|
Sesongavslutning
småjenter
Årets småjente-lag hadde
siste treninga for sesongen, i Søvikhallen, og det vart markert med fotball-turnering,
pepperkaker og brus. 5 av storlaga i Europa spelte tuernering-spel, og
etter 4 kamper på kvart lag, var det Porto som drog avgarde med 1.premien,
men turneringa var jamn, og dei 3 første plassane vart avgjordt på målforskjell.
Etter det tette kamp-programmet smakte det med brus og kaker, og så måtte
lagets trenar, Amund Terøy, fram for å få seg ei lita utmerking for innsatsen
sin gjennom ein lang sesong.
Småjente-gruppa har spelt med 2 lag i serien, og fått med seg mange sigrar.
I tillegg har jentene vore med på 3 cupar: Stordalscup, Hessacup og innandørscup
på Valderøya. Om kort tid starter ny sesong, men nokre jenter går over
på jentelaget, mens dei andre fortset eit år til på småjenter, ilag med
dei jentene som kjem opp frå lillejenter.
Frå årets støtte-apparat og frå foreldre/heiagjeng: Takk for ein fin sesong
og gode kamper og lykke til i 2005-sesongen.
|