Halve sesongen unnagjort

Då er halvparten av alle kampane i 4. divisjon spelt og det er på tide å kome med ei lita oppsummering av våren.

Stranda leiar divisjonen, men det er Herd som er den store overraskinga. Laget vart spådd ein plass rundt midten etter at fleire av spelarane frå i fjor tok skoa sine å gjekk. Dei nye og gamle spelarane har svara skeptikarane med å vinne kamp etter kamp. No er vi vande med at Herd opnar godt, det gjorde dei i fjor også, men i år ser det endå sterkare ut. Blåtrøyene er det klart mest spelande laget i divisjonen, men er også farlege på dødballar. Likevel, vi trur ikkje Herd held heilt inn. Dersom vi tek deibeste laga i divisjonen innbyrdes, så har både Stranda, Norborg og Ørsta plukka meir poeng. Grunnen til at Herd ligg på 2 . plass er at dei har 100% uttelling mot laga frå 6. plass og nedover. Her har for eksempel Norborg mykje å lære.

Norborg har tapt ein av sine første elleve, men mange uavgjortar mot lag ein normalt skal slå, øydelegg for oransjetrøyene. Ein har skapt klart fleire sjansar i kampar mot botnlaga GuLars og Vigra, men likevel stått igjen med poengdeling. Dersom dette blir eit vedvarande problem, vil Norborg miste kontakta med topplaga til slutt. Dette til trass for god uttelling mot dei andre topplaga.

Dei tre store
Bergsøy, Stranda og Ørsta skulle gjere opp seg imellom kven som skulle ta dei to opprykksplassane. Stranda har fått overtaket etter ei litt famlande innleiing med uavgjort og tap. Laget står no med fem strake sigrar og har foreløpeg full kontroll på divisjonen. Eitt poeng i pluss er dei også i forhald til i fjor. Dette takka vere ein langt betre defensiv tryggleik. Ørsta skuffa oss veldig då vi såg dei mot Norborg. Laber innsats og ein Aam som for det meste stod å dagdrøymde om spel i høgare divisjonar igjen. Men trass i at Ørsta hverken gjorde jobben sin mot Norborg, ei heller då dei skulle skaffe seg ein spelar frå Vartdal, så er laget på 3. plass og temmeleg i rute. Verre er det med Bergsøy. Laget frå Fosnavåg skulle cruise gjennom divisjonen med storsiger etter storsiger. So langt er det einaste storsinn ovanfor Norborg (0-2), Stranda (1-5) og Ørsta (0-4) dei har vist. Bergsøy må snart vakne om dei skal innfri favorittstempelet. Men på ei anna side så har dei jo teke eitt poeng meir enn fjorårets 4. divisjonsvinnar hadde. Det er tross alt på hausten det skal avgjerast.



Bergsøy har falle igjennom mot dei andre topplaga, medan Norborg gjer det same mot svakare motstand. Difor er det Stranda, Herd og Ørsta som ligg best an i toppen.

Medan Herd er den positive overraskinga er Ørskog det motsette. 2008 var året då blåtrøyene frå Sjøholt skulle kjempe heilt i toppen. So har ikkje skjedd. Laget har gått på fleire store nederlag og er ute av toppstriden lenge før innspurten har starta. Sunnylven og ÅVK ligg rundt midten som venta. Sunnylven har spesielt skjerpa inn det defensive frå i fjor, men slit med å avgjere kampar og har mista kontakta med topp 5. HaNo har dobla antall poeng i høve til i fjor, men er inne i ein bølgjedal og har falle frå 4 til 8. plass. Likevel, HaNo var saman med GuLars den klaraste dumpekandidaten og må seiast å ha hatt ein positiv vår der siger over Ørsta ragar høgast. Vartdal yte stor innsats og har karra seg bort frå den verste botnstriden. Der ligg Vigra og GuLars. Vigra starta positivt, men eitt poeng på siste sju luktar det nedrykk av. GuLars ligg heilt sist. Presist der laget vart spådd før sesongstart. Mogeleg laget kan ta Vigra, men er for svakt til å plukke fleire lag dersom ein ikkje får heim sine soner.

Samanlikning 2008 mot 2007:



Haramslaga sankar langt fleire poeng i år enn i fjor.

Tabell
Toppscorarliste