|
Finaletap
på Øyacupen
Norborg hadde ein super laurdag og spelte seg lett fram til finalen
på søndag, men der var eit kontant stoppa av eit aggressivt
heimelag.
Finalen: Lepsøy klart best
Lepsøy - Norborg 1-0 (1-0)
Sjansar: 5-2
Laget: Geir Roar Gamlem - Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten,
Geir Ove Grønli ,
Stig Wold - Eirik York, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal - Alexander
Gamlem (Jan Even Drønnesund ),
Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen (Steffen
Grytten)
Etter ein svært oppløftande laurdag vart Norborg tatt fullstendig
på senga av eit aggressivt og svært opplagt heimelag.
Etter få minutt pressar Lepsøy Norborg til å gjere
feil på eigen halvdel og oransjetrøyene må bruke ulovlege
middel for å stoppe heimelaget si kontring. Rune Rønstad
får ein brukbar sjanse på frisparket, men utan resultat.
Norborg fortsette å gjere mange personlege feil og feilpasningane
florerar, men når vi bikka ti minutt startar fastlandsgutane å
gradvis ta over kampen. Men bortsett frå mange dødballsituasjonar
greier ikkje Norborg å skape nokon ting. På overtid av 1.
omgang glepp det i Norborg sitt forsvar og Arild Bakke scorar frå
10 meters hald.
I 2. omgang gjer Norborg nokre grep for å prøve å snu
kampen. Blant anna vart Geir Ove Grønli flytta opp på topp.
Eit par minutt ut i omgangen får Norborg sin første skikkelege
sjanse. Knut Ivar Bjørlykhaug slår perfekt i bakrommet til
Kim Idar Krogsethagen som skyt over frå 16 meter. Ser vi vekk ifrå
eit farleg frispark ifrå Kristian Søviknes ti minutt før
slutt var dette den einaste sjansen Norborg skapte i kampen. Lepsøy
på si side hadde fleire gode mogelegheiter, men ein opplagt Geir
Roar Gamlem hindra fleire mål imot.
Norborg prøvde på slutten å legge trykk på Lepsøy
og spelte med nærmast ein 3-3-4 formasjon, men med feilpasningar
i hopetal greidde ein ikkje å true Lepsøy si leiing. Dermed
ein fortent siger til Lepsøy.
Ps. I følgje pålitelege kjelde hadde Lepsøy allereie
på laurdagskvelden taktikken klar for korleis ein skulle slå
Norborg. Sidan taktikken ikkje dreier seg direkte om fotball så
kan vi diverre ikkje skrive om den her.
Ein perfekt laurdag
Norborg - HaNo 1-0 (1-0)
Sjansar: 6-0
Mål: Kim Idar Krogsethagen (12)
Laget: Geir Roar Gamlem - Steffen Grytten, Geir Ove Grønli,
Roger Grytten, Knut Ivar Bjørlykhaug - Kristian Søviknes,
Tarjei Urkedal, Eirik York - Alexander Gamlem (Espen Wold), Kim Idar Krogsethagen,
Øyvind Kvammen
Norborg tok kommandoen frå start av mot HaNo. Allereie etter 3 minutt
kom Kim Idar Krogsethagen aleine med keeper, men avslutta rett på
Thomas Gjerde i HaNo-buret. To minutt seinare får Tarjei Urkedal
ein stor sjanse, men nok ein gong rett på Thomas. Etter 8 minutt
fintar Kim Idar av nokre mann inne i 16 meteren, men greier ikkje å
score frå kloss hald. Etter 12 minutt spel tek så oransjetrøyene
ei fortent leiing ved Kim Idar. Men spørsmålet er om ballen
nokon gong var over streken? - Ej veit ikkje ej, for Thomas låg
oppå ballen, var Kim Idar sin kommentar etter kampen. Uansett, dommaren
dømte mål og 1-0 til Norborg. I siste halvdel av omgangen
roa Norborg seg utan at HaNo fekk sjansar av den grunn.
