Gjekk vidare til sluttspelet

Norborg1 gjekk vidare frå det innleiande gruppespelet i inne-KM som vart spelt i Brattvåghallen i dag.
Sluttspelet går i Olivinhallen 4. desember.

Norborg sine kampar:

Norborg1 - Brattvåg2 5-1

Mål: Tarjei Urkedal 2, Roger Grytten 2 og Kim Idar Krogsethagen

Norborg var det førande laget gjennom heile kampen og tok ein fortent siger over Brattvåg sine nest beste.

Fjørtoft - Norborg1 2-18
Mål: Edward Laverton 5, Stein Erik Reitan 3, Roger Grytten 2, Eirik York 2, Tarjei Urkedal 2, Christian Søvik 2, Kim Idar Krogsethagen og Steffen Grytten

Sidan Brattvåg2 hadde slått Valder i kampen føre så satsa Norborg alt på å vinne med kallassiffer mot Fjørtoft. Det målet vart nådd. Norborg tok kommandoen frå start av og leia 8-0 før Fjørtoft fekk til ei redusering. Dette er Norborg sin største siger nokon gong. Edward Laverton stod for heile 5 av måla medan Stein Erik Reitan preseterte å score på eit skot med venstrefoten!

Valder1-Norborg1 5-4

0-1 Tarjei Urkedal
1-1 Ronny Jønsson
2-1 Dag Erik Jønsson
2-2 Kim Idar Krogsethagen
3-2 Bjarte Tomren
4-2 ?
5-2 ?
5-3 Kim Idar Krogsethagen
5-4 Kim Idar Krogsethagen

Valder viste seg som det mest effektive laget i "gruppefinale 1" mot Norborg. Oransjetrøyene tok leiinga ved Tarjei Urkedal og samme mann hadde også gedigne sjansar til å auke leiinga. Slik gjekk det ikkje og Valder fekk to mål. Norborg kom likevel tilbake ved Kim Idar Krogsethagen, men så fall Norborg fullstendig i sammen og Valder fekk tre raske mål. I sluttminutta pressa Norborg hardt på og fekk to raske reduseringar, men det fysisk sterke Valder-laget rodde i land sigeren i ein kamp Norborg hadde fortent poeng.

Norborg1-Skodje 5-4
0-1 Trond Ytreberg
1-1 Tarjei Urkedal
1-2 Lovde Rune Beite
2-2 Stein Erik Reitan
3-2 Roger Grytten
4-2 Tarjei Urkedal
4-3 ?
4-4 ?
5-4 Tarjei Urkedal

Gult kort: Kim Idar Krogsethagen

Norborg1 fekk lite til mot Skodje og kan takke stolpane for sigeren. Skodje kom best i gang og leia både 1-0 og 2-1 før Norborg vakna å scora tre raske mål før ein igjen sovna og lot Skodje få komme inn igjen i kampen. Eit par minutt før slutt sikra Tarjei Urkedal ein 5-4 siger til Norborg. Skodje hadde blant anna 3 skot i stolpen samt at Kurt Erik Grytten gjorde eit par fantomredningar.

Etter sigeren over Skodje måtte Norborg vente på at kampen Valder-Fjørtoft var ferdig før ein kunne juble for avansement til sluttspelet. Valder måtte vinne med 19 mål for å gå vidare. Fjørtoft kjempa heroisk og tok leiinga tidleg i kampen. Stillinga ved halvspelt kamp var 3-3 og norborgarane sine nerver kunne roe seg. Valder vann til slutt 14-3 og måtte ta til takke med 2. plassen.

Tabell
Norborg 32-12 9 poeng

Valder 28-16 9 poeng
Skodje 27-18 6 poeng
Brattvåg2 20-22 6 poeng
Fjørtoft 12-51 0 poeng

Målscorarar:
Tarjei Urkedal 8 mål
Kim Idar Krogsethagen 5 mål
Edward Laverton 5 mål
Roger Grytten 5 mål
Stein Erik Reitan 4 mål
Christian Søvik 2 mål
Eirik York 2 mål
Steffen Grytten 1 mål

Les meir på Brattvåg IL sine offisielle KM-sider.

tilbake | skriv innlegg