|
Norborg året
2006 -
del 1
Opp og nedturar vinter og vår 2006
2. januar møtte 29 spelarar opp til årets første A-lagstrening.
På grunn av frost, stod joggetur til Terøya på agendaen.
Ikkje uventa var det Tarjei Urkedal som vann mil-løpet.

Den nye trenaren Jan Egil var svært opplagt før den første
treninga.

Treninga vart noko utsatt sidan "Babben" hadde store problem
med å få på seg refleksvesten.
|
Spelte med Hødd!
Adrian Håbet hospiterte i januar på Hødd sitt
Junior Elitelag på Color Line Cup.Dei to klubbane hadde lenge
hatt ein dialog rundt den lovande 16-åringen. No ønskja spelarutviklar
i Hødd Knut Ertresvåg, at Håbet skulle få prøve seg under Eliteturneringa
til Aalesund FK, og dette var både Norborg og spelaren positive
til. -Vi ser det som ei tillitserklæring til både spelaren,
hans medspelerar og den jobben som blir lagt ned i vår aldersbestemte
gruppe at Hødd fatter interesse i ein av våre sine spelarar. Dette
bør være ein stor motivasjon både for den aktuelle spelaren og andre
talent til å trene hardt framover, sa Norborg si sportslege leiing
i ein kommentar. Adrian var for det meste innbyttar på Hødd,
men kom inn å scora eitt mål mot Molde.
|
 |
Sette
ny klubbrekord!
Norborg starta
kampsesongen med å vinne 5-2 over MSIL ein kald januardag i
Brattvåg. MSIL tok leiinga, men Norborg kom sterkt tilbake og
styrte det meste, spesielt etter pausen. Tarjei Urkedal fekk æra
over å score oransjetrøyene sitt første mål
dette året. Debutantane Lennart Holmem og André Larsen
kom også på scoringslista.
Dette var starten på ei lang sigersrekke for oransjetrøyene.
Vigra vart slått 2-1 og 6-0. Ambisiøse Stranda vart sendt
av bana med 2-3 tap, Valder tapte 1-2 etter to seine mål av
Lennart Holmem og Ståle Hurlen, medan GuLars vart rundspelt
og slått 4-0. Dermed 6 strake sigrar, 22-6, og ny klubbrekord.
Mange starta no å nemne Norborg som ein outsider til opprykksplassane
i 4. divisjon. |
Lennart
var ein god tilvekst for Norborg og scora 8 mål på sin
6 første kampar.
|
Fire
døde på veg til kamp
Fire unge Måndalen-supportarar omkom i ei tragisk bilulykke då
dei skulle stad å sjå vinterseriekampen mellom Norborg og
Måndalen 19. februar. Bilen dei kjørte fekk sladd og kræsja
med ein trailer.
Juniorane
feila
Norborg sitt juniorlag hadde store ambisjonar, men var ute av scoringsform
og greidde ikkje å kvalifisere seg til 1. divisjon. I dei to
første kampane tapte ein 3-0 for AaFK og 1-0 for Herd. Spesielt
mot Herd burde ein ha scora mange mål, men den gong ei. 2-1
siger over Emblem ga likevel håp om plass i 1. divisjon, men
då måtte ein sette Stranda på plass i siste kamp.
Dette viste seg å vere svært vanskeleg, og etter 0-0 ved
pause, måtte ein sjå seg slått 1-2. Dermed kom ein
på ein skuffande 4. plass i pulja.
|
Juniorane
sov i timen då ein skulle kvalifisere seg til 1. divisjon.
|
|
Jentene imponerte
på Mørecup
Jentelaget tok seg til finale på Mørecup i Sunnmørshallen
første helga i mars. Etter å ha vunne pulja si vart
Herd slått på straffekonkurranse i semifinalen. Også
i finalen måtte det straffekonkurranse til for å avgjere
kampen. Her hadde Valder best kontroll på nervane og vann.
Likevel, stor honnør til jentene.
|
 |
Årets første
tap
82 dagar ut i det nye året så tapte Norborg sin første
kamp då Blindheim vart for sterke og vann 3-2. Kampen var jamspelt
og kunne ha bikka begge vegar, men Blindheim var mest effektiv og avgjorde
kampen fire minutt ut i 2. omgang. Dette var starten på ein svakare
periode for oransjetrøyene. Ellingsøy vart rett nok slått
5-1 nokre dagar seinare, men det var óg einaste sigeren på
6 kampar.
Treningsleir i Danmark
Søndag 9. april kom Norborg sin store tropp fram til Løgstør
i Danmark. Berre ein halvtime etter ankomst møtte samtlege på
trening. Norborg disponerte tre baner av brukbar stand, men veret var
surt. Herrelaget spelte to kampar i Danmark. Den første enda med
2-2 mot Sørumsand, medan ein måtte sjå seg noko ufortent
slått 1-2 av IFK Hjo. Juniorane vann sin kamp 1-0 over Lillestrøm
etter mål av Lars Petter Tennfjord. LP pådrog seg seinare
i kampen ein alvorleg skade, som gjer at han framleis er å finne
på sidelinja. Juniordamene var også med på leiren, men
spelte ingen kampar.
 |
Krenges vart
meister i fotballboccia.
|
|
Frida og Camilla koser seg på kamp i Danmark.
|
 |
 |
..og Fredrik
koser seg på trening...
|
|
Tarjei og
Snesen nyttar tida til shopping...
|
 |
 |
Mona såg
ut til å like maten i Løgstør.
|
18.
april - Ein gledens dag!
Tysdag 18. april fekk vi beskjeden vi hadde gått å venta
på. Steffen Grytten er kampklar igjen etter den alvorlege hovudskaden
han drog på seg i ei bilulykke i fjor haust. 29. april var han
tilbake i forsvaret i 4-1 sigeren over ÅVK. Sjølv utan
oppkjøring vart Steffen raskt ei sentral brikke på Norborg-laget,
og tok 2. plassen i konkurransen "Årets spelar 2006".
Hausten 2006 var han den beste midtstopparen i 4. divisjon, og ei
av årsakene til den sterke sesongavslutninga til oransjetrøyene.
|
Norborg
og Steffen jubla over at han igjen var kampklar.
|
So
nær, so nær
Norborg tapte sesongopninga mot Brattvåg med 1-2. Norborg gjorde
ein sterk defensiv kamp på kunstgraset, og var også nærmast
scoring i ein mållaus 1. omgang. Men så starta heimelaget
å få marginane på si side. Eit innlegg frå langt
hald frå Stian Hatlehol ga gultrøyene leiinga, og like etter
mått banens beste Lennart Holmem, gå av bana med skade. Likevel,
Norborg kom tilbake og utlikna ved Ståle Hurlen. Brattvåg
tok etterkvart over kampen, men det heile gjekk mot uavgjort og eit sterkt
bortepoeng for Norborg. Men så, i det klokka viste 90 minutt vart
Martin Sundnes spelt fri og avgjorde kampen. Svært bittert for eit
hardtkjempane bortelag. - Vi fekk ubalanse i laget då Lennart måtte
ut. Vi hadde fortent poeng i dag, sa Norborg si lagleiing.
|
Svak vårsesong
Etter den gode vinteren vart forventingane til Norborg skrudd opp,
men det vart tidleg klart at oransjetrøyene ikkje var eit
lag som skulle kjempe om opprykk. Når juni månad var
ferdig låg Norborg på 8. plass heile 9 poeng bak opprykksplass.
Avstanden til botnlaget Herd var på berre 5 poeng. Tendensen
var klar, tap borte og siger heime. Nøkkelspelarar ute av
form og stor rotasjon i lagoppstillinga. Norborg behaldt likevel
motet oppe, fordi ein slettes ikkje var underlegen i banespel sjølv
om ein gjekk på stygge tap mot Blindheim og Stranda. Ting
ville snu, det var berre eit spørsmål om tid.
|

