då elegant over til Stranda, som også har signert ein spelar frå Valder. Dette er 17-åringen Andreas Kvam. Stranda sin nettstad beskriv han som ein spennande angrepsspelar med gode haldningar og ferdigheiter. Vi kan skyte inn at han scora 2 mål for Valder i 4. divisjon i 2011, samstundes som han bøtta inn mål for juniorlaget. 

Steffen Oksnes Elde har også forlatt Valder og signert for Volda. Grøntrøyene har altså ikkje berre brukt tida si i Ørsta der dei har henta Jørgen Winjevoll, Petter Aasen og Christoffer Bjerknes, og Terje Haugen Øye frå Sæbø litt lenger aust i Ørsta kommune. Keeper Nikolai Brune Engeset gjekk mot straumen og signerte for Ørsta frå Volda. Volda har også mista Trond Brynestad. Han skreiv under for Nest-Sotra. Volda bør likevel unngå botnstrid i årets 3. divisjon.

Det bør også Brattvåg. Som vi tidlegare meldte har Even Heggdal (Midsund) signert. Det har også Kristoffer Hildrestrand, som med si erfaring frå 2. divisjon bør gi Brattvåg eit løft. Brattvåg søker elles etter ein keeper etter at Geir Roar Gamlem la opp, medan Jan Egil Ulla har gått tilbake til moderklubb HaNo. HaNo ser ut til å satse tungt i 6. divisjon og har også fått Lars Åkre tilbake i stallen, samstundes som dei forsøker å forsterke stallen med 3-4 andre spelarar. Dei hadde fredag kveld eit møte om reisestøtte, utan at vi veit kva utfallet av det møtet vart.

Rollon leverte ein særs skuffande sesong i 4. divisjon, men seiler no opp som opprykksfavoritt. Daniel Gjerde har kome attende frå Herd og er ein garantist for minst 20 mål. Frå nabo Aksla kjem Richard Sperre og Espen Sønsteby. AaFK juniorane David Nilsen og Runar Olsen har også signert for kvittrøyene, medan Eivind Nordstrand kjem heim frå Polen i februar og Fredrik Ytterlid varslar at han gjer comeback.

Vi tek og med at 5. divisjonslaget Emblem har spelt sin første treningskamp for året. Det enda med 4-3 siger over Skarbøvik sitt juniorlag.  
   

Norborg sine treningskampar

Norborg avtalte måndag sin 6. og siste treningskamp i oppkjøringa til 4. divisjon. Motstandar i generalprøva blir Tomrefjord i Uggedalen. Norborg seie seg no nøgd med antall kampar og motstand.  Seriestart er heime mot Godøy 12. april.

Dette blir Norborg sine kampar fram mot seriestart:

Torsdag 2. februar Norborg - Stranda
 - God motstand mot eit lag som gjorde det godt i 3. divisjon. Norborg og Stranda møttast to gongar i fjor, begge endte 2-2 etter ordinær tid. Først i treningskamp, så i cupkamp. Sistnemnde kamp gjekk til ekstraomgangar der Stranda var kvassast framfor mål etter sjansesløseri av Norborg.

Torsdag 16. februar Vestnes Varfjell - Norborg
- Norborg har aldri slått romsdalingane og prøvar på nytt i år. Denne gong på bortebane. Begge lag spelar i 4. divisjon.

Torsdag 1. mars Norborg - MSIL
- At Norborg ikkje vann over MSIL i 2011 er fortsatt eit under for oss. I 2012 blir det tre sjansar på å slå sulamittane. Den første kjem 1. mars.

Torsdag 8. mars Norborg - Brattvåg
- Sist kamp mellom laga var Norborg sitt historiske høgdepunkt. 3-0 vann ein på Brattvåg stadion ein fin sommardag i 2010. Vi ventar god treningsmotstand mot eit lag i divisjonen over.

Torsdag 15. mars Norborg - Valder
- Valder var opprykksfavoritt i fjor, men haldt ikkje heilt inn. I år er laget på papiret svekka, men ein forventar at Valder er med i toppen og gir Norborg hard motstand 15. mars.

Fredag 30. mars Norborg - Tomrefjord
- Romsdalsmotstand i generalprøva. Tomrefjord er nyopprykka til 4. divisjon, men eit lag vi elles veit lite om. Er vonleg langt betre no enn då dei var i Uggedalen for fem år sidan og tapte 9-0 for Norborg sitt 2. lag. Etter opprykket i fjor har laget fått seg ny trenar i Cato Andreassen.

Elles er det planar om ein tur til England i påska. Dette vil ikkje vere for å spele fotball, men å sjå kampar i Merseyside/Manchester området.
   

Roger Grytten trenar Norborg A-lag

Roger Grytten tek over som trenar for Norborg sitt 4. divisjonslag etter at Kristian Søviknes ga seg som trenar fordi han vil igjen vil satse som spelar. Roger er ikkje ein ukjent mann i Norborg-miljøet. Han har spelt 279 a-kampar for klubben sidan han debuterte i 1995 og fram til 2010. Dette talet hadde nok vore langt høgare om den tekniske og kloke midtstopparen ikkje hadde vore plaga med skadar. Han var også med i eit trenarteam saman med Jan Egil Alstadsæter i 2006 og starta norborg.com tilbake i 2001. 33-åringen har allereie rukke å gjennomført to treningar med laget og seie at Norborg har ein liten, men kvalitetmessig god A-stall. - Vi er særs glade for å ha fått på plass Roger som trenar og ser fram til ein flott sesong, seie Norborg si sportslege leiing.
   

