|
Spenninga
vil vare til oktober
Tredje siste runde av
4. divisjon spelast denne veka, og som i sist runde, ser det på
papiret ut som dei fire laga som kjempar om to opprykksplassar skal ta
tre nye poeng. Altså ingen interne møter.
Lag nr. 3 på tabellen, Stranda, tjuvstartar runda torsdag kveld
borte mot Skarbøvik2, og kan legge press på dei andre laga.
Vi trur Stranda vinn over SIF2 og tar over 2. plassen for ei lita stund.
For lenger enn til laurdag kl. 1645 vil ikkje dei blåraude få
vere på opprykksplass. Brattvåg skal nemleg møte Hovdebygda,
og kan pr. dags dato truleg stille 2 lag som er betre enn 4. divisjon
sitt botnlag, men så var det dette med at fotballen er rund...
I botnen blir det da heller ikkje dei voldsame forandringane, men GuLars
kan kome opp på trygg grunn ettersom dei skal møte formsvake
ÅVK.
Slik spelast runde 20
Skarbøvik2 - Stranda, torsdag kl. 1830
Tips: B
SIF2 har gjort jobben sin og har lite å spele for. Det går
også rykter om at laget vil trekke seg i frå 4. divisjon etter
at sesongen er slutt. Motivasjonen til å spele fotball er sikkert
til stede hos dei 11 utvalde siffarane, men vi trur vilja til å
vinne er større hos Stranda. SIF2 er eit av fire lag som har tatt
tre poeng mot Stranda i år. Dette skjedde på ein gruskamp
på Stranda i midten av juni. No trur vi Stranda tek revansje. Laget
er i bra form og har vunne 8 av dei 9 siste. Ronnie Furset scorar ikkje
like flittig som i vår, men det gjer laget Stranda, og vil pynte
på målforskjellen sin denne kvelden.
Herd - HaNo, laurdag kl. 1430
Tips: B
Odds: Nordicbet
kjem med odds seinare i veka
Herd kjemper for tilværelsen i divisjonen, HaNo kjempar for opprykk.
I vår vann HaNo 7-0 over Herd. Så mykje vinn ikkje dei no,
men sjølv om Herd har vist litt betre takter dei siste vekene så
vinn HaNo og held fortsatt liv i opprykkshåpet.
Brattvåg - Hovdebygda, laurdag kl. 1500
Tips: H
Odds: Nordicbet
Sunderland slo Leeds i mai 1973. Hovdebygda slår ikkje Brattvåg
i september 2006, men Hovdebygda slo faktisk Brattvåg 2-1 i midten
av juni. Korleis det gjekk føre seg er ei gåte for oss. No
er derimot Brattvåg i fint driv mot 3. divisjon, medan Hovdebygda
må ha hjelp utafor fotballbana for å få spele i 4. divisjon
neste år. Tosiffra?
Norborg - Blindheim, laurdag kl. 1500
Tips: HB
Odds: Nordicbet
Møte mellom nr. 2 og 3 på formtabellen. Dersom Norborg spelar
opp mot sitt beste bør det absolutt vere sjanse på poeng
mot Bindheim. Kampane mellom desse brukar alltid å vere jamne (ja
til og med 5-1 kampen i vår var sjansemessig jamn), men Blindheim
brukar også alltid å vinne. På tide å snu trenden
Norborg... To faste spelarar denne sesongen manglar for Norborg. Tarjei
Urkedal prioriterar kakeselskap, medan Stein Erik Reitan truleg er på
prøvetur med B147 SV. Ståle Hurleg mogeleg tilbake frå
sjukdom.
Sunnylven - Godøy, laurdag kl. 1500
Tips: B
Odds: Nordicbet
Slik situasjonen har blitt så trur vi dette er ein open kamp som
kan bikke begge vegar. Sunnylven må snart begynne å vinne
fotballkampar for å stå i divisjonen, medan Godøy har
ikkje så mykje å spele for. Sunnylven var nær poeng
borte mot HaNo sist. Då mangla laget mange spelarar. Desse skal
visstnok vere tilbake no, så Godøy bør passe seg.
Vårkampen endte uavgjort. Likevel, skal vi først sette eit
tippeteikn må det bli B. Valkvæ, Alnes, Holmen, Brynestad
& co. er normalt betre enn Ringdal, Aslaksen, Storstein, Sundgot &
co.
ÅVK - Larsnes/Gursken, laurdag kl. 1500
Tips: B
Odds: Nordicbet
Nabooppgjer der gjestane treng poenga mest. ÅVK ser ut til å
ha sløkt lyset og gått, men no er det lokalderby, og då
kan det hende tenninga er tilbake. GuLars har tapt to strake, men det
var kampar mot lag på øvre halvdel. Med sine raske vingar
vil dei by heimelaget på problem, så spørs det om resten
av laget er godt nok til at det blir tre poeng. Vi trur det.
Formtabell
|