Oppvaskmøte
etter svak sesongstart...?
|
|
Gode juniordamer
Norborg sine juniordamer hadde ei flott utvikling gjennom vinteren
og våren, og starta også serien flott med 9-2 siger
over Rollon. Dette vart fulgt opp med 7-3 siger over Valder før
møtet med den argaste motstandaren Brattvåg. Trass
heilhjarta innsats vart det her 6-3 tap. Vårsesongen vart
avslutta strålande med 11-2 over Ellingsøy. Trenarane
Kristian Furnes og André Larsen haldt beina godt planta på jorda
og kom med følgjande kommentar etter kampen; vi minner om tysdagens
trening kl. 1730 i Søvikdalen. Statusen var då 4 sigrar og
2 tap på dei 6 første kampane. Camilla Krogsethagen
stod med heile 16 mål på desse kampane.
|
Ingrid
& juniordamene kunne vere godt nøgd med vårsesongen.
|
|
Jentelaget til
1. divisjon
Jentelaget kunne vise til sterke prestasjonar i vår, og krona
det heile med opprykk til 1. divisjon. Jentene vann 4 og tapte 2,
og kom på 3. plass i 2. divisjon.
|
Nina
imponerte både på jente- og juniornivå i vår.
Kampar på krinslaget fekk også Grytastrand-jenta.
|
|
Valsa over det
meste
Norborg sitt herrar 7'ar hadde eitt mål for auget, KM-tittel.
Første steg på vegen var å bli avdelingsvinnarar,
og etter ein solid vårsesong med 5 sigrar og ein uavgjort
var første steget praktisk talt i boks.
|
Audun
leita fram fotballskoa sine og imponerte med stor målteft
for 7'ar laget.
|
|
Jenter på
juniorherrelaget
Juniorherrene sleit med få spelarar, og i toppkampen mot ViGo
i slutten av mai måtte ein få hjelp frå juniordamene.
Jannicke Gjerset, Sandra Larsen og Mona Kvammen stilte gladeleg
opp for å hjelpe Tini & co. Diverre måtte juniorane
sjå seg slått med 2-1.
|
 |
Oppsummering av 2.
halvdel av sesongen kjem Nyttårsaftenen.
|