| Vi
ser attende... Framføre kvar sesong har vi kome med våre tabelltips, men kor gode er dei eigentleg? Farer vi berre med vås, eller treff vi nokonlunde? Vi ser litt tilbake på norborg.com sine tabelltips.. Det heile starta i 2002..
Fire lag plassert heilt riktig og stort sett alle spådd i rett sjikte må kunne seiast å vere eit godkjent tabelltips. Les heile vurderinga av 5. divisjon 2002 her. 2003
Diverre har vår vurdering av kvart lag gått fløyten. Truleg ligg den å svevar på verdsveven ein eller annan plass. Synd, for det hadde vore artig å sett kvifor Godøy og Vigra vart plassert langt nede på tabellen? Norborg var nykomarar i divisjonen, og det same var då norborg.com. Vi visste lite kva som venta oss, men spådde Norborg på 5. plass. Noko som stemte med fasiten. Vi fekk også Hovdebygda plassert riktig. Men bomma totalt på Stranda, FK Sykkylven2, Vigra og Godøy. 2004
Ikkje noko godt år for norborg.com sine tabelltips. HaNo og Norborg var dei store favorittane. HaNo kjempa om opprykk til slutten, mens Norborg leia divisjonen etter 2 serierunder og sa so takk for seg. 2005
Tja, vi tippa opprykkslaga Hødd2 og Rollon langt nede. Noko som ofte har blitt dratt fram av Rollon-fansen. SIF2 satsa meir på 2. laget sitt enn forventa. HaNo og ÅVK kraftig overvurdert, elles mykje nesten i tippinga. Godøy einaste riktige. 2006
Begge opprykkslaga plassert riktig, samt tre andre lag. Elles mykje nesten. 2007
Fjoråret var ein ganske forutsigbar sesong. Sju rette og berre nokre skjønnheitsfeil på dei andre. Stranda var berre poenget bak Godøy, medan Norborg var på full fart opp på ein 5. plass då ein sprakk som ein ballong fem runder før slutt. 2008
Tre soleklare kandidatar til dei 3 første plassane. Ørskog ser også sterke ut, men har truleg litt for svakt forsvar til å kjempe om opprykket. Norborg, Herd og ÅVK kan slå alle på ein god dag, men blir for ustabile til å utfordre topp 3. Sunnylven, Vigra, Vartdal, HaNo og GuLars er fem jamngode lag på papiret. Vi tvilar likevel mest på GuLars. Få veit kva dette laget står for i år. I oktober har vi fasiten. |