REGELVERK FOR BRUK AV KLATREVEGG OG ANSVARSERKLÆRING
All klatring i klatreveggen/ buldreveggen skjer på eige ansvar.
Når du oppheld deg ved klatre-/ buldreveggen er det ditt ansvar at du ikkje vert treft av ein fallande
klatrar, og at du ikkje uroar sikrar ved tauklatring.
Alle som på eigahand skal sikre under tauklatring, skal ha NKF sitt Bratt-/ ledkort, ev. topptaukort (for
å klatre er det ikkje krav til kort).
Er du under 16 år har du kun annleiing til å sikre andre med sikringskort (brattkort). Barn opp til 13 år
skal vere i følge med, og under oppsyn av vaksne.
Innehavarar av brattkort over 18 år kan rettleie andre i sikring. Rettleiaren er då ansvarleg for
sikringa og skal stå på bakken og ha kontroll med (halde i) sikringsenden av tauet.
Alle som låner utstyr av Norborg Fleirbrukshall er ansvarlege for orden i utstyret. Tau skal kveilast
skikkeleg opp og alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk.
Ser du manglar, skader eller feil med utstyr i bruk eller i veggen, skal du melde frå til Norborg
Fleirbrukshall.
Ser du feil bruk av utstyr, uvøren sikring eller klatring, pliktar du å melde frå til vedkommande. Ved
alvorlege overtramp, meld frå til Norbog Fleirbrukshall.
Alle som klatrar i veggen er sjølve ansvarlege for at utstyret dei brukar (sele, tau, taubrems,
skrukarabin) er godkjent og i god stand. Alt utstyr som brukast i veggen skal være godkjent av UIAA
(CE-godkjenning).
Vi forventar at alle som skal benytte klatreveggen er kjend med, og følgjer, Klatrevettplakaten. Alltid
gjere kameratsjekk, ha god kommunikasjon og alltid ha kontroll med (tak i) sikringsenden av tauet.
Norborg flerbrukshall sine instruktørar har rett til å inndra sikringskort om det ikkje vert sikra på
forsvarleg vis.
Norborg Fleirbrukshall forpliktar seg til å halde veggen (klatretak, mellomforankringar og
topptaufeste), samt tau og anna utstyr vi står for, i god og sikker stand.