Godøy vann treningskamp og Øy-cup
Sist helg gjekk Godøy til topps i Øyacupen for dei
fire laga i Giske kommune. Godøy vann først 6-1
over 6. divisjonslaget Giske for så å slå Vigra i
finalen med 5-4. Tysdag kveld vann raudtrøyene 2-1 over 3. divisjonslaget Rollon i ein treningskamp på Rollonbana.




ÅVK og Hovdebygda forsterkar
ÅVK har signert 21 år gamle Sverre Moltu frå Moldtustranda (6. div.), melder "Venner av Åram". Moltu kan nyttast både på midtbana og som spiss. Hovdebygda har også skaffa seg ein ny spelar. Dette er den tidlegare FK Haugesund spelaren Christian Velde. Velde er opprinneleg spiss, men har blitt omskolert til midtstoppar i FKH. Han er 34 år og har 18 kampar for FKH.

Roger Dalhaug til Ravn?
Etter det norborg.com har fått rede på så er Roger Dalhaug på veg frå Brattvåg til Ravn. Mangel på speletid skal vere årsaka til at Dalhaug vil spele i 5. divisjon denne hausten.


























Trøbbel med både mygg og dommar
Giske hadde problem med både hissig mygg og etterkvart ein hissig dommar då dei møtte Hildre i siste kamp før ferien. På Giske sin nettstad les vi: "Første halvleik vart etter kvart ei tung og blaut affære då himmelen sine sluser åpna seg. Etter kvilen hadde det meste av regnet gitt seg. Då var det myggen som regjerte eit myrlendt og skogkledd område rundt stadion. Og det bitevillege insektet skulle bokstaveleg talt sete sitt preg på stemninga utover i kampen...... For lagleiing og reserver vart det viktig å skjule ansikt og meir eller mindre udekte kroppsdelar etter beste evne. Når det vart for ille måtte ein ta hendene i bruk, og klapse myggen. Det skulle ikkje trenar Oddbjørn Giske ha gjort: Kristoffer Skjong Grimstad vart noko opprørt over å ha fått gult kort etter ei tackling, men trenar Giske ba han roe seg ned og ta imot advarselen. Dagens dommer, frå Sykkylven IL, reagerte uforståeleg mot kommentaren frå sidelinja. Når så trenaren like etter, som så mange gonger tidlegare i omgangen, klappa myggen vekk frå ansiktet, formeleg sprakk det for den svartkledde. Det vart freista i rolege ordelag å forklare, men til inga nytte. Trenar Oddbjørn Giske vart vist vekk frå sidelina med knappe halvtimen att, angiveleg for usportsleg opptreden, og på vegen sende dommeren med han verbale karakteristikkar som ikkje høver seg for representantar for Sunnmøre Fotballkrets, og av same grunn, ikkje heller på trykk i dette medium. Lagleiarar for arrangørklubben og publikum reagerte som det gjestande laget, med vantru på hendinga. Dette var med respekt å melde langt over streken." Giske vann for øvreg kampen 1-0.