Nyheiter

Koch dobbel redda poeng mot Rollon

Martin Koch vart dagens helt då han redda eitt poeng for Norborg/Brattvåg2 då han satte inn 2-2 fire minutt før slutt. Koch var også spelaren som gjorde 1-0, men tre svake minutt midtvegs i 1. omgang førte til at Rollon snudde kampen ved Marius Myking Waagan og straffemål av Adrian Blindheim. Rollon hadde sine sjansar i opningskvarteret av 2. omgang til å auke leiinga si, men avslutningane traff ikkje innanfor stolpane. På slutten satte heimelaget inn ein sluttspurt og var nær ved å behalde alle poenga. Poengdeling var likevel det mest rettvise.
Kampreferat

Heimekamp mot Rollon fredag kl. 1830

Fredag er det klart for 4. divisjonskamp i Uggedalen då Rollon er gjestar. Både Norborg/Brattvåg2 og Rollon står med 7 poeng på dei 4 første kampane. Kven som fortsatt vil halde følge med tetstriden finn du ut ved å møte opp på Uggedal stadion kl. 1830. Vél møtt!

Sigra over SIF/Hessa i jubileumskampen


Norborg/Brattvåg2 slo tilbake etter nedturen mot Blindheim sist veke og vann 1-2 borte mot SIF/Hessa i det som var Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Det starta likevel ikkje så bra for oransjetrøyene. Etter at begge lag hadde hatt sine forsøk i opningsminutta gjorde Mathias Sandø 1-0 for heimelaget eit kvarter ut i kampen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og la flatt inn til Sandø som putta frå kloss hald. Omgangen var jamn og kunne med marginar sett fleire mål enn det eine som kom. Heimelaget opna best etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram det beste i seg og hindra mål. I staden er det Anders Toven som header inn utlikna etter corner av Martin Fylling Koch. Norborg er no på hogget og nokre minutt seinare peikar dommar på straffemerket etter at ein SIF-spelar handsar i straffefeltet. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i mål. Begge lag hadde sine sjansar den siste halvtimen, men fleire mål vart det ikkje. Dermed tre herlege poeng heim til Haramshalvøya. Trenar Marius Rogne var sjølvsagt ein glad mann etter kampen: – Godt å slå tilbake med tre poeng. Vi er ikkje strukturert nok i 1.omgang sjølv om vi skaper nokre gode sjansar. Vi finn tilbake til vår “fighting spirit” utover i kampen og kjempa inn sigeren. Så er det berre å takke vår bestemann Ronald Olsen for at han gjer det mogeleg for oss å ta sigeren. Heia Norborg, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Kampreferat.

Seriekamp nummer 1000!

Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Siffen for å møte 4. divisjons topplag Skarbøvik/Hessa. Dette er Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Oransjetrøyene får frå sist tilbake Ronald Søvik Olsen og Tobias Flem Hellem frå skade, medan Ivan Håvik Berntsen er tilbake frå sjøen.

Kampstart kl. 1830.

Skuffande av Norborg/Brattvåg2

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 1-4 av Blindheim på Uggedal KGB torsdag kveld. Gjestane gjekk aggresivt til verks og nedkjempa vertane frå første sekund. Etter først å ha sett eit skot gå i stolpen og så bli snytt for straffe lykkast Johannes Tjøstheim å få ballen i mål for dei kvite og svarte når eit drygt kvarter var spelt. Alexander Lillebø raga høgast på ein corner like før halvtimen og dobla leiinga før Peter Frostad utnytta nølande spel og la på til 0-3 like før pause. Oransjetrøyene løfta seg etter pause og reduserte ved Ådne Hellandsvik, men håpet vart kortvarig for to minutt seinare sette Stian Skaar inn 1-4. Norborg hadde nokre gode sjansar den siste halvtimen, men kom ikkje nærmare enn Hellandsvik sitt skot i tverra fem minutt før slutt. Dermed var årets første tap eit faktum.
Kampreferat.

