|
Norborg med sterk 2. plass på romjulsturneringa
Norborg leverte ein glimrande innsats under årets romjulsturnering
i Brattvåghallen. Etter 5 strake sigrar var laget i finalen, her
vart likevel "Haramslandslaget" Prim, for sterke.
Norborg sine kampar:
Norborg - Brattvåg 2. lag 4-1
0-1 Arild Vågnes
1-1 Kristian Søviknes
2-1 Kristian Søviknes
3-1 Stein Erik Reitan
4-1 Edward Laverton
Brattvåg2 var det friskaste laget i opninga av kampen, og tok også
leiinga ved Arild Vågnes etter 4 minutts spel. Like etter var det
unge Brattvåglaget nær 2-0, men avsluttinga gjekk i stolpen.
I dei siste 7-8 minutta vakna så Norborg, og snudde kampen til 2-1
etter to raske mål av Kristian Søviknes. Forskjellen på
laga kom no til syne og Stein Erik Reitan og Edward Laverton fastsette
sluttresultatet til 4-1.
Harøy - Norborg 0-6
0-1 Roger Grytten
0-2 Eirik York
0-3 Edward Laverton
0-4 Tarjei Urkedal
0-5 Roger Grytten
0-6 Morten Kalvø
Norborg tok kommandoen frå start av mot eit sløvt Harøy-lag.
Roger Grytten starta scoringsballet etter to minutt, medan Eirik York
viste fram skotfoten å auka leiinga eit halvt minutt seinare. Etter
dette var det berre snakk om kor stor sigeren skulle bli. Det enda på
6 etter at spelandetrener Øystein Haugan kjørte karusell
på venstresida, la inn til Morten Kalvø, som enkelt putta
ballen i mål.
Norborg - Midsund 3-2
1-0 Tarjei Urkedal
1-1 John Arne Øien
1-2 Stian Blø
2-2 Tarjei Urkedal
3-2 Edward Laverton
Norborg starta med ballen og lot ikkje Midsund få låne den
før keeperen måtte plukke den ut av nettet. Omtrent 20 sekund
var då gått av kampen. Norborg var best dei første
minutta, men så snudde Midsund kampen etter to raske mål av
Øien og Blø. På slutten kom Norborg sterkt å
tok ein fortent siger etter at Tarjei Urkedal utlikna og Edward Laverton
vart match-vinnar. Norborg var med denne sigeren puljevinnar.
Kvartfinale:
Norborg - HaNo 2-1
0-1 Håkon Sæterøy
1-1 Roger Grytten
2-1 Roger Grytten
Norborg hadde overtaket dei første minutta å skapte eit par
sjansar, men det var likevel HaNo som tok leiinga då Håkon
Sæterøy sette ballen i nota frå 8 meter. Men Norborg
tape aldri for HaNo, og snudde kampen til 2-1 i sluttminutta etter to
mål av Roger Grytten. Dermed gjekk Norborg til semifinale mot Skodje.
Semifinale:
Norborg - Skodje 3-1
1-0 Eirik York
2-0 Roger Grytten
2-1 Christian Bakkeli
3-1 Jan Even Drønnesund
Norborg starta best mot eit Skodje-lag som hadde fått lite kvile
etter sin kvartfinalekamp. Etter ca. 2 minutt får Norborg frispark
på 10 meter. Eirik York har leita fram igjen skotfoten sidan glansdagane
på gutelaget og dundra ballen i nota. Like etter aukar Roger Grytten
til 2-0. Skodje ga seg likevel ikkje og reduserte ved Christian Bakkeli.
Men berre minuttet seinare pirkar Jan Even Drønnesund inn 3-1.
Noko som også vart sluttresultatet. Norborg var dermed klar for
finale i innandørsfotball for første gong på eitt
tiår eller to (vann ei five-a-side turnering 10. desember 1978 og
Brattvåg IL si nyttårsturnering i 1983).
Finale:
Prim - Norborg 3-2
0-1 Eirik York
1-1 Frank Dalhaug
2-1 Arnel Colic
3-1 Arnel Colic
3-2 Roger Grytten
Prim var store favorittar i denne finalen mot Norborg, som tross alt hadde
blitt svekka nettop av Prim, sidan Kim Idar Krogsethagen spelte på
motstandarlaget denne gongen. Norborg gjekk likevel friskt ut å
tok leiinga på nok eit utsøkt frispark av Eirik York. Leiinga
haldt seg i nesten 5 minutt før Prim scorte 3 mål på
3 minutt. Først sette Frank Dalhaug inn utlikninga før turneringa
sin toppscorar sette inn 2-1 og 3-1. Etter dette hadde Prim stort sett
kontroll. På slutten av kampen reduserte Roger Grytten reduserte
til 3-2.
Målscorarar Norborg:
| Roger Grytten |
6 mål |
| Edward Laverton |
3 mål |
| Tarjei Urkedal |
3 mål |
| Eirik York |
3 mål |
| Kristian Søviknes |
2 mål |
| Jan Even Drønnesund |
1 mål |
| Morten Kalvø |
1 mål |
| Stein Erik Reitan |
1 mål |
Tropp: Kurt Erik Grytten, Eirik York, Stein Erik reitan, Roger
Grytten, Tarjei Urkedal, Morten Kalvø, Kristian Søviknes,
Edward Laverton, Jan Even Drønnesund og Steffen Grytten (skadet
etter 2 minutt). Trener Øystein Haugan spelte siste minutta mot
Harøy.
Resultater:
| Helland Spesial-Hildre |
6-1 |
| HaNo-Ravn |
6-2 |
| Brattvåg1-Skodje |
2-7 |
| Norborg-Brattvåg2 |
4-1 |
| Hildre-HaNo |
1-7 |
| Helland Spesial-Ravn |
1-1 |
| Fjørtoft-Prim |
1-10 |
| Harøy-Norborg |
0-6 |
| Midsun-Brattvåg2 |
4-5 |
| Prim-Skodje |
3-1 |
| Midsund-Harøy |
10-0 |
| Brattvåg1-Fjørtoft |
4-3 |
| Ravn-Hildre |
?-? Ravn vann |
| HaNo-Helland Spesial |
3-4 |
| Skodje-Fjørtoft |
?-? Skodje vann |
| Prim-Brattvåg1 |
10-1 |
| Brattvåg2-Harøy |
2-1 |
| Norborg-Midsund |
3-2 |
Kvartfinaler:
| Helland Spesial-Midsund |
2-3 |
| Prim-Ravn |
9-0 |
| Norborg-HaNo |
2-1 |
| Skodje-Brattvåg2 |
6-1 |
Semifinaler:
| Midsund-Prim |
0-3 |
| Norborg-Skodje |
3-1 |
Bronsefinale:
| Midsund-Skodje |
3-3, 3-4 s.d. |
Finale:
|