|

Blindheim er laget som har tatt flest poeng mot dei andre laga på
øvre halvdel, medan Norborg og Godøy knapt har tatt poeng.
Norborg er i fin form og tok sin første siger mot eit topplag sist,
då ein vann komfortabel over HaNo. Vonleg var dette vendepunktet.
Brattvåg heng godt på dei andre laga, men ser vi på
resultata laget har på heimebane, så står dei med tap
for både Blindheim, Stranda og HaNo. Trivst ikkje Brattvåg
på kunstgras...?
Godøy er laget som avgir færrast poeng mot laga på
nedre halvdel, og faktisk er det på heimebane dei fire poenga er
tapt. 2-3 for SIF2 og 1-1 mot Sunnylven. Norborg rota fælt på
bortebane i vår, og måtte nokre gongar reise heim utan siger
i kampar ein til tider dominerte.
|