| -
Vi knuse dokke på laurdag! Dette var ein Norborg-spelar sine ord til AaFK trenar Ivar Morten Normark seint laurdag kveld. Komande laurdag får vi sjå om orda blir sanne. Då møtes nemleg AaFK og Norborg i sluttspelet på Rica Parkett Cup. Vi går her igjennom gruppene. Pulje 1
Dette er på papiret ei jamn gruppe der kven som helst av dei fire laga kan gå til topps. Vi velge å sette Godøy på jumboplass. Laget hadde få problem med å ta seg vidare til sluttspelet, men hadde då svak motstand. Mangla i tillegg ein spelar som Henning Dyb i dei kampane, og skulle han bli å finne på bana i Olivinhallen så kan dette utgjere mykje for Godøy si sluttplassering. Må iallfall heve seg frå det dei viste i Brattvåghallen. På 3. plass har vi Brattvåg. Laget har nokre svært dribleglade kara i Arnel Colic, Lennart Holmem og Martin Sundnes. Desse tre kjem nok til å score ein del mål, men korleis vil gultrøyene fungere defensivt og når 2. rekka kjem på bana? Vi trur Brattvåg mangla stabilitet til å kunne hente heim puljesigeren, men kan med leiken fotball skape underhaldning i Olivinhallen. Hareid leika seg til ein plass i sluttspelet, men hadde då også svært enkel motstand. Det blir litt tøffare i dette selskapet, men vi trur at Hareid sine innsatsfylte spelarar tek ein av dei to første plassane. Vi gir Volda stempelet som gruppefavoritt. Grøntrøyene kom seg til sluttspelet med eit nødskrik, men må også seiast å ha hatt den tøffaste motstanden i det innleiande spelet. Vi trur at Volda også denne gongen vinn gruppa si med hårfin margin og spelar finale laurdagskvelden. Pulje 2
Vegen fram til finale verkar svært hard for tre av laga i denne pulja. Kven skal nemleg greie å tukte Norborg? Neida, AaFK er og blir den soleklare favoritten i gruppa. Bak tangotrøyene er det derimot ganske jamt. Norborg slo ut Valder i det innleiande spelet, men vi trur motstanden blir litt for tøff her. Ein må i allfall heve seg eit par hakk i frå det ein viste i Brattvåghallen. Oransjetrøyene kjem nok til å spele jamt med dei andre laga, men reiser heim utan poeng og berre heiderlege resultat i bagasjen. Langevåg imponerte ikkje i Herøyhallen, og hadde blant anna problem med å slå ut Vartdal. Vi trur likevel laget løfter seg eit hakk her, men ikkje nok til å nå bronsefinalen. Spjelkavik kom blant dei 4 beste i fjor, og gjentek det i år. Laget er flink til å avgjere jamne kampar i sin favør og med målmaskina Knut Pettersen i form tek Spjelkavik 2. plassen i gruppa. AaFK er i ei klasse for seg sjølv, og vinn sine tre kampar klart. Bronsefinale: Hareid - Spjelkavik Open kamp som først avgjerast i sluttsekunda av Hareid. Finale: Volda - AaFK Tangetrøyene frå Sunnmøres hovudstad utklasser Volda med 5-6 mål i finalen, og tek heim gullet! Sjå kampoppsett |