Torgeir Garshol, Øyvind Sundnes og Henrik Reite Hansen hadde alt riktig i vår tippekonkurranse. Torgeir vann loddtrekninga og kan vente seg ein premie. Vi gratulerer!
Torgeir Garshol, Øyvind Sundnes og Henrik Reite Hansen hadde alt riktig i vår tippekonkurranse. Torgeir vann loddtrekninga og kan vente seg ein premie. Vi gratulerer!
Norborg/Brattvåg/Harøy vann søndag kveld 4-1 over Blindheim og avanserte til 4. plass på tabellen. NBH leverte ein forrykande 1. omgang og leia 4-0 etter mål av Magnus Austbø Seth, Per Kristian Grytten Søvik, Adrian Bjørlykke og eit sjølvmål. Blindheim si redusering kom heilt på tampen av kampen ved Marcel Stokkeholm.
Norborg sitt 7-er lag spelte sin første kamp for hausten og måtte sjå seg slått med 1-6 av HaNo.
Lars Rimereit (Eidsdal IL) vann tidenes første utgåve av Veten Opp med tida 35 min og 4 sekund. Han var med det 4 minutt og 50 sekund framfor Joachim Olsvik (39.54). Grytastrandaren Stian Driveklepp tok 3. plassen med tida 40.08.
I dameklassa vann Tonje Brande (Ålesund) med tida 44.18. Nina Kristin Øie Farstad frå Vatne tok 2. plassen med tida 51.10, medan Ida Lovise Reite (55.48) frå Langevåg kom på 3. plass.
Totalt deltok 10 damer og 26 menn i løpet. På den vanlege Vetedagen var det 165 registrerte på toppen. Bileter finn du på Norborg Trimgruppe på Facebook.

Den årlege turen til Gamlemsveten blir haldt søndag 2. september med registrering på toppen mellom kl. 12 og 14. I tillegg til den vanlege turen opp så blir det halde konkurransen “Veten Opp” med start på Søvik badestrand (småbåthavna) kl. 1130. Oppmøte kl. 11 for registrering og utdeling av startnummer. Fredag kveld var det 29 påmeldte til denne konkurransen.
Det blir som vanleg quizpostar, hesteskokasting og kiosk på toppen.
Ta turen då vel!

Norborg/Brattvåg2 tok sin fjerde strake siger då Volda2 vart sendt heim med 7-1 i sekken. Gjestane tok leiinga, men så vakna heimelaget og punkterte i realiteten kampen då Per-Stian Alvestad sette inn 5-1 målet i det 34. minutt. Norborg/BIL2 dominerte stort og kunne med litt meir presisjon ha vunne med større siffer.
Les meir..
Andre resultat:
Herd2 – Blindheim 0-1
Stranda – Ellingsøy 6-1
Hovdebygda – Skodje 3-3
Langevåg – Sæbø 3-1
Fjørtoft – Guard (Bortelaget trakk seg frå kampen)
Tabell
Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kveld imot Volda2 på Uggedal stadion. Volda2 er eitt av to lag som har vunne over Norborg denne sesongen, så her håper vi gutta er på skikkeleg revansjejakt. Frå sist veke vil Kristoffer Søviknes mangle grunna Elling Mikal Kalvø sitt bryllaup. Heller ikkje Thomas Aarsund er med ettersom han fekk føling med ein lyskestrekk i sist kamp. Desse to blir erstatta av Lars Mikalsen og Vegard Ulvestad Sætre.
Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Martin Solheim (Spjelkavik) og Per-Inia Brekke (Hareid)

Norborg/Brattvåg/Harøy trøbla litt i vårsesongen, men i kveld slo laget verkeleg til og slo serieleiar Hødd med 0-2 i Ulsteinvik. Anders Finnøy og Per Kristian Grytten Søvik scora måla for dei oransje. Dermed har det blitt fire poeng på dei to første haustkampane. Norborg J13 var også i Ulsteinvik og slo til med årets første siger då dei vann 3-4.
Tabell G19
Tabell J13
Breddepodden har teke ut fire spelarar frå Norborg/Brattvåg2 då dei presenterte sitt drømmelag frå vårens 5. divisjon. Både keeper Joakim Kjærstad, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal og Magnus Austbø Seth er med.

Æresmedlem i Norborg, Helge Sigurd Uggedal, vart sist måndag 70 år ung. I det høve fekk han før kampen på torsdag overrekt blomar av sportsleg leiar Kristoffer Søviknes. Helge har vore medlem av IL Norborg sidan starten av 1962, medlem nr. 2, syns vi å huske han sa for nokre år sidan, og vart i 2002 æresmedlem. For utan å ha spelt 233 A-kampar, har han hatt fleire styreverv, dømd hundrevis av kampar, vore trenar, speaker, revisor, og er den dag i dag aktiv som kampvert på A-laget sine heimekampar. Alltid engasjert, alltid med glimt i auget og eit smil aldri langt unna. Vi takkar for ditt stadige engasjement i Norborg og alltid gode diskusjonar. Gratulerer med overstått dag!
28. mai 2015 vart Tarjei Gjerset Urkedal tidenes målscorar i Norborg då han sette inn sitt 214. mål, men i antall seriemål har han vore bak Kim Idar Krogsethagen (134 seriemål / 213 totalt). Dei fleste trudde nok også at Tarjei si tid som storscorar var forbi sidan det berre vart eitt seriemål i 2016 og ingen i fjor. Men, i løpet av dei siste kampane har tømraren og bondesonen frå Gjerset verkeleg satt inn støtet. På dei siste fire kampane har han scora sitt 132. (mot Stranda), 133. (mot Guard), 134. (mot Herd2), og i det 58. minutt mot Sæbø klinka han inn sitt 135. seriemål på heil volley og tronar åleine på topp som tidenes målscorar for Norborg også i serien.
Les meir