|
Vi tippar
3. divisjon
1. Skarbøvik
- Ifjor vann sebratrøyene 3. divisjon med heile 17 poengs margin.
Har mista Vegard Opsahl (Volda), Thomas Gjøsund (USA) og Joakim
Andersen (Rollon), men har fått inn rutinerte Bjørn Erik
Melland (AaFK) og gode Rickard Tomren (Spjelkavik). SIF scora mest og
slapp inn minst i fjorårets 3. div. Med Melland og Tomren beheld
laget si styrke bakover, medan Nils Ottar Sandø og Aksel Gjøsund
vil bidra til at SIF scorar mål i år også. Vi trur SIF
får litt tøffare motstand denne sesongen, men at motstandarane
ikkje har ete opp heile forspranget.
2. Brattvåg - gultrøyene nårom fjellet sikra ikkje
opprykket til 3. divisjon før i siste serierunde i fjor, men sidan
den tid har mykje skjedd. Håkon Sæterøy (HaNo) har
kome å styrka høgrebacken, Eivind Grøtt Ulla (Ravn)
og Joackim Stormyr (Træff) har kome inn å gitt fleire alternativ
på midtbana, medan Erik Åkre (Volda), Lennart Holmem (Norborg)
og Adrian Håbet (Norborg) gir kvassare konkurranse i angrepet. Dette
er 6 gode spelarar der 4-5 av dei går rett inn på laget. Ingen
vesentlege har forlatt skuta, men Arnel Colic slit med skade og ryktast
å vurdere eit liv som fotballpensjonist. Brattvåg har ikkje
tapt ein einaste treningskamp, faktisk er det berre Norborg som har greidd
å tatt "poeng" mot dei i vinter, men så kjenner
då Norborg "våjin" ut og inn. Det gjer nær
sagt ingen av laga i 3. divisjon. Får Brattvåg flyten så
vil det bli pallplass. Dei har ein svært stor og god tropp med nær
sagt dobbel dekning på kvar posisjon.
3. AaFK2 - Tangotrøyene sine nest beste var ifjor gode heime
og svake borte. Det ga til slutt 7. plass. Vi trur dette laget vil variere
sterkt i år også, og når 1. laget slit for å stå
i Tippeligaen så vil ikkje 2. laget få nytte seg av så
mange "stjerner" heller. 4-5 med 1. lagserfaring gir heller
ikkje automatisk suksess. Vil f. eks. Denis Selimovic vere meir redd for
å bli skada enn å gi alt i kamp mot Valder? Vi trur dei mange
unge svoltne spelarane i klubben vil føre AaFK2 til 3. plass på
tabellen.
4. Volda - Svak heimeform gjorde at Volda hamna nede på 8.
plass i fjor. Har skifta trenar før denne sesongen, men som i fjor
blir det spelande trenar for grøntrøyene. Det er sjeldan
ein heldig kombinasjon. Har mista keeper Ørjan Nyland til Hødd
og Christian Malmo til Spjelkavik, medan Vegard Opsahl har kome til bygda.
Har variert i vinterens treningskampar, men vi trur laget tek nok poeng
til å ta 4. plassen takka vere ei god midtbane.
5. FK Sykkylven - Samarbeidslaget tok 2. plass i fjor. Har variert
sterkt i treningskampane før denne sesongen, men trening og serie
er to forskjellege ting. Har haldt seg på øvre halvdel i
dei sesongane har eksistert og det trur vi dei gjer no også med
omtrent same laget som ifjor.
6. Blindheim - laget kom opp frå 4. divisjon med eit nødskrik
i fjor. Låg då på opprykksplass nær heile sesongen,
men tap for Norborg og Brattvåg gjorde at ein plutseleg fann seg
sjølv på 3. plass då siste runde skulle spelast. Blindheim
vann sin kamp, medan Stranda tapte. Dermed var Blindheim tilbake i 3.
divisjon på første forsøk. Laget har nytta vinteren
godt og fått jobba i det stille. Medan alle har vore obs på
Brattvåg så har også Blindheim vunne mange treningskampar.
Har forsterka laget med eit par sogningar og mogeleg Alexander Ervik frå
Rollon. Har alltid målfarlege Terje Ottersen og Kristoffer Morterud
framme. Er svake på dødballar defensivt og sleit litt med
midtbanen på slutten av fjoråret. Likevel, vi trur trenar
Jan Ove Lange (ny for året/Herd) og Rune Johan Skodje Olsen sine
disiplar karra seg til ein plass på øvre halvdel.
