Sesongen 1996

Fotballsesongen 1996 vart eit godt åår for Norborg. A-laget rykte opp til 5. divisjon, og vart til og med krinsmeistrar for 6. divisjon etter å ha utklassa Haddal i to kampar.

Stor optimisme før sesongen
Det var stor optimisme framfor denne sesongen. Jan Egil Alstadsæther og Ståle Hurlen hadde vendt tilbake til Norborg, og ein spennande tilvekst i Lars Ødegård, førte med seg eit håp om opprykk for første gong sidan storheitstida på byrjinga av 80-talet. Dei fleste hadde blitt verande i klubben sida 95-sesongen, men midtbaneeleganten Alf Benny Skarbø hadde gått til Brattvåg etter misnøye med fjorårssesongen. Dessutan hadde toppskorar Kenneth Gamlem reist i militæret. Begge kom likevel tilbake i løpet av sesongen.

Treningskampane var av det variable slaget. I byrjinga av vinteren vart det tap for juniorlaga til Brattvåg og Herd. Men ettersom ein slo både Harøy, Brattvåg sitt jr. og utklassa Lepsøy steig optimismen til nye høgder.

Norborg opna serien noko famlande mot Ellingsøykameratane, før ein verkeleg slo til med store sigrar over Norddal/Eidsdal (12-0) og Lepsøy (10-0). Så stod toppkampen mot Giske for tur, men framfor den kampen vart det enkelte problem. Keeper Espen Wold hadde nemleg smakt på asfalten og var ikkje klar til spel. dermed måtte den gamle keeperen Øystein Haugan gå frå back til keeper igjen. Haugan viste gamle kunster og Norborg vann 2-1 i ein meget spennande kamp, og toppa dermed tabellen.

Etter Giskekampen stod nok ein toppkamp for tur, denne gang mot Valldal. Norborg avgjorde kampen tidleg å leia 3-0 ved pause. Saken var biff og Norborg spaserte seg inn til ein 4-1 siger. Erkefienden Ravn var så neste motstandar. Laget låg sist i divisjonen, men nabooppgjer er sjeldan enkle. NIL leia 2-0 ved pause etter å ha møtt eit svært defensivt Ravnlag. Stillinga haldt seg til det 90. minutt. Då scora Ravn, og to minutt på overtid utlikna dei. Det såg ut til å bli årets flause for Norborg, men neida fem minutt på overtid kom det avgjerande målet og Norborg-supportarane på Ravn stadion kunne reise nøgde heim. Dette var likevel byrjinga på det ein kan kalle down-perioden for Norborg. Det vart nemleg berre to sigrar og tre uavgjorte på dei 5 neste kampane. Men ein heldig siger over Giske og uavgjort mot Valldal gjorde at Norborg var i toppen. Etter ytterlegare to sigrar kom første tapet, og det var sjølvsagt nabo Lepsøy som slo beina under Norborg. 1-0 vann Lepsøy. Norborg hadde likevel gode mogelegheiter for å rykke opp. Giske, Valldal og Ravn stod igjen. Eit sjølvmål av Giske redda poenga mot dei, og med ein overbevisande 2-0 siger over Valldal gjorde at ein berre trengte poeng mot Ravn for å rykke opp. Norborgsupportarane gjekk mann av huse, og fekk sjå at Norborg vann 4-0 etter 3-0 ved pause. Opprykket var sikra.

KM-tittelen til Norborg
Norborg hadde ikkje henta heim ein krinsmeisterskapstittel sidan 1980, og dette ville sjølvsagt gutane gjer noko med. Haddal var motstandar, om ein kan kalle det motstand, NIL gjorde kort prosess og vann 5-0 heime og 3-1 borte. Norborg hadde endeleg tke heim KM-tittelen igjen, noko servitrisa på Peppes Pizza var svært glad for...

Aktuelle saker

SAS -Supereffektive AngrepsSpelarar eller Søvik, Alstadsæter og Ståle
Norborg sitt 4-3-3 system med Christian Søvik og Jan Egil Alstadsæther på kvar sin kant med Ståle Hurlen i midten har vore ein suksess denne sesongen. Jan Egil vart toppskårar med 18 seriemål, medan Stål og Christian enda opp med 15 og 13.

Jan Egil kom heim igjen etter nokre sesongar hos Brattvåg framfor 96 sesongen, medan Ståle kom attende frå Lepsøy. dermed hadde Norborg tre raske spissar med målteft. SAS stod for 46 av 66 mål. Ståle reiste i militæret i august, men då kom fjorårstoppskårar Kenneth Gamlem tilbake frå militæret. Han var ingen dårleg erstattar og laga blant anna 3 mål på dei to KM-kampane.

SAS har iallfall ei framtid i Norborg. Jan Egil er den eldste med sine 26 år. Det einaste Norborg må passe seg for er proffagentar og kjøpegalne engelskmenn...

Roger Grytten - fit for fight
Ein av Norborg sine aller mest lovande spelarar er Roger Grytten (18). Roger var ute av spel fram til sommaren, men er no klar for innsats igjen. Det var Kenneth Vegsund si tackling på Roger som øydelagde 1996 sesongen. Tacklinga kom på ei trening i mars. Roger hadde spelt frå seg ballen då Kenneth kom skliande inn og traff han på leggen. Beinet brakk, og det heile likna litt på John Salakos tackling på Liverpools Steve Harkness. På grunn av skaen fikk ikkje Roger æra av å bli kretsmester, sejølv om han spelte KM-kampane mot Haddal.

Lang veg tilbake
Veien tilbake har vært lang og tung for den teknisk elegante Norborgspilleren. Han kastet gipsen i sommer, men kjente til skaden lenge etterpå. Han fkk dessuten en ny smell i en reservekamp. Kondisjonen var heller ikkje på topp etter flere måneder på krykker. Han har kanskje ikke vært den som sprang mest på kampene, få teknikere gjør jo det, men da han skulle spille sin første a-kamp etter skaden, mot Giske, holdt han bare 5 minutter. Han kom inn i det 80. minutt og gikk ut i det 85. min, flautt tenkte Roger, og speida utover det store Giskepublikummet.

Så gjenstår det bare å ønske Roger og resten av Norborg-laget lykke til med spill i 5. divisjon.

tilbake | skriv innlegg