|
Herd
årets vinnar
Herd har overraska stort
i vårsesongen og toppar 4. divisjon med sine 20 poeng. Dette er
heile 14 poeng meir enn dei hadde på same tid i fjor. Herd brukte
for øvreg i fjor heile 20 runder for å passere 20 poeng.
Utviklinga har dermed vore fenomenal.
Godøy er også ein vinnar i forhold til i fjor og har i snitt
tatt eitt poeng meir pr. runde i år. Gulars og Sunnylven har begge
teke 5 poeng meir enn på same tid i fjor. Stranda fekk ein strålande
start på årets sesong, men held no på å bli innhenta
av fjoråret. Stranda tapte for øvreg runde 9 og 10 i fjor,
så her er det likevel mykje å hente for blåtrøyene.
Tre av dei åtte laga som er igjen frå fjoråret har starta
svakare i år. Norborg står med 9 poeng mot 11 i fjor. Men
lite skal til for å kome seg på pluss sida. Norborg tapte
nemleg 3 av dei 4 neste kampane i 2006. ÅVK har tatt tre poeng mindre
i år.
Den store taparen er HaNo. Blåtrøyene leia 4. divisjon saman
med Brattvåg på desse tider i fjor, men i år går
det mykje tyngre og laget ligg nest sist med fire poeng mot atten i 2006.
Tap av keeper Arve Myklebust, Håkon Sæterøy og Erik
Åkre har kosta dyrt.

Poeng i 2007 i utheva skrift mot 2006 i vanleg skrift.

Rollon, Bergsøy, Ørskog og Stordal spelte ikkje i 4. divisjon
i fjor.
|