5. divisjon Sunnmøre 2008

Onsdag startar 5. divisjon på Sunnmøre. Nordicbet har Emblem som favoritt til å vinne divisjonen, men norborg.com har eit litt anna syn. Her er vårt tabelltips.

1. Stordal: Har mista dyktige Jon Espen Joranger til Spjelkavik, men med Holtleite, nokre Kikebøer og Overå på laget så bør dette halde til opprykk. Petter Aksel Kirkebøe og Jahn Magne Overå held høg klasse og skal terrorisere 5. divisjonsforsvar. Rykte ned med minst mogeleg margin i fjor, er tilbake i 4. divisjon neste år.

2. Skodje: Tek ein Vartdal og går strake vegen frå 6. til 4. divisjon på 9 månader. Har levert gode treningskampar og har dyktige spelarar som Bjørnar Aure og Joackim Erstad. Held Skodje hovudet kaldt gjennom heile sesongen blir det opprykk.

3. MSIL: Har blitt spådd opprykk i tre år sidan nedrykket i 2004, men har feila med ein 5. plass og to bitre 3. plassar. Stian Hellevik pøser inn mål og Kent Robert Sørheller er ein solid stoppar. Har også rutinerte Roy Magne Sunde på laget. Har slitt i vinter, men kjem til å kjempe om opprykk likevel i ein svak 5. divisjon. Men så var det dette med å prestere når det gjeld då...

4. Hovdebygda: Gjorde ein middels sesong i fjor og enda på 6. Er litt styrka sidan då med bl. a. Espen Hove frå Stranda. Har gjort det brukbart i treningskampar med blant anna sigrar over Vartdal og Åmdal. Nærmar seg toppen, men tek ikkje steget opp.

5. Emblem: Tok 5. divisjon med storm etter opprykket i 2006 og enda på 4. plass. Scora mange mål, men plukka også ut mange av eige nett. Var av 6. divisjonsstandard då vi såg dei mot Norborg. Då var laget heldige som slapp unna med 7 baklengs i staden for 10-12. Vann over Ellingsøy nokre dagar seinare så det må likevel bu noko i laget. Har eit flott anlegg og nokre brukbare enkeltspelarar som Steffensen med fortid i Spjelkavik. Henger med på øvre halvdel i år også, men er for svak defensivt til at det blir opprykk.

6. Ellingsøy: Gjorde ein svak fjorårssesong og redda plassen takka vere ein sterk sluttspurt med sigrar over Skodje og Vartdal. Er hakket betre i år, men ikkje gode nok til å kjempe heilt i toppen.

7. Harøy: Rykte opp etter kvalik. i fjor og greier overgongen til 5. divisjon lett. Har ein tynn stall og må unngå skader på sentrale spelarar som toppscorar Stian Harnes og forsvarsgeneral Toralf Ervik. Litt plaga med at enkelte skal ut på sjøen. Kan slå alle på ein god dag.

8. Åmdal: Greidde seg godt etter opprykket med 5. plass i fjor. Unngår nedrykk i år også.

9. Sæbø: Tapte KM-tittelen i 6. divisjon for Norborg2 i fjor. Har enkelte gode spelarar som toppscorar Marius Riise og Espen Frøland. Slit mot temposterke angriparar og spørsmålet er om forsvaret held mål. Det blir ein kamp mot å unngå nedrykk.

10. Blindheim2: Medan 1. laget vil slite i 3. divisjon, så vil 2. laget slite i 5. div. Blir nok gode i skuleferien, men er dette nok til å stå i divisjonen?

11. FK Sykkylven2: Rykte egentleg ned i fjor, men fekk gratisplass. Har mista nokre rutinerte 1. lagsspelarar. Dersom desse vil henge med og trimme på 2. laget, så kjem dei til å gjere dette tipset til skamme...

12. Ravn: Botnstrid i fjor og endå verre i år. Har mista Tore Nedrevoll til Brattvåg. Knut Egil Lid var på veg til Norborg, men fann ut at det var best å halde seg i Ravn. Har eit ungt lag og er i ein liknandes situasjon som Norborg var i 1997/98. Det vart mange tap. Det blir det for Ravn også.

Vårt tabelltips med Nordicbet sin odds:

1. Stordal 5.00
2. Skodje 5.00
3. MSIL 5.00
4. Hovdebygda 5.00
5. Emblem 3.25
6. Ellingsøy 5.00
7. Harøy 50.00
8. Åmdal 35.00
9. Sæbø 75.00
10. Blindheim2 100.00
11. FK Sykkylven2 100.00
12. Ravn 100.00

tilbake | skriv innlegg