Runde 19

Den 19. serierunda i 4. divisjon byr ikkje på toppoppgjer eller lokalderby, men er likevel særs interessant. Ein glipp i denne runda, og sesongen kan vere spolert. Dette gjeld først og fremst for Brattvåg, Stranda og HaNo.

Kampar laurdag 16. september

HaNo - Sunnylven kl. 14.30
Odds hos Nordicbet: 1.28 - 5.75 - 4.85
Vårt tips: H

HaNo er eitt av dei tre laga som har kniven på strupa og må vinne for å stadig ha sjans på opprykk. Laget ser ut til å ha kome seg over sjokket toppscorar Erik Åkre ga dei for nokre veke sidan då han forlot klubben, og reiste seg med ein smått imponerande 3-0 siger borte mot ÅVK. Sunnylven har gått heile hausten utan siger og har ramla frå midten av tabellen til botnstrid. Laget har slete både defensivt og offensivt. Vi trur raudtrøyene må tåle eit nytt tap når dei gjestar HaNo. Statstikken har dei iallfall ikkje på si side ute på øyane.

Godøy - ÅVK kl. 1500
Odds hos Nordicbet: 1.75 4.85 - 2.60
Vårt tips: H

Ingen av laga har noko spesielt meir enn ære å spele for, og den er kanskje heimelaget mest innstilt på å reise ettersom dei gjekk på eit braktap sist. ÅVK har slutta å hente heim spelarar etter at ein vart hekta av i opprykksstriden. Dette vise seg i form av svake resultat den siste tida med berre ein siger på siste fem. Vi trur Godøy har eit betre lag og vinn greitt på Godøybana. Godøy vann tilsvarande kamp i fjor med 2-1.

Hovdebygda - Norborg kl. 1500
Odds hos Nordicbet: Odds er av ein eller annan grunn ikkje tilgjengeleg
Vårt tips: B

Sjølv om halve Norborg er på blåtur med Aker Yards kvelden og natta før denne kampen, samt at nokre av spelarane for tida heller draumer om å skyte hjort enn ballen i mål, trur vi oransjetrøyene tek med seg tre poeng mot eit Hovdebygda-lag på veg mot 5. divisjon.

Larsnes/Gursken - Brattvåg kl. 1500
Odds hos Nordicbet: 3.55 - 5.25 - 1.45
Vårt tips: B

Heimelaget har styrka laget sitt i det siste og opptrer med både fart og fysikk i angrep. Brattvåg har eit jamnare besatt lag enn heimelaget og vi trur det blir avgjerande i denne kampen. Gjestane har kniven på strupa og må ha tre poeng for å behalde 2. plassen. GuLars treng også tre poeng, men det er nok ikkje i denne kampen plassen skal reddast.

Stranda - Herd kl. 1500
Odds hos Nordicbet: 1.40 - 5.50 - 3.75
Vårt tips: H

Stranda måtte sjå si lange sigersrekke bli brutt sist veke mot Blindheim. Vi trur laget er tilbake på vinnarsporet no og beheld alle poenga på Stranda. Herd vann overraskande over Sunnylven sist, men har ikkje kvalitet nok til å tukte Stranda.

Blindheim - SIF2 kl. 1400 søndag 17. september
Vårt tips: H

Blindheim har fått luke ned til dei andre laga og sjølv om laget har gått på blemmer iløpet av sesongen (tap for GuLars og Herd), så trur vi ikkje det vil skje i denne kampen. Terje Ottersen & co. tek dermed ein lett siger.

Formtabell

tilbake | skriv innlegg