|
Snart
sommarferie
To serierunder gjenstår
før laga i 4. divisjon tek sommarpause. Herd leiar divisjonen noko
overraskande, medan Rollon og Bergsøy er dei som har skuffa mest.
Vi går gjennom tabellen to rundar før ferien.
Herd 10 7-3-0 30-7 24
Stranda (h)
Ørskog (b)
Blåtrøyene frå Moa leiar divisjonen like overraskande
som HaNo gjorde på same tid i fjor. Herd på si side låg
då på siste plass med fattige 6 poeng. Det nytrenar Kenneth
Moldskred og resten av lagleiinga har fått til er imponerande, men
vil det halde heilt ut? Laget skal ut i ein nøkkelkamp komande
torsdag då ein møter Stranda. Siger her, og ein har eit strålande
utgangspunkt til haustsesongen. Har svakt plasserte Ørskog i siste
kamp før sommaren. Ingen enkel kamp, men skal Herd rykke opp kan
ein ikkje ha for mange poengtap mot lag på nedre halvdel. Laga spelte
for øvreg 3-3 i 1. runde.
Trend: Positiv.
Årsaker: Robust forsvar, Tommy Larsen vinn alt på midten og
Michael Drengubiak scorar på bestilling.
Godøy 10 7-2-1 29-15 23
Stordal (h)
Gulars (h)
At Godøy er med å kjempar om opprykk er inga overrasking.
Har som einaste lag vore blant dei to beste gjennom samtlege runder. Troppen
vil truleg svekkast etter kvart, for på Godøy si heimeside
les vi dette; "Trond Brynestad reiser i militæret, uvisst når. Kristian
Alnes reiser i militæret rett før haustsesongen startar. Keeper Øyvind
Akerø reiser og i militæret, i midten av august. Sven Erik Waagan reiser
til Oslo for å gå musikkskule. Henning Dyb reiser til Bergen for å flytte
i lag med kona si Tove. I tillegg reiser 3-4 mann på sjøen i desse tidene
og går glipp av nokre kampar både før og etter fotballferien". Godøy
har fått på plass Ronny Jønsson frå Valder som
erstatning for keeper Akerø. Får også heim Ruben Dyb
frå sjøen. Har to heimekampar før ferien som normalt
skal gi 6 poeng. Stordal er på veg til 5. divisjon og med litt konsentrasjon
så kan Godøy verkeleg få pynta på målforskjellen
sin her. Gulars er svake borte, men skal aldri undervurderast.
Trend: Positiv.
Årsaker: Fysisk sterke over heile linja. Ballspelande midtbane.
Har divisjonens toppscorar.
Stranda 10 7-1-2 35-19 22
Herd (b)
Sunnylven (b)
Divisjonens mestscorande ser ut til å vere tilbake i form etter
nokre svake bortekampar i mai, og har tetta den lille luka som då
starta å kome. Mange (ikkje norborg.com) starta å miste trua
på Stranda då dei tapte 10 av 12 treningskampar og spådde
at laget ikkje ville vere med i toppen. Men Ronnie Furset starta igjen
å score mål på bestilling, Kato Vangen har hatt ei strålande
utvikling og Bjørnar Aure er overraskelsesmannen frå Skodje.
Dette gjer at Stranda vil vere med til siste slutt i år også.
Skal ut i to vanskelege bortekampar før ferien. Borteforma må
betrast, har berre ein siger på fire forsøk hittil. Dette
burde ha vore to då ein leia klart over Rollon når klokka
viste 90 minutt. Dårleg konsentrasjon gjorde at Rollon fekk to mål
og eitt poeng. På torsdag står Herd på motsatt side
i ein nøkkelkamp. Stranda bør ha poeng i denne kampen, elles
kjem ein på etterskot. Sunnylven i siste kamp før ferien
er heller inga lett oppgåve. Kanskje til og med vanskelegare enn
Herd. Her gjeld det å halde konsentrasjonen og hovudet kaldt.
Trend: Positiv
Årsaker: Fenomenal heimeform, mange potensielle matchvinnarar, engasjement.
