|
Tabelltips
6. divisjon avd. 1
norborg.com si vurdering
av 6. divisjon avd. 1
1. Lepsøy: Enda på den sure 3. plassen i fjor, og
den vart nok endå surare då Norborg2 sa frå seg opprykket
utan at det fekk innverknad på Lepsøy. Har omtrent same lag
som i fjor og har hatt enkelte sterke resultat i vinter. Har bl.a. slått
HaNo ved to høve i vinter. Lepsøy har ein tynn stall og
toler ikkje skader.
2. Giske: Har sikra seg nokre forsterkningar som f.eks. Henning
Dyb frå Godøy fram til hausten startar. Ein spelar som har
slete med store skadeproblem, men som held eit langt høgare nivå
enn sjette. Ole Herman Eliassen har visstnok også vist seg på
trening, og her har Giske ein spiss som scorar minst eitt mål i
snitt pr. kamp. Var svake i fjor, men saman med nokre forsterkningar,
utvikling av dei unge spelarane og betra treningsopplegg, så vil
Giske nærme seg toppen. Har spelt jamnt med 5. divisjonslag i vinter
og er ein outsider til 1. plassen.
3. Langevåg2: Var med på øvre halvdel i fjor.
Vil nok variere i resultata alt etter kven som er med frå 1. lagsstallen.
4. Norborg2: Vann 6. divisjon i fjor utan problem. Vil nok ikkje
"toppe" 2. laget i like stor grad som då. Har ikkje 7'ar
lag i år, og spelarane som var med her er inkludert i årets
2. lag. Erlend York har kome inn som manager og han har i oppgåve
å halde alle nøgde. Det betyr mykje speletid på alle
som møter jamleg på trening. I vinter har i overkant 10 reine
B-spelarar trent jamnt, og desse vil utgjere troppen saman med dei i A-stallen
som ikkje starta sist 1. lagskamp. Ein god ting hos Norborg er at dei
spelarane som ofte er på 1. laget også gir jernet når
ein må spele 6. divisjonsfotball. Vi trur Norborg2 kjem til å
variere litt meir i resultata i år enn i fjor, og hamnar på
4. plass i ein særs jamn 6. divisjon.
5. Brattvåg2: Slit med ein syltynn A-stall pga mange skader.
Dette betrar seg nok etterkvart, og då vil nok også 2. laget
bli betre. Men, sleit i fjor med spelarar som var lite motiverte til å
spele i 6. divisjon. Har i tillegg eit 7'ar lag og eit juniorlag. Har
Brattvåg nok spelarar til å drifte dette? Det kan bli særs
mykje speling på enkelte. Rolf Seth og Hans Martin Otterlei har
sagt seg villig til å vere med på 2. laget. Seth scora i si
tid mange mål i 3. divisjon og har i dei siste åra halde forma
ved like på BIL sitt 7'ar lag. Vi trur likevel at mange av spelarane
ikkje er heilt motiverte for 6. div. og plasserer Brattvåg på
5. plass.
6. Stranda2: Enda på 6. plass av 8 lag i fjor med 10 poeng.
Får truleg ikkje med seg så mange frå A-stallen, iallfall
ikkje i bortekampane. Blir då litt vel mange trimmarar til at Stranda2
kjempar i toppen.
6. Ørskog2: Nytt lag frå i fjor. Vi veit lite om laget,
men Ronny Furstrand satsar sterkt på dette laget. Han er god nok
for fjerde, men det blir nok for tynt rundt han. Iallfall dersom ein ikkje
får med spelar nr. 12 og 13 på 1. laget.
|