Spennande veke i 4. divisjon

Sju kampar i 4. divisjon skal spelast denne veka. Først skal den 15. runda gjennomførast, så skal den utsatte kampen i runde 11 mellom Godøy og HaNo avviklast. For fleire av laga er dette ei skjebneveke.

Kampane:
16.08 HaNo - SIF2
17.08 Godøy - Blindheim
Herd - Norborg
Larsnes/Gursken - Hovdebygda
Stranda - ÅVK
Sunnylven - Brattvåg
20.08 Godøy - HaNo


Vinn eller forsvinn
Med eit par sterke resultat i vinter og ei av Sunnmøres beste heimesider, trudde vi Hovdebygda kunne bli eit friskt pust i årets 4. divisjon. Men etter ein brukbar start har det meste gått på tverke for raudtrøyene, og før vi skriv september kan plassen i neste års 5. divisjon nærmast vere spikra. Og heimesida? Den kjem vi oss ikkje inn på... Larsnes/Gursken er i samme båt som Hovdebygda, og torsdag går den viktigaste av mange "cupfinalar" då laga møtast på Gursken stadion. Taparen har nærmast ei umogeleg oppgåve i å hente igjen laga på trygg grunn. Vinnaren har heng på Herd dersom dei taper for Norborg. Sunnylven og Norborg ser vi imidlertid på som for gode til å rote bort den store luka dei har på GuLars og Hovdebygda. Laga er for gode på eige gras til det.

Nye sjansar for Godøy
Godøy har hittil hatt ein litt spak sesong, men denne veka får laget sjansen til å kome seg opp i opprykksstriden for alvor. Godøyingane skal nemleg møte både Blindheim og HaNo på heimebane. To sigrar her gir eit brukbart utgangspunkt for resten av hausten. Blir det poengtap i ein av kampane, forsvinn nok opprykksjansane.

Tåler ikkje tap
Brattvåg er eit anna lag som har kniven på strupen i toppstriden. Med fem tap på dei første fjorten kampane har gultrøyene kome på defensiven, og treng poeng på Hellesylt. Visst ikkje, ligg det an til å bli ein ny 4. plass for Brattvåg. Troppen har blitt svekka frå i vår med Kristoffer Grønmyr, Mathias Fjørtoft og Roger Dalhaug borte. På plassen framfor Brattvåg finn vi Stranda. Etter ei skuffande opning har laget vunne fire kampar på rad, og fått kontakt med opprykksplassane, men tåler ikkje fleire poengtap heime.

Vi trur tabellen vil sjå slik ut ved endt veke: