|
Har
ingenting i mot dommarar!
For dei som les kampreferatet
av Norborg-Skarbøvik 2. lag kan det nok virke som vi i norborg.com
er ute etter å ta dommarar. Det er vi ikkje. Vi gir både ris
og ros til dommarar, og dei fleste som har dømt Norborg i heimekamp
føle seg nok rettferdig behandla. Iallfall ikkje noko verre enn
andre plassar.
I den nemnte kampen var vi vitne til ein dommar som hadde ein svært
dårleg dag. Noko som vi aksepterar. Alle kan ha dårlege dagar.
Dommarar som spelarar. Men når dommaren startar å kome med
utsagn til det eine laget som ikkje høyre heime verken på
ei fotballbane eller andre stadar, då må vi reagere.
Mange snakkar om fair-play. Og dei fleste som snakkar i store ord om dette
talar alltid om at spelarar og publikum som skal vise det. Kva så
med dommarar? Skal ikkje dei også vise rettferd? Jau, dei skal det.
Men dei fleste tek nok dette som ei sjølvfølge. Sist onsdag
fekk vi på Norborg stadion oppleve noko anna.
SFK ber på sine nettsider
folk om å stille seg spørsmålet; er dommaren eit nødvendig
onde? Her i norborg.com ser vi på dommaren som eit gode. Vi synes
det er flott at ungdomar startar å dømme ( vi treng endå
fleire), og vi synest det er flott at mange tek på seg dommardrakta
år etter år. Og vi vil at dommarane skal føle seg velkomen
på Norborg sine kampar.
Mange lurer no på om dommarane vil stå samla imot Norborg,
og dømme konstant mot Norborg fordi vi i norborg.com skreiv noko
negativt om ein dommar. Det tvilar vi sterkt på. Dei aller fleste
dommarane prøvar å dømme så objektivt som mogeleg.
Samme om ein har noko imot det eine laget. Det trur vi Norborg også
får oppleve.
|