|
Brattvåg til
topps i dameklassa!
For første gong i historia vart det arrangert Øyacup for damelag. Fordi
ikkje alle laga greie å stille med 11'ar lag vart det spelt 7'ar i staden.
Til topps gjekk Brattvåg etter å ha slått HaNo 1-0 i finalen. Norborg
sitt lag unngjekk sisteplassen etter å ha slått Harøy
på straffesparkkonkurranse.
Norborg spelte i gruppe med Fjørtoft og Brattvåg og stilte med denne troppen:
Silje Nogva, Terese Brusdal, Inger Ann Søvik, Henriette Johannessen, Linda
Holmeset, Kine Æsøy Kvammen, Camilla Krogsethagen, Anne Marthe Søviknes
og Frida Ahrens.
Jekyll & Hyde fotball
Norborg - Fjørtoft 2-8 (2-1)
1-1 Kine Æsøy Kvammen
2-1 Frida Ahrens
Fjørtoft tok tidleg leiinga i kampen, men så vakna Norborg å scora to
mål før pause ved Kine Æsøy Kvammen og Frida Ahrens. Norborg gjorde ein
god omgang og leia fortent. Etter pause fekk vi sjå eit heiltent Fjørtoft-lag
som pressa Norborg tilbake på bana. Etter å ha produsert fleire store
sjansar utan utteljing starta dei å score på alt. Måla rann inn og Norborg
sine damer ønskte seg nok langt vekk. 7 mål på under 25 minutt skorte
Fjørtoft sine damer. Flautt, meinte Norborgdamene.
Bra innsats mot vinnarane
Norborg - Brattvåg 1-3 (0-2)
1-2 Camilla Krogsethagen
Brattvåg tok tidleg leiinga i kampen og produserte fleire sjansar men
dei skulle berre få eitt til før pause. Etter kvilen tok Norborg over
spelet og Camilla Krogsethagen reduserte til 1-2. Norborg pressa på for
å få utlikninga, men den kom aldri. I staden tok Brattvåg over spelet
igjen og like før slutt auka dei leiinga til 3-1. Dermed vart det jumbofinale
på Norborg sitt damelag.
Siger på straffer i jumbofinalen
Norborg - Harøy 2-2 (1-0), 3-2 på straffer
1-0 Camilla Krogsethagen
1-1 Monika Fitje
1-2 Monika Fitje
2-2 Camilla Krogsethagen
Norborg spelte ein god 1. omgang og leia fortent 1-0 til pause etter mål
av Camilla Krogsethagen. Etter pause tok Harøy over kampen å scora to
gongar. Det heile såg ut til å ende med tap for Norborg, men like før
full tid kom Camilla Krogsethagen seg forbi Harøy sitt forsvar og scora
sikkert. Dermed 2-2, og kampen gjekk til straffesparkkonkurranse. Linda
Holmeset, Camilla Krogsethagen og Silje Nogva sette sine straffer sikkert
i mål, og sidan Harøy bomma på eitt av sine tre forsøk vart det 5. plass
på Norborg.
Bronsefinale: Lepsøy - Fjørtoft 1-0
Finale: HaNo - Brattvåg 0-1
Mål: Rita Nogva
Turneringa sin toppscorar: Rita Nogva (Brattvåg) og Julie Longva
(HaNo). Begge med 6 mål.
Turneringa sin beste spelar (kåra av arrangørane): Elisabeth
Longva (HaNo)
Bileter
|