|
Norborg
og Brattvåg tjuv-startar 3. divisjon
2-03-2010 18:52
-Sidan STX Norway Electro reiser på firmatur den 16. april
så har opnings-kampen i 3. divisjon mellom Norborg og Brattvåg
blitt flytta frå fredag til torsdag 15. april kl. 1830. Ti
stk. frå Norborg og to frå Brattvåg ville ha gått
glipp av firmaturen om ikkje kampen hadde blitt flytta.
Kamp mot Herd er utsett
2-03-2010 18:33
-Grunna dårlege banetilhøve er treningskampen mot Herd
utsatt. Laga vil prøve på nytt i neste veke.
To avdelingar i 5. divisjon
1-03-2010 18:53
-Kretstinget har akkurat hatt avstemming om antal avdelingar i 5.
divisjon. Med 23 mot 8 stemmer vart forslaget om to avdelingar vedtatt.
Treningskampar
28-02-2010 22:34
FK Sykkylven-Skodje 4-1
Stranda-Sunnylven 4-2
Hovdebygda-Vartdal 2-7
SIF-Herd 0-1
Tornado Måløy-Hareid 4-4
Eid-Volda 7-5
Valder-Brattvåg 3-3 (Geir Roar Gamlem redda straffespark like
før slutt)
Treningskamptabell
Rekrutteringsdommarkurs
28-02-2010 22:25
Laurdag 6. mars startar SFK opp rekrutteringsdommarkurs i Guard`s
lokaler på CLS. Kurset vil gå over to dager og avsluttast med Aafk
- Rosenborg søndag 7. mars kl. 19:00 Deltakarane vil få opplagt
praksis på seinare samling. Kurset er mynta på deg som er glad i
fotball og kunne tenke deg å bli dommar. Kurset er gratis for deltakarane.
Ta kontakt med dommaransvarleg Audun Mikalsen så melder vi på så
lenge det er ledige plassar; Mobil: 415 25 086, audun@tertech.no.
Kampen mot Stranda er avlyst
24-02-2010 18:01
-Torsdagens planlagte treningskamp mot Stranda er avlyst grunna
dårlege banetilhøve i Uggedalen. Norborg takka også
nei til å flytte kampen til Stranda sidan ein fekk Ole Johan
Urke og Kristian Furnes skadd i tysdagens kamp, og enkelte andre
er på vinterferie. - Det blir for tynt å reise til Stranda
med knappe 11 A-spelarar uttalar klubbleiinga.
Fem sterke minutt var nok
Norborg-Harøy 3-1
23-02-2010 21:54
Norborg-Harøy 3-1 (3-0)
Sjansar: 8-4
1-0 Tarjei Urkedal (29)
2-0 Alexander Eide (31)
3-0 Daniel Olsbø (34)
3-1 Nicolai Brunvoll (66)
Dommar: Arild Vegsund
Norborg avgjorde denne trenings-kampen med fem sterke minutt i 1.
omgang. Fjorårstoppscorar Tarjei Urkedal opna scoringsshowet
før lepsøyingane Alexander Eide og Daniel Olsbø
tok over. Norborg styrte kampen etter pause, men det var Harøy
som scora omgangens einaste mål på ei av sine kontringer.
Banetilhøva vart verre etterkvart som kampen gjekk og ein
valde å avslutte eit kvarter før slutt grunna glatt
bane.
Laget: Trond Elstad - Kristian Søviknes, Geir Ove Grønli,
Roger Grytten, Kristian Furnes (Johan Stavik, 46) - Ole Johan Urke
(Kjell-Terje Brusdal, 67), Skjalg Volstad, Bee, Daniel Olsbø
- Alexander Eide, Tarjei Urkedal.
G11 på ABB-cup
23-02-2010 21:50
-Norborg G11 deltok på ABB-cup på Hareid. Resultata
var so som so, men pokalar fekk ein i alle fall med seg heim.
Les meir..
Herd slo Volda 8-3
22-02-2010 21:49
-Herd vann 8-3 over divisjonskollega Volda i Sunnmørshallen
i kveld. Stillinga ved pause var 3-1.
Treningskampar fredag
Stranda-Blindheim 2-1
Vartdal-Emblem 1-1
Norborg slo Ravn
18-02-2010 22:27
Norborg - Ravn 5-2 (3-2)
Sjansar: 10-6
1-0 Skjalg Volstad (3)
2-0 Ole Johan Urke (15)
3-0 Geir Ove Grønli (16)
3-1 Tore Nedrevold (17)
3-2 Jørn Heggelund (40)
4-2 Ole Johan Urke (66)
5-2 Tarjei Urkedal (72)
Dommar: Arild Vegsund
Laget: Espen Wold - Kristian Søviknes, Roger Grytten, Jan
Even Drønnesund, Kristian Furnes (Daniel Olsbø, 46)
- Ole Johan Urke, André Larsen, Skjalg Volstad (Bee, 46),
Alexander Eide (Tarjei Urkedal, 68) - Tarjei Urkedal (Stein Erik
Reitan, 46), Geir Ove Grønli (Johan Stavik, 46).