Rollon 10 5-3-2 26-15 18
Norborg (h)
Stordal (b)
Rollon var divisjonens store favoritt, men etter ei god opning tok laget
foten av pedalen og gav frå seg førarsetet. Har løfta
seg i dei siste kampane med sigrar over Bergsøy og Sunnylven, men
treng å utvide denne sigersrekka betrakteleg for å kome seg
tilbake på toppen. Får no tilbake Eivind og Magnus Nordstrand
og får då større breidde i troppen. Alf Petter Årdal
er også tilbake og scora i sist kamp. Har i sine to siste kampar
før ferien Norborg og Stordal. Norborg er i bra form og kan skape
problem for kvittrøyene. Stordal opnar den nye kunstgrasbana si
og dette kjem nok til å bli den best besøkte 4. divisjonskampen
i år, men det er ingen tvil om at Rollon tek poenga.
Trend: Variabel
Årsaker: Svak heimeform, poengtap mot topplaga, kjem ofte bakpå.
Larsnes/Gursken 10 5-0-5 26-28 15
ÅVK (b)
Godøy (b)
Gulars har sakte men sikkert kome seg opp på ein 5. plass på
tabellen. Laget er gode heime og svake borte. Diverre for Gulars er begge
kampane før ferien borte, samt den første etter. Er fykteleg
variabel i prestasjonane. Her går det frå feiande flott ein-touch
fotball til horribelt forsvarsspel. Det er dermed stor underhaldning å
sjå Gulars spele. Har overkomelege ÅVK og opprykksjagande
Godøy i sine neste kampar. Gulars skal nok vere nøgde med
tre poeng i desse to kampane.
Trend: Variabel
Årsaker: Gode heime, svake borte. Ungt lag som spelar på små
marginar.
Bergsøy 10 4-2-4 17-23 14
Sunnylven (h)
Norborg (h)
Bergsøy har vore gjennom eit tøft program i det siste. Dette
har resultert i tre poeng mot Godøy og tap mot Rollon og Stranda.
Sigeren mot Godøy var imponerande, men det er vel i grunn det einaste
Bergsøy kan slå i bordet med denne sesongen. Har då
også sakte men sikkert gått nedover på tabellen. Snakket
om opprykk som var før sesongen, bør i alle fall ha stilna.
Avsluttar vårsesongen med to heimekampar mot sine tabellnaboar Sunnylven
og Norborg. Har endå ikkje tapt heime, og må fortsette med
det om ein skal halde seg på øvre halvdel.
Trend: Negativ
Årsaker: Scorer få mål, nykomponert lag, manglar rutine.
Norborg 10 4-1-5 32-33 13
Rollon (b)
Bergsøy (b)
Norborg opna sesongen svakt med tre strake tap, men sidan den gong har
laget vakna. Har i tillegg fått styrka laget den siste tida og dei
yngre spelarane blir stadig betre. Stranda-trenar Ronny Ødegård
fekk dermed rett då han ein tidleg maidag sa; det er ingen fare
med Norborg. Dykk kjem etter kvart. Sidan den tid har faktisk Norborg
teke like mange poeng som Stranda, nemleg 13 poeng på 7 kampar.
Har på papiret to tøffe bortekampar mot Rollon og Bergsøy.
To kampar som bestemme om Norborg skal kjempe på øvre halvdel
denne sesongen.
Trend: God
Årsaker: Scorer mål på bestilling, stor stall, moral
Sunnylven 10 4-0-6 15-24 12
Bergsøy (b)
Stranda (h)
Sett bort frå stortapet mot Stordal, har det blitt mange jamne kampar
for Sunnylven der stort sett halvparten har gått i raudtrøyene
sin favør. I det siste har det derimot butta litt i mot med ein
siger og fire tap på dei fem siste. Men har då møtt
tre topplag. Har eit rutinert mannskap som spelar på det dei kan.
Det skal difor bli artig å sjå korleis unggutane på
Bergsøy taklar Sunnylvs-stilen i neste kamp. Avsluttar vårsesongen
med naboderby mot Stranda. Vi behøver vel ikkje å skrive
at dette er årets høgdepunkt for fotballen på Hellesylt.
Trend: Nedadgåande
Årsaker: Tøff motstand, varierande tropp.
