Norborg til topps i Øyacup!

Årets Øyacup vart spelt i strålande ver på Nordøy stadion i helga, og arrangør HaNo kan seie seg godt nøgde med arrangementet. På bana var det likevel Norborg som imponerte mest, og for første gong i historia gjekk til laget topps i turneringa.

Mange av Norborg sine spelarar reiste ut til Longva allereie på fredagskvelden for å dyrke det sosiale før møtet med Brattvåg og Fjørtoft på laurdag. Resten av troppen, som totalt var på 15 mann kom laurdagsmorgon.

Norborg sin tropp: Kurt Erik Grytten, Steffen Grytten, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Stig Wold, Roger Grytten, Asgeir Kavlø, Kristian Søviknes, Eirik York, Geir Ove Tennfjord, Tarjei Urkedal, Kristian Furnes, Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli og Christopher Urkedal.

Solid innsats mot Brattvåg

Norborg - Brattvåg 4-2 (2-0)
1-0 Geir Ove Grønli (str.)
2-0 Kim Idar Krogsethagen
3-0 Kim Idar Krogsethagen
4-0 Kim Idar Krogsethagen
4-1 Kjartan Myklebust
4-2 Kjartan Myklebust

Norborgs beste: Kim Idar Krogsethagen

Dette var kampen Norborg over alt ønska å vinne, og det kom raskt til syne utpå bana. Eit aggressivt og løpsvillig Norborg-lag tok kommandoen frå start. Omtrent 6-7 minutt ut i kampen spelte Norborg seg fint opp ute på høgrekanten og Brattvåg måtte bruke ulovlege midlar for å stoppe Tarjei Urkedal si ferd mot mål. Dommeren blåste for straffe og den sette den sikre straffeeksekutøren Geir Ove Grønli i mål. Norborg fortsette presset, og fekk 2-0 før pause. Målet kom på ein elegant lobb over keeper Espen Wold av Kim Idar Krogsethagen.

I 2. omgang fortsette Norborg å vinne duellane mot eit tamt Brattvåg-lag, og spissane Kim Idar Krogsethagen og Geir Ove Grønli var ein konstant trussel mot Brattvåg sitt forsvar. Og det tok ikkje lange tida før Kim Idar Krogsethagen dunka ballen i mål frå over 25 meter. Skotet gjekk i ei fin boge over keeper Wold og i mål. Like etter var det klart for 4-0. Nok ein gong er det Kim Idar. Han kjem seg fri frå forsvaret å sette ballen mellom beina på keeper og i mål. Etter dette slappa Norborg meir av og bytta nokre spelarar. Dette førte til at Brattvåg fekk redusere to gangar ved Kjartan Myklebust.

Full kontroll mot Fjørtoft

Norborg - Fjørtoft 2-1 (1-0)
1-0 Christopher Urkedal
1-1 Per Willy Otterlei
2-1 Kim Idar Krogsethagen

Norborgs beste: Morten Kalvø

Norborg ville gå vidare med uavgjort i denne kampen og hadde full kontroll kampen igjennom. Christopher Urkedal ga Norborg leiinga til pause med ein fin lobb over keeper. Litt ut i 2. omgang får Fjørtoft corner. Hjørnesparket treff ein umarkert Per Willy Otterlei og går i mål. Etter utlikninga skrur Norborg opp tempoet for ei lita periode og får også 2-1 målet. Målet vart scora av Kim Idar Krogsethagen. Han vippa ballen over ein Fjørtoftforsvarar å klinka ballen i mål med venstrefoten frå over 20 meter hald. Etter målet slakka Norborg igjen av på tempoet og kampen ebba ut med 2-1. Dermed kunne Norborg juble over sin 2. finale på 3 år.

Endeleg ein finalesiger!

HaNo - Norborg 0-2 (0-2)
0-1 Kim Idar Krogsethagen (4)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (16)

Laget: Kurt Erik Grytten - Steffen Grytten, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stig Wold - Kristian Søviknes, Eirik York, Geir Ove Tennfjord, Tarjei Urkedal - Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli
Benytta reserver: Christopher Urkedal, Asgeir Kalvø og Kristian Furnes.

BB: Kurt Erik Grytten (Norborg)

Norborg starta kampen bra og brukte berre 4 minutt på å ta leiinga. Målet kom på eit langt oppspel frå Morten Kalvø, som Geir Ove Grønli stussa vidare til Kim Idar Krogsethagen som elegant lobbar over Jan Arve Storås i HaNo-målet. Dei neste minutta er nokolunde jamspelt. HaNo kjem seg til nokre sjansar men ein overraskande opplagt Kurt Erik Grytten i Norborg-målet hindrar mål. Så 16 minutt ut i kampen får Norborg corner. Ballen landar hos Kim Idar som dunkar ballen i mål frå 5 meter. Etter dette starta HaNo å ta meir og meir over kampen, men Norborg haldt unna til pause.

Etter pause var det total einvegskjøring frå heimelaget. Norborg kom seg knapt nok over midtbana og HaNo skapte sjanse på sjanse. Men avslutningane gjekk enten over mål, til side, i stolpane, eller på ein utruleg god Kurt Erik Grytten. Han var både høgt og lavt, og dreiv HaNo-spelarane til vanvit. Og etter at dommar Norby endeleg blåste av etter 5 minutt tillegg kunne Norborg juble for sin første Øyacup siger nokon sinne. Medan HaNo kunne deppe for sitt 3. strake tap mot Norborg.

Resultater:

Gruppe 1:

HaNo

2 2-0-0

5-0 6

Lepsøy

2 1-0-1

4-4 3

Harøy

2 0-0-2

2-7 0


HaNo-Harøy 3-0
Lepsøy-HaNo 0-2
Harøy-Lepsøy 2-4

Gruppe 2:

Norborg

2 2-0-0

6-3 6

Fjørtoft

2 1-0-1

3-2 3

Brattvåg

2 0-0-2

2-6 0

Norborg-Brattvåg 4-2
Fjørtoft-Brattvåg 2-0
Norborg-Førtoft 2-1

Plasseringskampar:

Jumbofinale: Brattvåg-Harøy 7-2

Bronsefinale: Lepsøy-Fjørtoft 2-1

Finale: HaNo-Norborg 0-2

Turneringa sin toppscorar: Kim Idar Krogsethagen (Norborg) 6 mål
Turneringa sin beste spelar (kåra av arrangørane): Geir Ove Grønli (Norborg)

Bileter