Vurdering og odds 3. divisjon Sunnmøre 2008!

Måndag tjuvstartar 2. laga til Hødd og AaFK 3. divisjon Sunnmøre. Divisjonen har ein like stor favoritt i år som i fjor då favoritt Skarbøvik innfridde og rykte opp. Bak 1. plassen ser det ut til å bli jamnt og opent der alle slår alle. Her er norborg.com sitt tabelltips.

AaFK 2. lag: Dersom Aalesunds FK vil ha eit 2. lag i 2. divisjon så får dei det, og sidan 1. laget ser ut til å stå betre rusta i årets Tippeliga kan ein satse litt meir på 2. laget. Problemet kan vere at ein del av "stjernene" ofte har liten motivasjon til å spele for 2. laget. Likevel, AaFK2 er på papiret det sterkaste laget i divisjonen og bør toppe tabellen når 22 kampar er gjennomført.

Brattvåg: Er svakare enn på same tid i fjor, men blir likevel å finne i toppen. Medan ein på vårsesongen i fjor hadde nærmast dobbel dekning, har ein no problem med å stable 11 gode spelarar på beina. Kristoffer Hildremyr har gått til Molde, Frank Dalhaug har lagt opp og Lennart Holmem er ute for sesongen med skade. Synd, for Lenny hadde noko stort på gong. I tillegg til Holmem er ein rekke andre spelarar også på skadelista. Nokren av dei skal likevel vere tilbake i løpet av nokre veker. Har fått inn Jan Egil Ulla (HaNo) og Tore Nedrevold (Ravn). Ulla har bra rutine, medan Nedrevold kan bli bra når han blir vant med nivået. Trass alle problema i vinter trur vi gultrøyene blir å finne i toppen.

Langevåg: Dei gule og blå er i ein heilt anna situasjon no enn på same tid i fjor. Laget tapte då dei fleste treningskampane og låg sist i divisjonen dei første serierundene. Etterkvart betra det seg og Langevåg plukka nok poeng til å ta ein respektabel 7. plass. Laget har trent godt sidan Kim Bjørge tok over laget i november og blir eit topplag. Mykje kondisjonstrening skal gi betre løpskapasitet på midtbanen der ein før var for stilleståande. Har levert gode treningskampar, men opprykk blir det likevel ikkje.

Hareid: Hadde ein overraskande god sesong i fjor og tok 4. plassen. Fekk toppscorar Ronny Jørgensen skada i vinter og dermed fekk opprykkshåpet eit skot for baugen. Har henta inn nokre Hødd2-spelarar og har ein jamnt god stall. Vil dermed vere med i toppen i år også.

Hødd 2. lag: Har ein sterkare A-stall enn i fjor, men skal også ut i fleire kampar på eit tøffare nivå. Kjem til å stille med eit ungt lag, men her er masse talent og laget har levert gode resultat i treningskampane. Blir å finne i toppen dersom ein unngår skadeproblem.

Volda: Har mista Kim Bjørge og Jan Fredrik Bjørntvedt, men har fått inn nokre spelarar frå Ørsta. Stallen er nok av omtrent same kvalitet som i fjor og laget tek nok ein ny plass rundt midten.

FK Sykkylven: Har eit ungt lag som nok kjem til å vere ustabile. Spennande spelarar i Eirik Kampenes og Damien Cruz, men har mista fleire av dei rutinerte i fjor. Nokon plass heilt i toppen blir det ikkje for FKS, men bør unngå botnstrid. Likevel bør ein forvente meir av klubben som dekker heile Sykkylven kommune med sine 7500 innbyggjarar.

Spjelkavik: Blir spennande å sjå kva taktikar Stig Johansen kan få til i Spjelkavik, som har hatt ein nedadgåande trend dei siste åra. Har mista mange spelarar frå i fjor, men også henta inn mange. Jonny Vattøy og Finn Alvestad har begge gått til SIF og vil bli sårt sakna. Det same vil Kai Birger Myrold bli. Har bl. a. fått inn midtbanegeneral Tommy Larsen (Herd), Stordal sin Jon Espen Joranger, et par keepere og Gudmundur Gudjonson (SIF/Godøy). Totalt har 10 mann kome inn døra. Sidan Spjelkavik ikkje har 2. lag så spørs det om alle blir verande til hausten. Plasseringsmessig trur vi det blir som i fjor for Vika.

Rollon: Sleit på vårparten i fjor, men ein sterk haust sikra opprykk. Har gode spelarar som Kenneth Ove Sunde, Kim Haagensen, Johan Strand og Fredrik Ytterlid og unngår ein skader på desse bør det bli ståplass. Ein plass på øvre halvdel trur vi likevel ikkje det blir for dei kvite og blå.

Valder: Redda plassen grunna god borteform i fjor. Har nokre gode enkeltspelarar som brødrene Oksnes, Steffen Elde og ikkje minst Tom-Gøran Jønsson. Når desse fungerar i lag blir blåtrøyene vanskelege å slå, men så langt oppe på tabellen trur vi likevel ikkje Valder kjem. Mister i tillegg nokre spelarar etter hausten. Nok eit år med ryggen mot veggen for Valder.

Godøy: Vann alle heimekampane i fjor og plukka nok poeng borte til at ein sikra 2. plassen. Har gode spelarar som Svein-Arve Alnes, Trond Brynestad og Daniel Vartdal, men er dette nok til å stå i divisjonen? Slapp inn få mål i fjor, men har hatt store problem defensivt i vinter. Ei midtbane som heller vil ta offensive løp i staden for defensive byr på problem. Må finne balansen til seriestart. Kjem nok til å vinne 5-6 kampar, men dette held diverre ikkje meir enn til 11. plass og må då håpe at SIF står i 2. div. og vinnaren av denne divisjonen rykker opp.

Blindheim: Heldige som ikkje rykte ned i fjor. No er flaksen over og Blindheim må ta turen ned. Storscorar Terje Ottersen har gått til SIF og fleire av dei gode spelarane som førte BIL opp i 2006 bur andre stader i landet no og spelar berre av og til. Nedrykk for Blindheim.

Tabellen: (Nordicbet sin odds i parantes)
1. AaFK2 (2.75)
2. Brattvåg (2.65)
3. Langevåg (30.00)
4. Hareid (2.60)
5. Hødd2 (13.00)
6. Volda (30.00)
7. FK Sykkylven (75.00)
8. Spjelkavik (45.00)
9. Rollon (30.00)
10. Valder (75.00)
11. Godøy (140.00)
12. Blindheim (150.00)

tilbake | skriv innlegg