Vann over Skodje

Brattvåg/Norborg sitt damelag vann 6-3 over Skodje på Uggedal KGB måndag ettermiddag. Fride Lianes ga heimelaget leiinga, men Skodje snudde til 1-2 med to raske like før pause. I 2. omgang fungerte alt mykje betre for Brattvåg/Norborg og mål av Vibecke Krogsæter, Zascha Clausen og Emma Sofie Kvammen sørga for 4-2 leiing før Skodje reduserte på straffe. Anne Margrethe Staurset og Sunniva Johansen sørga for ein komfortabel 6-3 siger.

Brattvåg/Norborg J17 spelte også kamp måndag. Her vart det 4-3 siger borte mot Aksla/Guard. Lisa Alvestad Mikalsen scora 3 mål og Emilia Zlotnicka 1.

Brattvåg/Ravn/Norborg G16 vann tysdag kveld 5-2 borte mot Ørskog/Stordal.

Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17

For første gong sidan 2011 blir det spelt fotballkamp for damer i Uggedalen. Brattvåg og Norborg slo seg i vinter saman og meldte på eit lag i 4. divisjon. Laget vann serieopninga med 7-0 borte mot Vigra og er favorittar når ein møter Skodje på Uggedal KGB måndag kl. 17.

Kochelerte seg til topps!


Norborg/Brattvåg2 og Martin Fylling Koch fann til slutt sigersoppskrifta og vann heile 5-1 over Emblem i kveldens 4. divisjonsoppgjer i Uggedalen. Etter ein særs keisam og mållaus 1. omgang vakna kampen verkeleg til liv etter pause. Emblem starta omgangen med å få straffe før 30 sekund var spelt. Daniel Stensøe sette den sikkert i nota til 0-1. Heimelaget tok så gradvis over banespelet og med to raske mål snudde Martin Fylling Koch kampen. Raskt gjekk det også for Emblem å sikre seg to raude tjue minutt før slutt. Med 9 mot 11 vart det sjølvsagt tøft for gjestane, men i minutta etter utvisningane yppa dei seg og vart snytt for straffe eit kvarter før slutt. Norborg fekk til slutt orden i rekkene og etter at ein Emblem spelar styrte eit innlegg frå Martin Koch i eige mål, var det ingen tvil kvar alle poenga skulle gå. Eirik Vågnes gjorde 4-1 etter innlegg frå Koch, før Koch sjølv sette inn sitt tredje etter eit 50 meters løp. Dermed 5-1 og tabelltopp fram til resten av runda blir spelt fredag.
Kampreferat

Heimekamp mot Emblem torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Emblem på Uggedal kunstgras. Begge lag leverte ei god serieopning. Norborg med poeng i Fosnavågen, medan Emblem knuste Larsnes/Gursken/Gjerdsvika med 5-1, og topper dermed 4. divisjon. Kampen kan sjåast på smp.no, men vi håper du tek turen og lagar stemning på tribuna.

Hendelser i mai 2022

mandag tirsdag onsdag torsdag fredag lørdag søndag
25. april 2022 26. april 2022 27. april 2022 28. april 2022 29. april 2022 30. april 2022 1. mai 2022
2. mai 2022 3. mai 2022 4. mai 2022 5. mai 2022 6. mai 2022 7. mai 2022 8. mai 2022
9. mai 2022 10. mai 2022 11. mai 2022 12. mai 2022 13. mai 2022 14. mai 2022 15. mai 2022
16. mai 2022 17. mai 2022 18. mai 2022 19. mai 2022 20. mai 2022 21. mai 2022 22. mai 2022
23. mai 2022 24. mai 2022 25. mai 2022 26. mai 2022 27. mai 2022 28. mai 2022 29. mai 2022
30. mai 2022 31. mai 2022 1. juni 2022 2. juni 2022 3. juni 2022 4. juni 2022 5. juni 2022

Instagram

Instagram has returned invalid data.

Følg oss!

Sponsorar: