|
Norborg 2006 - del
2
Nok eit surt tap!
|
Tippeselskapet
Nordicbet haldt Norborg som knapp favoritt i lokalderbyet mot Brattvåg,
men eit elendig opningskvarter gjorde at oransjetrøyene ikkje
innfridde. To mål rakk Brattvåg å score på
denne tida, før Norborg starta å kome seg til hektene.
Resten av kampen var jamn, ja vi kan vel seie at Norborg til og
med styrte store delar, men poeng vart det ikkje trass mål
av Ståle Hurlen og Lennart Holmem. På ein av sine få
sjansar i 2. omgang hadde Brattvåg marginane på si side
og scora eit 3. mål, medan Norborg og Kim Idar Krogsethagen
hadde uflaks og traff på innsida av stolpen og ut. Dermed
3-2 til Brattvåg, og Norborg tok ferie på 8. plass.
Langt unna forventingane.
|
Dette
syntes Kim om Brattvåg-kampen.
|
Tapande finalist
på Øyacup
|
Norborg sitt
herrelag måtte sjå seg slått 2-3 av HaNo i finalen på Øyacup. Norborg
starta kampen best, men trass gode sjansar det første kvarteret
fekk ein ikkje mål. Så tok HaNo fullstendig over spelet og produserte
ei rekke sjansar før målet kom etter 25 minutt (2x30 minutts omgangar).
HaNo var også klart best i byrjinga av 2. omgang og scora to mål
til før Norborg sette i gong ein sluttspurt med to mål av Kristian
Søviknes. "Snesen" vart dermed delt toppscorar med Erik Åkre (HaNo).
Begge med tre mål. I gruppespelet vann Norborg først 2-1 over Brattvåg
før det vart 0-0 mot Fjørtoft. Damelaget tapte først 1-7 for HaNo
før ein spelte 2-2 mot Fjørtoft. I kampen om 5. plassen vann ein
2-1 over Lepsøy.
|
Snesen
vart toppscorar på Øyacup.
|
Klassekeeper meldte
si teneste
|
Som troll i
eske dukka i sommar Trond Elstad opp som ny gigantkeeper i Norborg.
Debuten fekk han i trenings-kampen mot MSIL. Trond vart ikkje satt
på dei store prøvene, men vi fekk iallfall eit lite
prov på at dette var ein solid keeper. Utover hausten vart
Trond kanskje Norborg si viktigste brikke. Gong på gong gjorde
han matchvinnar redningar. På Trond sine 8 seriekampar vart
heile 7 vunne. Berre seriedebuten hans mot ÅVK vart tapt.
|
 |
Jentene imponerte på
Norway Cup
|
Norborg deltok
med eitt jente 16 lag på årets Norway Cup. Laget tok
seg vidare til A-sluttspelet etter 2-0 over Varegg/Sandviken, 1-1
mot Fart og 0-2 for Amazon Froland. I sluttspelet vart ein slått
ut på straffekonk. av Blindheim etter 2-2 ved ordinær
tid.
Jentene og trenar Lars Ugedal kunne vere stolte av innsatsen
sin på Norway Cup.
|
 |
Tini fotballstjerne
i USA
|
Martinus Grytten
drog tidleg i august til Arkansas, USA, for å gå på skule, og det
tok ikkje mange dagane før han fekk avisoppslag. Tini prøver seg
nemleg som kicker hos Gravette Lion. Hos The Benton County Daily
Record skriv dei dette: "Only minutes earlier, the Gravette Lions
saw what foreign exchange student Martinus Grytten can do with a
football. Grytten, who arrived here Thursday from Norway, booted
field goals 47-, 40- and 35-yards. The shorter one sailed over the
locker room. About 30 Gravette fans watched from the shade here
Saturday morning. They were all smiles." Og coach Bill Harrelson
seie dette om norborgaren: "That was a huge, huge pickup for us,
” said Harrelson of his move-in. “ He’s going to get some live action
before long; he’s going to be important to us.”
|

Stjerne-kicker
Tini
|
Sikra avdelingssigeren
-Det vart handballsiffer då Norborg sitt herrar 7'ar sikra avdelingssigeren
i kampen mot Brattvåg i midten av september. Heile 16-10 vann oransjetrøyene
i avdeling 3 sin toppkamp på Uggedal stadion. Norborg fekk ein god start
på kampen å scora allereie etter 40 sekund ved Kristian Furnes. Stillinga
ved pause var 9-5. I midten av 2. omgang var Brattvåg på hogget og scora
fire raske mål så stillinga var 12-10, men nærmare kom aldri gultrøyene
og Norborg drog frå på slutten. Målscorarar for Norborg var: Geir Ove
Grønli (6), Biarte Hånes (4), Kristian Furnes (2), Julio Cesar (2), Kenneth
Vegsund og Terje Tellefsen.
