Boltholm Invest AS gir vekk 105 000,-

IL Norborg, HaNo, Lepsøy IL, IL Ravn, Brattvåg IL og Brattvåg Skulekorps får 17500,- kr kvar av Boltholm Invest AS. Eigarane av investeringsselskapet er Arne Gunnar Harnes og Sindre Longva. Midlane vert gitt fordi Boltholm Invest meiner dei frivillege laga og organsisasjonane er svært viktige for bygginga av lokalsamfunna. Denne aktiviteten gir trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge.

Boltholm Invest AS oppfordrar alle bedrifter til å støtte godt opp om den store innsatsen som mange frivillige gjer. Mykje av denne innsatsen går diverre ut på å skaffe midlar til drifta og dermed vert det mindre tid og krefter att for å gjere det arbeidet desse laga og organisasjonane helst skal gjere, nemleg ein innsats for å gi barn og unge eit godt miljø å vere i.

Derfor oppfordrar Boltholm Invest AS andre små og store bedrifter i Haram, Haram kommune, til å bidre med midlar til laga rundt seg langt meir enn i dag. Det er ingen stad vi får så mykje attende som ved å investere i dei allereie organiserte aktivitetane.

For mange lag og organisasjonar er det vanskeleg å fylle alle verv kvart år. Derfor oppfordrar vi også alle foreldre og andre til å vere positive og ta "sin del" i dette viktige arbeidet, og seie ja når dei vert spurde om å ta slike verv.

Takk til den organiserte aktiviteten i Haram.
Helsing frå Boltholm Invest AS,
Arne Gunnar Harnes og Sindre Longva.

Boltholm Invest AS er eit datterselskap av Brabil Holding AS.

Dette er saksa frå Haramsnytt.