Sommaren er over og ein del av spelarane reise i frå bygdene våre. Her er ein liten rapport på det som skjer i Norborg.

Kim Idar Krogsethagen
Alder: 23
Posisjon: Forsvar/Angrep
Kampar: 228
Mål: 192
Status: Student i Bergen

Kim Idar Krogsethagen reiste i midten av august til Bergen for å studere. Kampen mot Sunnylven var dermed Kim Idar sin hittil siste kamp i den oransje trøya, men truleg vil kapteinen kome heim og bere trøya igjen ved nokre høve utover hausten. Dei mest aktuelle kampane er då oppgjera mot HaNo, GuLars og Hovdebygda. - Mej fe sjå det an, var Kim Idar sin kommentar då han reiste til Bergen.

Eirik Urkedal York
Alder: 24
Posisjon: Midtbane
Kampar: 220
Mål: 42
Status: Skal til Australia

"Babb" reiser til Australia 29. september og vil difor gå glipp av Norborg sine to siste kampar. Om han kjem heim til sesongstart 2007 er ikkje avklart.

Stig Wold
Alder: 24
Kampar: 135
Mål: 6
Status: Student i Trondheim

Stig reiser i dag oppigjen til Trondheim. Totalt vart det 6 kampar på han denne sommaren.

Øyvind Farstad
Alder: 23
Posisjon: Forsvar
Kampar: 108
Mål: -
Status: Student i Trondheim

"Fazza" sin utlånsperiode frå NTNUI gjekk ut 18. august. Han spelte difor sin siste Norborg-kamp for året mot Herd. Totalt vart det 6 kampar denne sommaren.

Edward Laverton
Alder: 19
Posisjon: Angrep
Kampar: 81
Mål: 31
Status: Student i Molde

Eddie går mest truleg tilbake til Molde jr. i løpet av kommande veke.

Knut Ivar Bjørlykhaug
Alder: 19
Posisjon: Forsvar
Kampar: 77
Mål: 2
Status: Flytta til Bergen

Knut Ivar Bjørlykhaug har litt overraskande flytta til Bergen for å jobbe. Det siste vi haurte var at han skulle trene med 3. divisjonsklubben Varegg. I januar skal han imidlertid i militæret.

Stein Erik Mårstøl
Alder: 25
Posisjon: Midtbane
Kampar: 53
Mål: 5
Status: Student i Trondheim

Stein Erik reiste etter treningskampen mot MSIL tilbake til Trondheim. Det vart dermed 5 kampar på "Måren" denne sommaren. Om han blir henta heim i nokon av kampane utover hausten er ikkje avklart.

Bjørnar Engeset
Alder: 18
Posisjon: Keeper
Kampar: 7
Mål: -
Status: Militæret ventar 25. sep.

Bjørnar er foreløpig heime, men vil i slutten av september reise i militæret. Han går dermed glipp av A-laget sine to siste kampar og juniorlaget sin siste.

Kurt Erik Grytten:
Alder: 24
Posisjon: Keeper
Kampar: 184
Mål: 2
Status: I Australia

Som dei fleste har fått med seg så har keeper Grytten reist til Australia. Går alt etter planen er Kurt Erik tilbake i gamlelandet nokre veker før sesongstart 2007.

tilbake | skriv innlegg