Gamlem inn i trenarteamet

IL Norborg sitt herrelag hadde tysdag kveld spelarmøte. Her vart Noralf Gamlem presentert som nytt medlem av trenerteamet. Noralf vil ha ti økter med fysisk fostring og skadeforebygging før påske. - Vi er svært glade for å få ein dyktig og engasjert person som Noralf inn på trenersida, samtidig som trenarteamet frå i fjor held fram, seier sportsleg leiar Frode Engeset.

Spelarane fekk også presentert sesongoppkjøringa 2005 der ein blant anna vil auke treningsmendga. Elles vart det nedsett eit sportsleg utval som blant anna skal jobbe med saka treningsleir 2005.


Helge Uggedal, Øystein Haugan og Noralf Gamlem skal sørge for treningane neste sesong.

tilbake | skriv innlegg