Stordugnad på anlegget i Uggedalen

Det var i dag stordugnad på anlegget i Uggedalen. Nær 50 personar var innom for å hjelpe til. Noko som må seiast å vere særs bra. Det vart kvista rundt begge banene, vegen vart fiksa, tetta hole på grusbana, raka grasbana, planlegging av den nye kiosken, ny not på dei fleste måla, sveising av mål, nedvask av klubbhuset, plasserte ut høgtalarane, hang opp igjen nota rundt grasbana og garasja vart rydda. Dermed er det klart for seriestart torsdag 19. april. Stor takk til alle som stilte opp.

Her tek ein del av dei frammøtte seg ein pust i bakken.




tilbake | skriv innlegg