Sesongoppstart 2012 - tysdag kl. 18

Sesongoppkjøringa 2012 for herrelaget startar med eit spelarmøte kl. 18 på klubbhuset i Uggedalen med påfølgjande trening. Både nye og gamle andlet er velkomne.
   

Prim til topps i Romjulsturneringa

Prim vann Brattvåg IL si tradisjonsrike Romjulstrurnering med 4-1 over Team Rekdal i finalen. Prim med Joakim Austnes i spissen var suverene i alle kampane bortsett frå mot Norborg (2-2), og fekk også turneringas toppscorarar med Joakim Austnes og Arnel Colic. Begge med 11 mål.

Norborg stilte med eit godt lag, men er meistarar i å vere ustabile og kom tomhende heim etter ekstremt mange personlege feil i sluttminutta av både semifinalen mot Team Rekdal (3-4) og bronsefinalen mot Brattvåg (2-4).

Norborg sine kampar:

Norborg - Skodje 4-1
1-0 Torbjørn Grytten (4)
2-0 Edward Laverton (9)
2-1 Eivind Erstad (9)
3-1 Kristoffer Søviknes (13)
4-1 Ole Johan Urke (14)

Ein kamp Norborg har full kontroll og vinn fortent mot "formsvake" Skodje.

Norborg - Fjørtoft 2-2
0-1 André Fjørtoft (7)
1-1 Kristoffer Søviknes (9)
1-2 Vebjørn Fjørtoft (11)
2-2 Torbjørn Grytten (14)

Tørvingane kjempa Norborg ut av stilen og var nær ved å ta alle poenga, men like før slutt redda grytastrandar og AaFK-spelar Torbjørn Grytten eit viktig poeng.

Norborg - Brattvåg jr. 6-0
1-0 Kristoffer Søviknes (12 sek.)
2-0 Elling Mikal Kalvø (10)
3-0 Kristian Søviknes (13)
4-0 Torbjørn Grytten (14)
5-0 Kristian Søviknes (14)
6-0 Kristian Søviknes (15)

Sidan målskilnad kunne bli avgjerande for å gå vidare trengte Norborg mange mål. Kristoffer Søviknes opna kontoen allereie 12 sekund ut i kampen, men så stoppa det opp for oransjetrøyene. Heile ti minutt tok det før 2-0 kom. Mot slutten kom dei likevel som perler på ei snor og Norborg kunne notere seg for 6-0 siger.

Norborg - Prim 2-2
0-1 Arnel Colic (3)
0-2 Joakim Austnes (11)
1-2 André Larsen (12)
2-2 André Larsen (15)

Norborg sin plan var å tape minst mogeleg mot suverene Prim. Det vart dermed ikkje noko særleg underhaldning for tilskodarane, men Norborg sin defensive taktikk lykkast og i sluttsekunda redda ein til og med eit poeng få bursdagsbarnet André Larsen sette inn sitt andre mål og 2-2. Prim vann dermed gruppa framfor Norborg og Fjørtoft.

Semifinale:
Norborg - Team Rekdal 3-4
0-1 Tommy Kanishi (1)
1-1 Kristoffer Søvines (3)
1-2 Frank Nakken (4)
1-3 Simon Tomren (8)
2-3 Kristoffer Søviknes (11)
3-3 Ole Johan Urke (12)
3-4 Tommy Kanishi (14)

Norborg greidde ikkje å halde oppe verken innsatsen eller konsentrasjonen som var så god mot Prim. Kjetil Rekdal sine menn leia 3-1 før Norborg starta å spele ball. Leiinga vart opphenta, men minuttet før slutt blir det gjort ein kostbar feil og Team Rekdal får eit enkelt mål. I sluttsekunda er kjem Norborg 3 mot 2 i angrep, men ballførar velge å skyte over i staden for å trille til spelarar i betre posisjon. Dermed gjekk Team Rekdal til finalen som så ofte før.

Bronsefinale:
Brattvåg - Norborg 4-2
0-1 Kristoffer Søviknes (22 sek.)
0-2 Kristoffer Søviknes (2)
1-2 Eirik Æsøy (5)
2-2 Hazhin Hassan (8)
3-2 Kristian Grønmyr (13)
4-2 Eirik Æsøy (14)

Norborg får ein pangstart, men sluttar så å spele fotball. Mot slutten er ein meir og meir oppteken av dommarane og Brattvåg vinn ein smule overraskande bronse.

Norborg sitt lag: Geir Roar Gamlem - Kristoffer Søviknes 7 mål, Torbjørn Grytten 3, Kristian Søviknes 3, André Larsen 2, Ole Johan Urke 2, Elling Mikal Kalvø 1, Edward Laverton 1 og Adrian Håbet.

Alle resultat finn du på mylivescore.
   

Dagmar gjorde skade i Uggedalen

I motsetnad til Sunnylven så slapp Norborg billeg unna møtet med Dagmar, men også i Uggedalen vart det gjort materielle skader. Ballfangernettet mellom 11'ar og 7'ar bana vart blåst ned, ballfangarnettet rundt stadion har fått enkelte hol og enkelte reklameskilt har fått skader.



Les mer: Dagmar gjorde skade i Uggedalen

   

Side 1 av 64

Neste kamp

Sesongen har ikkje starta

Kalender

29.01 20:00 Trening Herrer B
Hvor: Uggedal KGB

09.06 STX Intern fotball cup / Familiedag
Hvor:

09.06 10:00 STX Intern fotballcup
Hvor: Uggedalen Stadion

Sponsorer