Juniorherrane på 2. plass
|
Norborg sine
juniorherrar vann årets siste kamp då det vart 1-0 over Rollon på
Uggedal grus 29. september. Asgeir Kalvø sette inn målet i 1. omgang.
Kampen var elles svært svak. Norborg endte dermed på 2. plass i
2. divisjon etter at ViGo vann 6-1 over Ørsta-laget. Vi gratulerer
Vigra/Godøy med tittelen!
|
Asgeir
vart matchvinnar i siste kamp mot Rollon. Han vart også toppscorar
med 15 mål.
|
Norborg i 1500
-Lennart historisk målscorar
|
Lennart Holmem
scora Norborg sitt seriemål nr. 1500 gjennom tidene då
han ga oransjetrøyene 1-0 mot Blindheim 23. september. Målet
kom slik: Asgeir Kalvø fører ballen framover før han spelar fram
til Lennart. Han kjem seg fram til 16 meteren og med keiva sette
han ballen i ei fin boge over keeper Vadseth og i mål. Eit verdig
seriemål nr. 1500 for Norborg.
|
|
Juniordamene avslutta
med stil
|
Juniordamene
vann sin siste kamp med heile 9-1 (7-1) over Ellingsøy. Spesielt
før pause leverte laget ein strålande innsats og kunne gå til pause
med 7-1. Camilla Krogsethagen 6, Nina Witsø, Birgitte Ringstad og
Camilla Johnsen putta for oransjetrøyene. Ellingsøy si redusering
kom på straffe. Norborg sikra seg 2. plassen i divisjonen. Ein godt
nøgd trenar André Larsen takka laget for solid innsats gjennom sesongen.
- Vi har gjort ein svært god sesong. I dag hadde vi fleire jentespelarar
enn juniorar så også framtida er lys, seie Larsen. I dag plukka
han ut toppscorar Camilla Krogsethagen og keeper Ida Holmeset som
dei beste. Camilla har gjennom sesongen scora heile 38 mål.
|
Camilla
vart toppscorar med 38 mål.
|
Knuste Stranda sin
opprykksdraum
|
Norborg tok
nok ein imponerande siger då ein vann 3-2 over Stranda i siste seriekamp,
og dermed knuste blåtrøyene sin draum om 3. divisjonsspel neste
år. Det starta likevel svært bra for Stranda, og mål av Kim og Kato
Vangen sørga for to-målsleiing til pause. Det første målet kom på
ei rekke feil av Norborg, det andre burde ha blitt avblåst for frispark
mot keeper Trond Elstad. Etter pausen fann Norborg ny energi, medan
Stranda vart meir og meir nervøse og rådville etterkvart som opprykksrival
Blindheim scora mål etter mål mot ÅVK. Halvvegs
ut i omgangen reduserte Steffen Grytten då han stussa eit perfekt
slått frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug i mål. Etter reduseringa
kom ei lita dødperiode av vertane, men på slutten vakna ein igjen
til liv og den rutinerte storscoraren Ståle Hurlen putta to gongar
frå kloss hald etter gode innlegg. Ståle fiksa dermed både tre poeng
til Norborg og toppscorartittelen i klubben til seg sjølv. Vi håpar
dette verkeleg ga smaken på å fortsette eitt år til. Elles herleg
avslutning på sesongen av Norborg med fem strake sigrar, og 8 sigrar
på dei 9 siste. Stor takk til spelarar, lagleiing og supportarar
for ein flott sesong.
|
|
KM-tittelen glapp
Norborg sitt herrar 7'ar møtte Brandal og AaFK i kamp om KM-tittelen.
I første kamp tapte ein 7-10 under håplause forhald på
Brandal. Garderobene vart ikkje låst opp før 15 minutt før
kampstart, dommaren nekta å utsetje kampen på grunn av fotballkamp
på TV, medan bana var særs lita. Likevel, Norborg leia 3-1
tidleg i kampen, men så fekk heimelaget i gong maskineriet og snudde
kampen. I 2. KM-finale mot AaFK måtte då Norborg vinne med
fire mål.