I 2. omgang var også Norborg best og skapte eit par gode mogelegheiter,
men ein god Thomas hindra fleire baklengs for blåtrøyene.
HaNo på si side skapte svært lite, og bortsett frå eit
par halvsjansar fekk dei ikkje til nokon ting i ein kamp dei måtte
vinne ettersom dei hadde spelt 2-2 mot Harøy i 1. kamp.
Harøy - Norborg 1-2 (0-1)
Sjansar: 1-7
Mål: Kim Idar Krogsethagen (13, 28)
Laget: Kurt Erik Grytten - Jan Even Drønnesund, Roger Grytten
(Knut Ivar Bjørlykhaug), Kristian Furnes, Stig Wold - Tarjei Urkedal
(Espen Wold), Kristian Søviknes, Eirik York - Geir Ove Grønli
(Øystein Haugan), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen
(Alexander Gamlem)
Harøy måtte ha siger, mens Norborg berre trenge eitt poeng
for å spele finale på søndagen. Norborg tok tidleg
tak i kampen og skapte den første sjansen på eit skot ifrå
16 meter av Kim Idar Krogsethagen. Uret viste då 4 minutt. Minuttet
etter gjekk ballen i mål, men det var annullert for offside. Dett
annullerte målet kom etter at Kristian Søviknes slo eit frispark
til Geir Ove Grønli som heada inn til Eirik York framfor mål
som scora sikkert.
Minuttet seinare får Tarjei Urkedal ein stor sjanse etter innlegg
frå Øyvind Kvammen, men headinga hans går i stolpen.
Etter denne voldsame opninga av oransjetrøyene roa det seg ned
nokre minutt. Etter eit kvarter får Øyvind Kvammen ballen
inne i 16 meteren, han utfordrar backen og blir klart felt. Dermed straffe.
Kim Idar Krogsethagen sette den sikkert i mål til 1-0.
Norborg fortsette å styre kampen og både Kim Idar, Geir Ove
og Tarjei har gode sjansar til å auke leiinga. Like før pause
var det nærast eit lite under at det ikkje vart mål. Geir
Ove heada i stolpen frå 10 meter, Tarjei får returen og sette
den utruleg nok over mål frå 1 meter. Dermed 1-0 til pause.
I 2. omgang går det berre 3 minutt før Kim Idar doblar leiinga.
Frå 20 meter skyt han via ein harøying og i mål. Keeper
Arve Myklebust fekk nokre fingrar på skotet, men måtte sjå
ballen gå i mål til 2-0. Norborg skapar ikkje så mange
sjansar i denne omgangen, men Espen Wold var nær ved å score
då han heada eit innlegg frå bror Stig over mål frå
8 meter. Nokre minutt før slutt gir Stig Wold Harøy ein
plass i bronsefinalen på aNo si bekostning då han skal spele
tilbake til keeper. Pasninga var for svak og ein harøying snappar
ballen og sette den mellom beina på Kurt Erik Grytten og i mål.
Dermed 1-2 og Harøy er i bronsefinalen, mendan Norborg spelar finale.
Norborg spelte svært underhaldande og god fotball denne laurdagen
og hadde i bunn og grunn få problemer med å ta seg til finalen.
Det var spesielt midtbana med Kristian Søviknes i spissen som imponerte
mest, og med ei midtbane som fungerte sat spelet både defensivt
og offensivt.
Sluttstilling gruppespel:
| Norborg |
2-0-0 3-1 6 |
|
|
| Harøy |
0-1-1 3-4 1 |
|
|
| HaNo |
0-1-1 2-3 1 |
|
|
| |
|
|
|
Sluttstilling gruppe 1:
| Lepsøy |
1-1-0 3-2 4 |
| Fjørtoft |
1-0-1 4-2 3 |
| Ravn |
0-1-1 1-4 1 |
Jumbofinale:
HaNo - Ravn 0-0, 4-3 str.
Bronsefinale:
Fjørtoft - Harøy 3-1
Finale:
Lepsøy - Norborg 1-0
|