Torbjørn Volstad El. Inst.

Norborg mot 4. divisjon?

Å vurdere 5. divisjon er ingen enkel jobb. Her er mange samarbeidslag, kven har fått nye spelarar, kven slit med liten stall osv., men oss prøva likevel å gi ein liten peikepinn på korleis tabellen vil sjå ut ved sesongslutt.

Tetkvartetten:

Norborg

Plassering 2001:
3. plass
Heime (2001):
7-1-2 36-16
Borte (2001):
5-3-2 29-15
Toppskårar (2001):
Kenneth Gamlem, 17 mål
Nye spelarar:
Kristian Søviknes, Jan Vatnehol (begge frå Brattvåg) og Gustavo Pedeira (Brasil) Avgang: Ingen, men Kenneth Gamlem vil vere mykje vekke
Målsetting 2002:
Opprykk

Norborg kjempa lenge om opprykk i fjor, men Skarbøvik 2.lag og Valder vart til slutt for sterke, og tok dei to opprykksplassane. Norborg har før sesongen styrkja stallen med Gustavo Pedeira, Kristian Søviknes og Jan Vatnehol. Kristian har jo tidlegare slitt ut mange par sko i Norborg før han for til Brattvåg, medan Jan har spelt for Ravn og Brattvåg. Gustavo derimot kjem frå Brasil og er ikkje særleg vant med den disiplinerte 11'ar fotballen som Norborg driv. Norborg har også 2-3 andre spelarar på blokka som kan dukke opp uti sesongen.

Det var før sesongen ein del turbulens rundt Kim Idar Krogsethagen. Han meldte først overgang til Brattvåg, for så å kome tilbake. Heldigvis vart han verande i klubben, for no i vår vart det klart at toppskårar Kenneth Gamlem misser store delar av sesongen på grunn av arbeid i utlandet. Dessutan er støttespelar Roger Grytten også ute store delar av sesongen på grunn av skade.

Norborg si sterkaste side er den store stallen. 16-18 spelarar held bra 5. divisjonsnivå, problemet er at det er få angriparar i klubben etter at Kenneth reiste, samstundes som Øyvind Kvammen er skada i begge knea.

Laget er ein sammensveisa og fin gjeng, som trass sine unge år har opplevd både mykje motgang og medgang. Så dersom Norborg greier å nullstille seg etter kvar kamp, og held motivasjonen og konsentrasjonen oppe, blir det vanskeleg å forhindre eit opprykk. Vi trur og håper at Norborg tek steget opp i 4. divisjon. Spelarar og supporterar fortener det.

Herd/Spjelkavik 2.lag

Plassering 2001: 5. plass
Heime: 6-1-3 41-31
Borte: 4-0-6 24-47
Toppskårar: S.V. Langeland, 10 mål
Siste møte: 10-1 til Norborg, hausten-01
Trenar: Svein Slinning og Robert Vestre har ansvaret for Spjelkavik
Nye spelarar: Tommy Thorsvik (Sykkylven), Torgeir Fredly (KFK), Krister Omenås (AaFK)
Avgang: Bjørn Brungot (studiar), Tore Nogva (slutta), Geir A. Kirkholm (Valder)

Sjølv om Norborg vann 16-1 på to kampar over dette laget i fjor, har vi ingen grunn til å undervurdere dei. Laget har mange gode offensive kvalitetar, men taktiske disposisjonar fanst ikkje i fjor. Laget er mogeleg betre i år, sidan dei unge spelarane har fått eit år på seg og Norborgdødaren! Svein Slinning har tatt over roret i Spjelkavik. Slinning vil at 6-7 spelarar i a-troppen til Spjelkavik skal vere med dette 5. divisjonslaget til kvar kamp. Dersom dei greier å oppfølgje dette ønsket vil vi sjå eit jamnare og betre lag denne sesongen. I fjor varierte resultata kraftig. Vi trur dette tek slutt, og at Herd/SIL2 blir å finne heilt i toppen i år.

Tjørvåg

Plassering 2001: 1. plass i 6. divisjon avd. 2
Siste møte: 4-3 til Norborg, vinteren-02
Nye spelarar: Bjørge Worren,Torbjørn Worren (begge Hareid) og Vebjørn Sjåstad (Larsnes)
Avgang: Martin O. Torvik og Frank O. Frøystadvåg (begge har lagt opp)
Målsetting 2002: Etablere seg i divisjonen (øvre halvdel)
Trenar: Bjørge Worren

Tjørvåg vann si avdeling i fjor, og blir eit vanskeleg lag å slå på grunn av si ekstremt målfarlege angrepsrekke danna av Preben Hestad og Bjørge Worren. Bak desse består laget av jamt brukbare spelarar. Tjørvåg har slitt litt i treningskampane, mykje på grunn av at ein ikkje har kunne stilt samme lag to kampar på rad. Dette på grunn av skader og sjukdom. Laget har som målsetting å etablere seg i divisjonen. Det trur vi laget i frå ytre søre skal greie lett. Laget kjem nok til å kjempe blant dei beste dersom Preben Hestad held seg skadefri.

Mauseidvåg & Solevåg/Langevåg 2.lag

Plassering 2001: 9. plass
Heime: 4-1-5 33-32
Borte: 2-1-7 21-32
Toppskårar: K.O.Knutsen, 10 mål
Siste møte: 4-1 til Norborg, hausten-01
Nye spelarar: Kent Robert Sørheller, Erlend Sunde, Yngve Hjertø (alle frå Langevåg A)
Avgang: Marius Fylling (skule)
Trenar: André Fylling (frå Langevåg, spelande trenar?)

