Strålande innsats av Norborg3
- vidare til sluttspelet med full pott


Det var knytt stor spenning til om Norborg gjorde rett i å toppe 3. laget sitt under helgas innleiande spel i Rica Parkett Cup. Laget famla litt i starten i første kamp mot Vigra, men etterkvart så gjekk det alldeles strålande med solid innsats frå samtlege spelarar.

Norborg3-Vigra 5-2
1-1 Tarjei Urkedal (5)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (12)
3-1 Eirik York (13)
4-2 Adrian Håbet (28)
5-2 Tarjei Urkedal (29)

Vigra tok leiinga i denne kampen ved Rune Akslen, men Norborg kom seg raskt til hektene og var oppe i 3-1 leiing før samme Akslen fekk redusere på straffe. Dette var for øvreg Akslen sitt 4. straffemål på Norborg i år. Norborg produserte mange store sjansar, men hadde proble med effektiviteten. Men i sluttminutta vart endeleg sjansane omsatt i mål, og ein kunne juble for tre poeng mot hardtarbeidande vigringar.

HaNo-Norborg3 3-4
0-1 Tarjei Urkedal (13)
0-2 Stein Erik Reitan (14)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (25)
3-4 Edward Laverton (29)

Norborg opna famlande mot sine naboar frå Nordøyane, men med to raske mål omtrent midtvegs i kampen såg dette ut til å gå vegen. 2-0 målet vart for øvreg scora av Stein Erik Reitan! Men HaNo gir seg aldri, og to mål på eitt minutt av Stian A. Haram sørga for balanse i målprotokollen etter sløvt forsvarsspel av oransjetrøyene. Gleda varte likevel ikkje lenge for HaNo. Fire minutt seinare sørga Kim Idar Krogsethagen for ny Norborg-leiing. Men så klinka HaNo-keeper Håkon Sæterøy inn ny utlikning for blåtrøyene. Med knappe 3 minutt igjen å spele såg det ut til å gå mot uavgjort, men då dukka Edward Laverton opp framfor mål å sette inn sitt første mål for dagen. 4-3, og Norborg på god veg mot sluttspelet.

Rollon-Norborg3 4-8
0-1 Kim Idar Krogsethagen (1)
0-2 Tarjei Urkedal (2)
0-3 Kim Idar Krogsethagen (3)
0-4 Tarjei Urkedal (5)
1-5 Adrian Håbet (12)
3-6 Tarjei Urkedal (15)
3-7 Tarjei Urkedal (21)
4-8 Edward Laverton (29)

Norborg har hatt eit Rollon-kompleks ute i år, og var i denne kampen tydeleg bestemt på å vise Elling Kjerstad & co. at ein kan å spele fotball på Grytastranda/Søvik også. Norborg gjekk dermed ut i eit voldsamt tempo og leia 4-0 før fem minutt var gått. Etter dette fall tempoet litt, men ein hadde god kontroll på kvittrøyene kampen igjennom. Verdt å huske frå kampen var Adrian Håbet sin fenomenale lobb som ga 5-1.

Norborg3-Ravn 8-3
1-0 Sjølvmål (3)
2-1 Tarjei Urkedal (8)
3-1 Tarjei Urkedal (11)
4-1 Adrian Håbet (16)
5-1 Kim Idar Krogsethagen (18)
6-1 Kim Idar Krogsethagen (19)
7-1 Edward Laverton (22)
8-3 Adrian Håbet (30)

Norborg var i realiteten vidare til sluttspelet før denne kampen sidan ein hadde klart betre målforskjell enn Vigra som låg på 2. plass. Som gode naboar opna kvart lag med å scora kvart sitt sjølvmål før ein sette igong kampen for alvor... Då viste Norborg seg som eit hakk for gode for krinsmeisteren i 6. divisjon og avgjorde kampen med 6 mål før Ravn fekk pynte på resultatet med to mål. Heilt på tampen fastsette Adrian sluttresultatet til 8-3.

Tropp: Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Adrian Håbet, Tarjei Urkedal, Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes, Edward Laverton og Steffen Grytten.

Mål:
Tarjei Urkedal 9
Kim Idar Krogsethagen 6
Adrian Håbet 4
Edward Laverton 3
Eirik York 1
Stein Erik Reitan 1
Sjølvmål 1

Tabell:
Norborg3 4 4 0 0 25- 12 12
HaNo 4 2 0 2 21- 15 6
Vigra 4 2 0 2 16- 20 6
Rollon 4 1 1 2 17- 20 4
Ravn 4 0 1 3 20- 30 1

Norborg er dermed kvalifisert for sluttspelet for 3. år på rad. Dette går av stabelen i Giskehallen 3. desember.

Vi nyttar også anleiinga til å gratulere Godøy IL med eit flott arrangement.