Åram/Van.kam. 10 3-2-5 28-32 11
Gulars (h)
HaNo (h)
Plasseringsmessig ligg ÅVK omtrent som forventa. Laget scorar mange
mål, men slit defensivt. Har hatt den viktige midtstopparen Hallvard
Larsen ute med skade. Han ventast tilbake til hausten. Har to heimekampar
før ferien og får då ein god sjanse til å klatre
på tabellen. Lokaloppgjer mot Gulars er vanskeleg. Tilsvarande oppgjer
i fjor vann ÅVK 3-2, men i år er Gulars sterkare. HaNo er
heller inga enkel nøtt sjølv om laget ligg på 11.
plass. Fire poeng på dess to kampane og ÅVK bør vere
nøgd.
Trend: Stabilt svak
Årsaker: Svak defensivt, manglar spelarar.
Ørskog 10 3-2-5 18-23 11
HaNo (h)
Herd (h)
Etter ein strålande vinter hadde nok Ørskog trudd på
litt fleire poeng enn dei står med. Men treningskampar og seriekampar
er to forskjellege ting. Slit med å få fram ein skikkeleg
toppscorar. Kjell Duber Tangen var det i fjor, men han har foreløpig
fallt igjennom på dette nivået. Er godt organisert og slepp
inn forhaldsvis lite mål, sjølv om dei fekk seg ein smekk
mot Gulars. Avsluttar vårsesongen med to heimekampar. Alle på
Sjøholt forventar tre poeng mot HaNo. Dersom det blir tap, er Ørskog
i botnstrid. Greidde uavgjort mot Herd borte, men vi trur det blir verre
no.
Trend: Stabilt svak
Årsaker: Manglar ei målmaskin, svake borte.
HaNo 10 1-2-7 12-25 5
Ørskog (b)
ÅVK (b)
Ettersom HaNo avslutta fjorårssesongen svakt, og mista mange gode
spelarar etter det, vart blåtrøyene spådd på
nedrykk før sesongen. Lager har i så måte innfridd.
Likevel, det er HaNo som står for dei to mest overraskande resultata
hittil i år med uavgjort mot både Rollon og Herd. Må
vinne borte mot Ørskog i neste runde for å få kontakt
med ståplass. Siger i siste vårkamp mot ÅVK er også
innan rekkevidde.
Trend: Smått positiv
Årsaker: Tetta igjen bak, unggutar i utvikling
Stordal 10 1-0-9 20-44 3
Godøy (b)
Rollon (h)
Stordal scorar mange mål, men slepp inn langt meir. Har tapt ni
av dei ti første og det må eit lite mirakel til for at dette
laget skal stå i divisjonen. Fekk to nye spelarar denne veka, og
ein ventast inn i løpet av dei nærmaste dagane. Men vi tvilar
på at desse aukar nivået hos Stordal så mykje at dei
tek dei nødvendige 20-21 poenga som gir ståplass. Får
no kunstgrasbane, og det gir sikkert ny giv i klubben. Men er det ein
fordel for Stordal sitt a-lag at kampane går på ei strøken
kunstgrasbane? Vi ønskjer Stordal alt vel, men har våre tvil.
Trend: Nedrykk
Årsaker: For få som held nivået.
Tabell siste 7 kampar
1. Herd 19 poeng
2. Godøy 16 poeng
3. Stranda 13 poeng
4. Norborg 13 poeng
5. Gulars 12 poeng
6. Rollon 11 poeng
7. Sunnylven 9 poeng
8. ÅVK 8 poeng
9. Bergsøy 8 poeng
10. Ørskog 7 poeng
11. HaNo 4 poeng
12. Stordal 0 poeng
Tabell siste 4 kampar
1. Herd 10 poeng
2. Stranda 10 poeng
3. Rollon 7 poeng
4. Godøy 7 poeng
5. Norborg 7 poeng
6. Ørskog 6 poeng
7. Gulars 6 poeng
8. ÅVK 4 poeng
9. HaNo 4 poeng
10. Bergsøy 4 poeng
11. Sunnylven 3 poeng
12. Stordal 0 poeng
|