Norborg vann 6-5 (2-2) over AaFK i den siste KM-finalen, men diverre var
ikkje dette nok til å stikke av med tittelen. Det var det nemleg motstandar
AaFK som gjorde på betre målforskjell enn Brandal og Norborg. Under nydelege
forhald i Uggedalen tok Norborg kommandoen med mål av Steffen Grytten
(14 min) og Julio Cesar (22), men ein svak periode i slutten av omgangen
førte til at AaFK fekk to kjappe mål. Uavgjort var imidlertid greitt ved
pause. To minutt ut i 2. omgang gir igjen Steffen heimelaget føringa,
men AaFK svara igjen med to raske mål og snudde kampen. Norborg ga likevel
ikkje opp, og berre ville vinne denne kampen. Julio Cesar utlikna midtvegs
og Steffen fiksa leiing fire minutt før slutt. Det såg likevel ut til
å gå mot uavgjort då Per Joar Hansen scora sitt 2. mål like før slutt.
Men på overtid dukka igjen kampen sin store spelar Steffen Grytten opp
og nikka inn vinnarmålet. Ein spelemessig god 7'ar kamp der Perry, Rune
Sunde & co. viste at dei fortsatt kan å spele ball. Aldri før har det
nok vore fleire stjerner i Uggedalen, og godt var det å sjå at også dei
måtte reise heim med tap. Vi gratulerer Norborg 7'ar med ein flott sesong.
Berre så synd at KM-tittelen vart øydelagt på ein liten skuleplass utpå
Brandal. Vi gratulerer også AaFK med tittelen.
Grytastranda henta heim pokalen
|
Grytastranda
vann heile 5-2 over Søvik i dagens Bygdakamp og tok sin femte siger
av seks mogelege. Det var likevel Søvik som kunne juble først då
Ståle Hurlen blokkerte ei klarering i mål. GBG kom seg raskt etter
sjokket, og i løpet av omgangens siste kvarter snudde gultrøyene
kampen med mål av Tarjei Urkedal, Stig Wold og Lennart Holmem. Fortent
GBG-leiing ved pause. I 2. omgang var Søvik langt meir med, men
GBG var effektive og putta to gongar ved Kim Idar Krogsethagen (str.)
og nok eit mål av Stig Wold. I sluttminutta pynta Ståle Hurlen på
resultatet for FC Søvik. - Følte vi hadde full kontroll på Søvik
kampen igjennom, og det måtte også tilfeldigheiter til for at dei
skulle score. Pokalen er endeleg tilbake i rett bygd, sa GBG-manager
Frode Engeset etter kampen. To offside mål og ei billeg straffe,
var FC Søvik-manager Jan Egil Alstadsæter sin kommentar.
|
|

Glade vinnarar frå
Grytastranda
Norborg
hadde laurdag avslutningsfest for senior- og juniorlaga på "Lygarbua"
på Terøy. Her vart det utdelt utmerkelsar for 2006 og sjølvsagt heftig
diskusjon rundt årets bygdakamp, som gjekk før på dagen.
Desse fekk utmerkelsar:
A-lag: Årets spelar: Tarjei Gjerset Urkedal Toppscorar: Ståle Hurlen
Assistkonge: Tarjei Urkedal
Menn 7'ar: Årets spelar: Kristian Furnes Toppscorar: Geir Ove Grønli
Junior damer: Årets spelar: Camilla Krogsethagen Toppscorar: Camilla
Krogsethagen
Junior herrer: Årets spelar: Kristoffer Søviknes Toppscorar: Asgeir
Kalvø
Statuettar for spelte kampar: 300 kampar: Stein Erik Reitan 250
kampar: Christian Søvik 200 kampar: Tarjei Urkedal 200 kampar: Eirik York
200 kampar: Roger Grytten 200 kampar: Kristian Søviknes 150 kampar: Jan
Even Drønnesund 150 kampar: Steffen Grytten 100 kampar: Ståle Hurlen 50
kampar: Adrian Håbet 50 kampar: Stein Erik Mårstøl
Norborg mest pop i Haram
Norborg kom på 13. plass i kåringa av "klubben i mitt hjerte" med 387
stemmer, og er med det Harams mest populære klubb. Norborg deltok i klassa
fleridrettslag under 500 medlemmer. Ravn er Harams nest mest populære
lag med 232 stemmer og 32. plass i klassa for fleridrettslag over 500
medlemmer. Brattvåg tok 41. plassen i samme klasse med 192 stemmer. Elles
er AaFK Sunnmøres mest populære lag ifølge denne kåringa. Dei fekk 1351
stemmer. Rangeringa bak AaFK er: 2. Valldal 796 stemmer 3. Hovdebygda
442 4. Norborg 387 5. Rollon 370 6. Ørskog 301 7. Herd 292 8. Ravn 232
9. Hødd 216 10. Brattvåg 192
Norborg1 vidare til sluttspel
-god innsats av 2. laget
Norborg1 vann alle sine kampar og er for fjerde år på rad vidare til slutt-spelet
i inne-KM for herrer. Norborg vann 10-0 over Hildre, 7-3 over Ravn, 5-3
over Skarbøvik og 4-3 over HaNo. Måla vart scora av Ståle Hurlen 5, Lennart
Holmem 5, Steffen Grytten 5, Kim Idar Krogsethagen 4, Adrian Håbet 3,
Tarjei Urkedal 2 og Kristian Søviknes. Det unge Norborg2 ytte god motstand
og var nær ved å vinne over både Spjelkavik (4-5 tap 3 sek før slutt)
og Sunnylven (3-5). Skodje vart slått 5-4, medan ein tapte 2-8 for Blindheim.