MSIL/LIL2 kjem nok til å gjere ein sterkare innsats i år enn i fjor. Laget har gjort det brukbart i treningskampane. Mange på Langevåg ville ikkje vere med opp til 2. divisjon. Dei har difor gått til MSIL/LIL2 og Fiskarstrand. Ex. Norborgspelar Geir Roar Gamlem sitt lag kjem truleg til å kjempe i toppen denne sesongen.

Midtsjiktet

Austefjord/Volda 2.lag

Plassering 2001:
6. plass
Heime:
6-1-3 25-17
Borte:
3-2-5 16-30
Toppskårar:
P.T.Måen, 9 mål
Siste møte:
1-0 til Norborg, hausten-01

AV2 har eit fysisk sterkt lag, men dei er dårlege føre mål. AV2 gjorde ein brukbar sesong i fjor, og sidan Volda har ein breiare stall i år enn i fjor, får sannsynlegvis 5. divisjonslaget med seg fleire spelarar derifrå. Heime på den tronge grusbana vil AV2 heilt klart ta mange poeng, men er laget godt nok på bortebane til å henge med i toppen?

Blindheim/Emblem

Plassering 2001: 8. plass
Heime: 5-1-4 28-27
Borte: 2-1-7 26-34
Toppskårar: T.Ottersen, 18 mål
Siste møte: 1-1, vinteren-02

Blindheim/Emblem kjem nok til å by mange lag på problem, men oss tvilar på stabiliteten til dette laget. Har nokre gode spelarar i Terje Ottersen og Lars Andreas Vegsund, men er for avhengige av desse til å kunne blande seg heilt i toppen. Laget gjorde det ganske bra i vinterserien med uavgjort mot Norborg og siger over Tjørvåg, men så kom nedturen med 1-1 mot Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal. Midtsjiktet for Blindheim/Emblem.

Åheim

Plassering 2001: 7. plass
Heime: 4-1-5 24-19
Borte: 4-1-5 19-33
Toppskårar: M.Svoren, 10 mål
Siste møte: 2-2, hausten-01

Åheim var det einaste laget Norborg ikkje greidde å vinne over i fjor. Laget hadde ein utrulig flaks i begge kampane, og det kan jo ikkje vare evig. Det positive med Åheim er at laget var like bra heime som borte. Dette førte til at dei kom omtrent midt på tabellen. Tek ein del poeng heime fordi motstandaren er sliten etter ei lang reise. Laget har dessutan Sunnmøre sin mest ivrige supporter. Han bør opplevast!

Botnstriden:

Stranda 2. lag

Plassering 2001: 1. plass i 6. divisjon avd. 1
Siste møte: 2-1 til Norborg, hausten-00

Stranda 2. lag har lenge vore i toppen av 6. divisjon, men greidde ikkje å rykke opp før i fjor. Sidan dei er eit 2. lag kan vi vente oss ujamne resultat. Det er det som er problemet med å ha reine 2. lag i serien. Ein veit aldri kva ein møter. Kanskje får vi Bjarne Solbakken til Søvikdalen? Stranda sitt førstelag i 3. divisjon er svekkja, så det spørst om 2. laget har det som skal til for å overleve. Det må iallfall skje på heimebane.

Larsnes

Plassering 2001: 4. plass
Heime: 6-0-4 24-22
Borte: 5-2-3 24-21
Toppskårar (2001): A.Johansen, 16 mål
Siste møte: 5-1 til Norborg, hausten-01
Nye spelarar: To gutespelarar er teken opp frå Sandelaget, og vil vere med av og til
Avgang: Edvard Inge Rekdal, Torbjørn Hånes, og i tillegg har ikkje Aadne Sandanger vore med i vinter på grunn av husbygging.
Målsetting 2002: Ståplass

Larsnes gjorde ein veldig bra vårsesong i fjorårets 5. divisjon, men på hausten sleit laget tungt og vart etterkvart utan sjanse på opprykk. Laget er avhengig av at Asle Johansen og Aadne Sandanger lykkast framfor mål. Desse to kraftkarane kan gi mange forsvar bryderi, men Sandanger har ikkje fått trent i vinter, så det spørst korleis forma er på vårparten. Larsnes er inne i eit generasjonsskifte, og slit med ein liten stall der dei etablerte spelarane er dårleg trent. Vi tvilar på at Larsnes kjem til å dominere denne sesongen, men ein ståplass kan vere innan rekkevidde. Dårlege resultat i treningskampane.

Gursken

Plassering 2001: 10. plass
Heime: 3-1-6 24-23
Borte: 3-0-7 24-35
Toppskårar: A.Vågen, 9 mål
Siste møte: 4-1 til Norborg, sommaren-01
Avgang: Magnus Myklebust (Hødd)

Laget må stadig gje frå seg talent til Hødd, og vi tvilar at laget vil gjere det betre enn i fjor. Før denne sesongen var det unge Magnus Myklebust som tok turen til Ulsteinvik. Han skåra 7 mål i fjor og vil bli sakna. Jan Åge Fjørtoft sin favorittklubb kjem til å kjempe hardt for å unngå nedrykk.

tilbake | skriv innlegg