Tippetips runde 21

Spennande kampar i nest siste runde av årets 4. divisjon. Nr. 1 og 2 på tabellen møtast på Blindheim KGB, medan nr. 3 og 4 møtast på Stranda KGB. Også andre enden spelast det ein viktig kamp når GuLars tek imot Sunnylven.

Blindheim - Brattvåg

Tips: B
Odds: Nordicbet

Trass tap i sist runde har Blindheim fortsatt overtaket i 4. divisjon og rykker opp med siger over Brattvåg. Men Blindheim imponerte ingen i Uggedalen sist laurdag, og vi ser ikkje heilt at dette laget skal slå Brattvåg. Då må iallfall laget løfte seg betrakeleg. Gjestane spelar med større sjølvtillit, er betre trent og har fleire strengar å spele på offensivt. Nå er Blindheim divisjonens beste heimelag med ti strake sigrar, men laget dreg ikkje fordel av kunstgras i møtet med Brattvåg. Vi trur på 4-2 siger til bortelaget.

Godøy - Herd
Tips: H
Odds: Nordicbet

Herd har gjort ein haustsesong over all forventing, og sendte sist helg HaNo heim med 3-0 tap. Laget treng fortsatt eitt poeng for å vere sikra vidare spel i divisjonen, men det poenget trur vi ikkje kjem på Godøya. Godøy vann 8-2 over Herd i vår, og med ein god start kan vi få sjå samme siffer. Herd har nemleg ein tendens til å rakne når ein oppleve å kome under.

Hovdebygda - ÅVK
Tips: B
Odds: Nordicbet

Ingen av laga har noko å spele for. Hovdebygda ligg godt planta i botnen av tabellen, medan ÅVK ligg på 7. plass utan noko særleg håp om å avansere. Sjølv om ÅVK ikkje hentar heim spelarar til denne kampen bør laget ta ein grei siger.

Larsnes/Gursken - Sunnylven
Tips: H
Odds: Nordicbet

Siste sjanse for GuLars når dei tek imot Sunnylven. Laget må ha tre poeng her, og dersom laget kjem opp på det nivået dei viste i Uggedalen for nokre veke sidan, så bør det gå bra. Sunnylven vann sin første kamp sidan 5. august sist og knuste GuLars 5-1 på Hellesylt i sommar. Likevel, vidopen kamp som kan bikke begge vegar. Vi trur Thomas Sætre-Hauge blir tunga på vektskåla for heimelaget.

Stranda - HaNo
Tips: H
Odds: Nordicbet

HaNo forlot opprykksstriden då det vart klart tap for Herd. Fleire av spelarane får ei dårleg oppladning til denne kampen pga festiviteter kvelden før. Alt ligg dermed til rette for tre nye poeng til Stranda, som vil avansere til 2. plass.

SIF2 - Norborg måndag kl. 1830
Tips: B

Norborg er i solig form og går for nok ein siger når laget møter SIF2 på Hessa KGB. Vil mangle Stein Erik Reitan og Eirik York, som har reist til Australia, men har så mange svoltne og gode spelarar klar til å overta at ein stille slagkraftig likevel. Dermed ny siger til oransjetrøyene.

Formtabell

tilbake | skriv innlegg