God jul og godt nyttår!

Det har no snart gått en måned sidan eg vart valt som ny leder av fotballgruppa i Norborg. Fire interessante uker der eg har blitt satt inn i mykje ny informasjon angåande det å drive ei undergruppe i eit idrettslag. Vi har gjennomført to gode styremøter, og den viktigaste prioriteringa for fotballgruppa i denne tida er å få på plass ein god trenerløysning for alle lag. Liten som stor! Dette er ei stor utfordring, og det er svært viktig at vi her får positive svar frå dei vi spør. Vi er heile tida på utkikk etter ressurspersoner, og vi håper at vi kan finne dette på alle lag. Set du med ei trenerspire i magen, lysten i kroppen eller trur du er rette personen i ei slik rolle så må du ikkje være redd for å melde deg frivillig! Vi ønskjer å legge forholda så godt som overhode mulig for alle som stille trenera. Dette gjennom oppfølging, tilbud om utdannelse og godtgjerelser med meir der dette er tilgjengelig utifrå den planen styret har lagt for 2007!

Dei to viktige undergruppene, økonomigruppa og anleggsgruppa, har vi også hatt fokus på dei siste ukene.

I økonomigruppa har vi ei overlappordning med tre ut, tre inn og tre som fortsetter. Dette gjer at arbeidet deira går smidig videre etter eit årsmøte. Dei har blant anna gjort ein fantastisk jobb med vask av ferga "Stavangerfjord" her i adventstida. Viktig dugnadsinnsats, som gir fotballgruppa gode økonomiske tilskudd. Vi er evig takknemlig for at Aker Yards legger til rette for at dei frivillige organisasjonane der verfta holder til får slik ypperlig dugnadsmuligheter.

Dei har også planer om ei storstilt flaskeinnsamling rett over nyttår, så eg vil på det sterkaste anbefale samtlige Norborgvenner om å spare på all tomgods frå juletida. Dette kan være ein fin og enkel måte å støtte Norborg sitt frivillige arbeid i bygdene på. Meir info vil kome i posten rett over nyttår.

Anleggsgruppa går eit spennande år i møte. Vi har her gjort eit stunt, og utvida denne frå 2 til 6 personer frå i år av. Vi håper dette kan bidra til å fordele ein del tunge anleggsansvar utover på fleire personer. På denne måten kan vi følgje opp vårt store og vide anlegg på ein mykje betre måte. Vi har viktige vedlikeholdsoppgåver her som det er svært viktig å ikkje gløyme rett etter at nye anlegg står ferdige. Styret jobber også med spennande planer angåande ny kioskløysning i Uggedalen, og noen andre planer som vi ikkje kan skrive meir om slik situasjonen er no.

SFO på Søvik skule sin innsats for å få eit fleirbruksanlegg plassert på Søvik skule er noe fotballstyret støtter 100%! Her håper vi at bygdefolket med meir kan være med på å sette press på dei som set med det siste ordet i kommunestyret. Dette vil vi ha til grendene våre, og det er eit større behov for det her enn i Vatne/Tennfjordområde når vi ser på kva uteareal elevane på Søvik skule har no til dags!

Vi går ein spennande sesong i møte, og vi håper at vi også i sesongen 2007 kan bygge videre på dei viktige faktorane som har bidratt til Norborg sin oppsving dei siste åra. Eit sterkt positivt engasjement frå bygdefolket, klubbidentitet og tilhøyrigheit frå dei aktive og støttespelera og at vår heimeside kan bidra vidare til å profilere klubben utad på sunnmøre. Vi skal være stolte over den positiviteten heimesida har bidratt med for klubben utover våre eigne bygder. At stordalinger, godøyinger, sebøinger, fosnavågera med meir klikker seg innom våre heimesider viser at klubben har utvikla seg frå å være ein botnklubb i 6.divisjon 1999 med 12 tilskodera i snitt og ingen verdensweb. Til at man i 2006 hadde 700 unike besøkande i snitt per dag på heimesida, 5.plass i 4.divisjon og 170 tilskodera i snitt på heimekampane.

Oppfordrer til at alle som bidrar i Norborg på eller utanfor bana gleder seg til sesongen 2007. Oppfordrer alle dei aktive til full innsats på trening og kamp, og eit like glødande engasjement utafor bana. Foreldre, trenera, lagledera og supportera skaper engasjement, lyst og glede for dei aktive. Å husk, dere er alle rollemodeller for dei ynsgte. La "Fair Play" stå i fokus, dommeren er vår venn, motstanderane skal behandlast slik vi vil dei skal behandle oss og la alle ønskje seg velkomen på Uggedal stadion om laget heiter Ravn, Stordal, Godøy eller Rollon!

Godt nyttår!

Trond Magnussen
Fotball-leder Norborg


PS! Haramsnytt er lokalavisa for Haram og Sandøy. Det kan kanskje være ein idé at man av og til skriv om noe anna enn Brattvåg eller Vatne/Tennfjordrelaterte saker ? Det bor ca. 1600 personer på denne sida av fjellet også, og det hadde no vore nokså naturlig om dere av og til lager litt saker om det som skjer på denne her også. Når hadde dere ein artikkel om Norborg signert ein av deres fast ansatte journalister ?

Ha eit fortsatt godt nyttår................