Vurdering 5. divisjon

Onsdag skal 5. divisjonslaga på Sunnmøre ut i sin første kamp. Ein divisjon som ser svakare ut enn på fleire år. Berre eitt lag ned frå 4. divisjon i fjor, samstundes som Brandal trakk laget sitt frå divisjonen, gjer sitt til det. MSIL er den store opprykksfavoritten etter gode resultat i vinter, medan det blir særs jamt og spennande om den 2. opprykksplassen.

1. MSIL
- Rota vekk opprykket i fjor, men har lettare motstand no, og bør gå mot ein jubelsesong. Gode resultat i treningskampar med blant anna sigrar over 4. divisjonslaga Stranda og Ørskog, og siger i si vinterseriepulje. Har gode spelarar som Geir Harald Eikrem, Kent Robert Sørheller og Hallvard Westad. Opprykk i debutsesongen som A-trenar for unge Vegard Eikrem.

2. Vigra - Midt på treet i fjor, men med berre eitt lag ned i frå 4. divisjon, og svekka Skodje og Ellingsøy, så trur vi Erlend Holm sine disiplar tek den 2. opprykksplassen. Amund Hjelle vil styre forsvaret, medan Stig Rune Sætre vil stå for måla etter at Kenneth Kjevik har gått til Valder.

3. Emblem - Nyopprykka lag som vi trur kan overraske. Hadde lite bryderi med å rykke opp i fjor. Har nokre spelarar med rutine frå høgare divisjonar og satsa hardt med treningsleir i utlandet tidlegare i vår. Har likevel variert noko i resultat denne vinteren, men vann vinterseriepulja si. Riktig nok mot 6. div.-lag. Vi trur Emblem blandar seg inn i toppstriden, men må sjå seg slått av Vigra og MSIL.

4. Ellingsøy - Hadde ei sterk avslutning på fjoråret og krabba seg då opp til ein 5. plass. Får seg kunstgrasbane i løpet av sesongen. Noko som kan gi laget eit løft. Har slitt i treningskampane og gått på stortap mot Norborg, MSIL og Emblem, men også slått Vigra. Leverte også ei godkjent Vårcup-turnering på Rogne sist helg. Kjem til å variere i resultata.

5. Ravn - Redda seg frå nedrykk i fjor med ein 9. plass. Sjølv om Eivind Grøtt Ulla har forlatt laget så tyder ting på at Harams-laget skal bli tabellmessig betre. Har fått Eivind Erstad frå Skodje. Dette er ein nykomar som styrkar laget. Spesielt med gode dødballar. Har elles bra spelarar i Knut Egil Lied, Tore Vadset Nedrevold, Jørn Helge Heggelund og Christopher Urkedal. Har variert i treningskampane med alt frå tap for 6. divisjonslag og siger over 4. div-lag. Får seg kunstgrasbane i løpet av sesongen, og kjem seg då bort i frå det som må vere ei av dei dårlegaste grasbanene på Sunnmøre. Visst ikkje den gamle grasbana er eit middel for å nå toppen då... Så om ikkje Jørn & co. skadar seg på dugnad, kan dette bli ein flott sesong for Vatne-/Tennfjord-laget.

6. Hovdebygda - God på nett, men sportsleg går det verre. Sleit voldsamt i fjor og mista då til slutt sine fremste spelarar i keeper Nilsen og spiss Viddal til Volda. Har i tillegg mista Hovden til Ørsta og Johannessen til Herd. Har ikkje fått inn særleg anna enn spelarar som har hatt pause nokre sesongar. Soleklart nedrykk i fjor, men fekk med seg ein fin skalp mot Brattvåg. Har nokre gode og rutinerte spelarar som Runar Gretland, Bjørnar Ingebrigtsen, Jan Egil Gretland og Jo Martin Aasen. Held desse seg skadefri greier Hovdebygda ein plass på øvre halvdel.

7. FK Sykkylven2 - Tek sine fleste poeng heime. Slik har det alltid vore for FKS2 og slik blir det i år også. Vi trur FKS2 blir best av 2. laga i divisjonen.

8. Spjelkavik2 - A-stallen har mista mange spelarar sidan i fjor sommar. Dette vil nok påverke 2. laget, men vi trur kvaliteten er god nok til at Spjelkavik2 kjempar om ei plassering rundt midten av tabellen.

9. Blindheim2 - Nok eit 3. divisjonslag med 2. lag i 5. divisjon. I følgje Harøy-supportarar nytta BIL2 ein del 1. lagsspelarar på 2. laget sitt i fjor. Satsa då hardt på opprykk, og vil nok satse på å halde plassen sin i divisjonen. Det trur vi dei gjer. BIL sitt førstelag er i tillegg styrka før sesongen, og vi ser ikkje bort i frå at dette laget kan gjere tipset vårt til skamme.

10. Vartdal - Rykte eigentleg ned i fjor, men fekk plassen til Brandal då dei trekte seg. Har variert i treningskampane, og vi tvilar på at laget skal gjere det så mykje betre enn i fjor. 10. plass og nedrykk.

11. Skodje - Eit lag i sterk motgang. Med det befolkningsgrunnlaget Skodje har, så burde ein hatt lag i minst 4. divisjon. Men slit no med å i det heile stille lag. Har mista spelarane som førte dei til 4. plass i fjor. Var då svært sterke heime, men svak borteform hindra opprykk. Denne sesongen trur vi det blir ein kamp for å overleve. Har fått ein del spelarar til å gjere comeback, men også spelarar på det heller svake 7'ar laget kjem til å figurere på dette laget. Kan dette verkeleg gå bra? Nei, trur vi. Men lag har overraska positivt før.

12. Åmdal - Norborg møtte Åmdal i 4. divisjon 2003. Åmdal var då enormt effektive på heimebane og vann 6-4. På Uggedal grus gjekk det langt verre. Då tok Norborg hevn med 6-0 siger. Laget vann 6. divisjon avd. 2. Gjekk gjennom sesongen utan heimetap, og var divisjonens gjerrigste lag saman med Bergsøy2. Offensivt var det likevel mange som var betre. Har slitt i treningskampane.

5. divisjonstabellen blir då sjåande slik ut:

1. MSIL
2. Vigra

3. Emblem
4. Ellingsøy
5. Ravn
6. Hovdebygda
7. FK Sykkylven2
8. Spjelkavik2
9. Blindheim2
10. Vartdal
11. Skodje
12. Åmdal

tilbake | skriv innlegg