Statistikk ved halvspelt serie

Godøy er laget som leiar 4. divisjon etter halvspelt sesong. Nedanfor ser dykk
utviklinga i plassering og poeng til samtlege lag.



Herd er laget som gjekk lengst utan tap. Heile ti kampar spelte dei utan å møtte gå
poenglause frå bana. Tap i sist serieomgang mot Stranda gjer at Stranda no har den
lengste påbegynte rekka utan tap. Ein kamp framføre Norborg og Rollon.



Stordal er det laget som har flest tap på rad. Dei ar no spelt heile 8 kampar utan å ta poeng.
Norborg starta sesongen svakt og gjekk på tre strake tap. Sunnylven har falle på tabellen og
står med tre tap på rad.



I 2006 såg tabellen slik ut ved halvspelt serie:



Slik ser den ut i år:

Topplaga i år har altså teke fleire poeng enn topplaga i fjor på same tid, medan botnlaga har teke færre poeng i år.
Legg elles merke til Herd si utvikling frå i fjor, og at fjorårets opprykksfavoritt Brattvåg var litt på hælane, slik som Rollon er i år. Norborg har teke like mange poeng i år som i fjor. Det mest oppsiktsvekkande med oransjetrøyene er at til trass
for at ein miste angrepsrekka si, så har ein scora eitt mål meir i snitt. Medan forsvaret, som omtrent er det same,
har sluppe inn langt meir.

Andre tabellar og målscorarar finn du her.