7. Hareid - Tok 3. plassen ifjor, men har mista både trenar
og spelarar sidan den tid. Med Ronny Jørgensen på topp så
vil det alltids bli scora mål, og har ein solid keeper i Vagn Scheide
Mork, men vi har ikkje heilt tru på forsvaret. Har spelt få
treningskampar og har her slete med lag frå 4. divisjon. Vi trur
Hareid fell nokre plassar på tabellen samanlikna med i fjor, og
tek 7. plassen.
8. Spjelkavik - Starta godt ifjor, men då Jonas Kipperberg
forlot klubben gjekk pila feil veg og ein enda på 6. plass. Har
sidan i fjor mista bl. a. toppscorar Frank Sverre Skorpen (Bergsøy)
og midtstoppar Richard Tomren (SIF). Blir avhengig av det spelande trenarteamet
Kai Birger Myrold (ass.) og Jonny Vattøy (hovud). Har variert sterkt
i treningskampane frå siger over SIF til tap mot Rollon. Vi trur
vikagutta vil variere sterkt i serien også, og tek 8. plassen.
9. Langevåg - Vi trudde Langevåg ville slite i fjor,
men tok då 4. plassen. I år har vi endå mindre tru på
laget frå Sula. Viktige Kenneth Ove Sunde har gått til Rollon.
Han blir eit stort sakn for dei gule og blå. Laget har mange stygge
tap i vinter, men har slete med mange skader. Måtte trekke seg frå
treningskamp mot Norborg pga dette, eller var det fordi ein var lei av
å tape for 4. divisjonslag? Ein spelte uansett kamp mot Valder to
dagar seinare og gjekk på eit nytt tap. Fekk grisebank av same lag
i NM for nokre dagar sidan. Ting stemme ikkje i Langevåg for tida,
og vil få slite i botnen, men noko nedrykk trur vi ikkje André
Fylling sitt lag vil få. Jan Egil Tryggestad, Svein Arne Sunde og
Knut Pettersen vil nok forhindre det.
10. Ørsta - Vi har lenge gått å venta på
at Ørsta skal slå ut i full blomst, men sett vekk i frå
nokre veker i fjor sommar då laget byksa oppover tabellen, har kvittrøyene
vore eit ordinært og heller svakt 3. div.-lag. Offensivt er det
ingenting å utsette på, men med store defensive problem blir
det som regel berre siger i 1/3 av kampane. Har mista nokre viktige spelarar
sidan i fjor, blant anna Frnak Gjerde til Lepsøy. Har slått
nabo Volda to gongar i vinter, men også gått på ein
stygg smell mot GuLars. Vi trur Ørsta står i divisjonen,
men vil slite med ryggen mot veggen heile sesongen.
11. Valder - har vore dumpekandidat i eit par år no, men
har greidd å overlevd. Har målfarlege Tom Gøran Jønsson
på topp, og er då garantert eit tosiffra antal mål om
han held seg skadefri. Banka Langevåg i NM takka vere godt kontringsspel.
Men vi trur ikkje Valder er gode nok denne sesongen til å redde
plassen for eiga masking. Tek 11. plassen og må stole på at
Hødd held seg i 2. divisjon og 3. div. vinnaren på Sunnmøre
rykke opp.
12. Hødd2 - låg ei stund på sølvplass
i fjor, men enda på 5. Sidan Hødd sitt 1. lag ikkje lenger
er noko topplag, tvilar vi på dei nest beste vil halde plassen sin
i 3. divisjon. Har eit bra lag dersom ein får bruke spelarar i A-troppen,
men blir det stort sett juniorar er ikkje laget godt nok til å halde
plassen. Vågalt tips å sette dei heilt nederst, men med eit
Hødd som satsar hardt på opprykk frå 2. divisjon trur
vi det går utover 2. laget. Dermed 12. plass.
3. divisjon Sunnmøre blir dermed slik:
1. Skarbøvik
2. Brattvåg
3. AaFK2
4. Volda
5. FK Sykkylven
6. Blindheim
7. Hareid
8. Spjelkavik
9. Langevåg
10. Ørsta
11. Valder
12. Hødd2
|