Tabellkonkurranse 4. divisjon

No kan du tippe sluttabellen i 4. divisjon og ha sjansen til å vinne premie. Sett opp ditt tips i skjemaet nedanfor med å trykke på rullgardina og velge lag for kvar plass, fyll inn namn og e-post, og trykk send innan torsdag 25. april kl. 17. Det blir gitt 3 poeng for riktig plassert lag og 1 poeng for lag som er plassert ein plass unna. Lag som er dobbeltplassert blir fjerna. Maks. 1 tabelltips pr. person. Vi kjem til å offentleggjere dei tre som ligg best an etter kvar serierunde, men ta det med ro, vi skal ikkje syne kven som ligg blant dei siste. Så her er det berre å slenge inn eit tips. Lykke til.

Vinnar av tabellkonkurransen får pledd og førstehjelpspute frå Røde Kors, samt Norborg-effekt.