| HaNo til topps, Norborg sist Norborg sitt damelag hadde resultatmessig ikkje noko god helg. Laget tapte alle kampane sine og enda sist. 1. plassen gjekk til HaNo. Norborg sine kampar: HaNo - Norborg 9-1 (4-0) Mål: Jannike Ryssgård Norborg hang brukbart med i delar av 1. omgang og kunne fort ha hatt eit par mål, men HaNo leia 4-0. Like etter pause fekk Jannike Ryssgård skikkeleg treff på ballen og smellte den klin i krysset til 1-4. - Herlig å få til noe sånt i kamp, sa Jannike etter kampen. Etter Norborg sitt reduseringsmål skrudde HaNo opp tempoet og ga seg ikkje før stillinga var 9-1. Norborg - Brattvåg 0-2 Brattvåg var det førande laget og tok ein fortent siger. Norborg på si side skapte svært lite framover på bana. Lepsøy - Norborg 4-2 (4-0) Mål: Anne Marthe Søviknes og Henriette Johannessen Dette var kampen der Norborg hadde størst håp om poeng, men ein skuffande svak 1. omgang ødela denne kampen. I 2. omgang spelte Norborg sin Træff-import Tonje, store delar av omgangen. Med ho på bana klarte ein å halde ballen i angrep og la press på Lepsøy. Fleire sjansar vart skapt, men det vart med Anne Marthe og Henriette sine mål. Fjørtoft - Norborg 5-0 (0-0) Norborg var ikkje så underlegne som resultatet tilseie. Faktisk skapte ein minst like mange sjansar som Fjørtoft, men med manglande effektivitet måtte ein gå mållause av bana. I 2. omgang scora Fjørtoft 5 mål, 3 av desse kom i ein 3 minuttsperiode. Dermed vart det 0 poeng til Norborg i denne turneringa, som mangla fleire av sine beste spelarar. Sluttstlling (seriespel): 1. HaNo 2. Fjørtoft 3. Brattvåg 4. Lepsøy 5. Norborg |