Knut Ivar Bjørlykhaug 3, Edward Laverton 3, Kristian Furnes 3, Ole Johan
Urke 2, Kjell Terje Brusdal 2 og Ellng Mikal Kalvø.
Svak start - grei avslutning
To svake kampar mot Volda og Blindheim øydela Norborg sine sjansar til
å nå semifinalen på årets inne-KM i Voldahallen. Heldigvis retta ein opp
inntrykket med ein solid 12-3 siger over ÅVK og 5-5 mot Ørsta. I første
kamp mot Volda var ein med til 4-4 halvvegs i kampen, men det var noko
tamt over oransjetrøyene og frå det 13. til det 19. minutt avgjorde Volda
med fire mål. Til slutt enda kampen 9-5. Kim Idar Krogsethagen (2), Tarjei
Urkedal og Kristian Søvik-nes scora. I kampen mot Blindheim hadde ein
fleire store sjansar på stillinga 1-1, men så kom ein igjen inn i ein
svært svak periode og BIL scora 5 mål på 7 minutt. Kampen enda til slutt
med 4-8 tap. Kim Idar Krogsethagen (2), Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes
scora. Det var no berre små teoretiske sjansar for at Norborg skulle gå
vidare. Ein hadde dermed ingenting å tape og valde ny taktikk med å presse
høgt frå starten av. Dette fungerte svært bra og før 8 minutt var spelt
leia ein 6-0. Sluttres-ultatet vart 12-3. André Larsen (3), Kristian Søviknes
(3), Adrian Håbet (3), Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal og Knut Ivar
Bjørlykhaug scora måla. I siste kamp måtte ein vinne med fem mål over
Ørsta for å nå semifinalen. Ørsta starta best og leia 2-0 og 3-1, men
Norborg ga ikkje opp og var det førande laget i banespel. Ørsta si leiing
vart innhenta og kampen enda til slutt 5-5. Tarjei Urkedal (2), Kim Idar
Krogsethagen (2) og Adrian Håbet scora. Norborg endte dermed på 4. plass
på tabellen med 4 poeng. Eit greitt KM med tanke på at dei tre toppscorarane
frå det innleiande spelet ikkje var med.
Romjulsturnering
Same gamle leksa -Colic hindra Norborg-suksess
Norborg vann gruppa si på Romjulsturneringa etter tre strake sigrar over
Fjørtoft (3-0), Ravn (3-2) og Helland Spesial (2-1). Tre kampar der ein
sleit med å få utteljing på sjansane. Spesielt mot Helland var sløsinga
stor. I kvartfinalen vann ein greitt 5-1 over Hildre. I semifinalen stod
KM-vinnarane frå Brattvåg på motsatt halvdel. Brattvåg tok føringa på
eit svært billeg idømt straffespark, men Norborg kom seg til hektene,
og ved hjelp av Brattvåg-keeper Espen Wold kvitterte Ståle Hurlen raskt.
Norborg var det førande laget, og få minutt etter utlikninga scora Ståle
igjen. Men så kom samme gamle visa igjen. Arnel Colic får to sjansar,
og sette begge i nota. 3-2 til Brattvåg, noko som stod seg trass fleire
gode Norborg-sjansar i sluttminutta. I bronsefinalen mot Brattvåg jr.
fekk vi sjå eit svært stilleståande Norborg-lag tape 2-1 på sudden death.
Brattvåg vann finalen 3-2 over Kjetil Rekdal sitt Team Rekdal.
|