På ei glatt kunstgrasbane i Uggedalen vann Norborg 5-2 over
nabo Ravn. Norborg fekk ein god start og leia tidleg 3-0, men Ravn
gav ikkje opp og reduserte to gongar før pause. Etter pausen
auka Norborg to gongar før laga bestemte for å gi seg
ein halvtime ut i 2. omgang pga isete bane. Meir kjem.
Vekst i antal spelarar
16-02-2010 23:13
-157 spelarar er påmeldt for fotball-aktivitet i Norborg i
år. Dette er ein oppgong på 47 spelarar frå i
fjor. Norborg har meldt på lag i følgjande klasser:
G7, G8, G9, J11, G11, G12, G13, G14, G16, G19, 7-ar dame, 7-ar herrer
og A-lag 3. divisjon.
Kamp mot Harøy avlyst
16-02-2010 17:55
-Kveldens kamp mellom Norborg og Harøy er avlyst grunna delvis
glatt bane.
Badminton
14-02-2010 21:23
-Norborg Badminton har den siste tida deltatt både på
Sykkylvscup og Midt-norsk meisterskap.
Les meir..
Treningskampar laurdag
Hareid-Tornado Måløy 1-0
Træff-Brattvåg 7-1
Treningskamptabell
Treningskampar torsdag
Hareid-ÅVK 4-1
FK Sykkylven-Stranda 1-4
SFK kallar inn til ekstra-ordinært kretsting 1. mars
11-02-2010 20:47
-Sunnmøre fotballkrets vel å kalle inn til ekstraordinært
kretsting for å løyse striden rundt avdelingsoppsettet
i 5. divisjon. Det ekstraordinære kretstinget vil bli avhaldt
måndag 1. mars kl. 1800 på Rica Parken Hotel.
Les
meir..
Treningskamp mot Ravn utsett ei veke
11-02-2010 20:41
-Kveldens treningskamp mellom Norborg og Ravn er utsett til torsdag
18. februar grunna vanskelege speletilhøve. Norborg trenar
fredag kl. 17 i Uggedalen.
Kamp mot Ravn torsdag kl. 20 i Uggedalen
9-02-2010 22:45
-Norborg og Ravn sine A-lag møtest torsdag til sin første
treningskamp på 6 år. Ei uvanleg lang tid med tanke
på at desse to var erkerivalar med mange tette og harde oppgjer
på 70-, 80- og 90-talet. Norborg har allereie spelt tre treningskampar
i år med gode resultat, medan dette blir Ravn sin første.
Ravn har det siste året fått ein opptur og ventast å
bli ein vanskeleg motstandar i årets 5. div. Så får
vi sjå om det er dei kvite og raude som stoppar den oransje
rekka på 6 utan tap.
Klubbane sine siste møter:
18.02.04 Ravn-Norborg 2-4 (tk)
12.04.02 Ravn-Norborg 2-4 (tk)
2001 Norborg-Ravn/Brattvåg2 6-3 (tk)
26.06.00 Ravn/BIL-Norborg 3-3 (6. div)
30.09.00 Norborg-Ravn/BIL 2-3 (6. div)
Oppmøte kl. 19. Samtlege møter.
Arild Vegsund (Norborg) dømmer kampen. Odds Nordicbet:
1.22 - 6 - 6
Deltek på Forbundstinget!
8-02-2010 21:15
-Norborg deltek på Forbundstinget på Lillestrøm
5. - 7. mars. Kristian Søviknes får æra av å
delta. Dette er truleg første gong Norborg deltek på
Tinget. Norborg deltek sjølvsagt for å stemme NEI til
det nye forslaget om å redusere antall 3. divisjonsavdelingar.
Så
får vi håpe Snesen sin tur blir vellykka.
To avdelingar
-kva då med dei små?
8-02-2010 21:01
-Sidan det truleg blir gjort retrett frå SFK si side når
det gjeld avdelings-hysteriet i 5. divisjon, og antall avdelingar
reduserast frå 3 til 2 med langt fleire kampar. Kva då
med dei aller minste klubbane? Giske hadde problem med å spele
14 kampar i fjor. Vil dei greie 22 i år? Mykje må takast
med og Kretstinget 2008 sitt vedtak om å kutte ut 6. divisjon
ser ut til å bli ei større og større tabbe.
Vi har også vore i kontakt med Stordal sin nye trenar Stig
Johansen for å høre hans meiningar.
Les meir..
SFK vurderer 5. divisjon
8-02-2010 17:45
-Sunnmøre fotballkrets vurderer no ekstraordinært kretsting
for å avgjere omorganisering av 5. divisjon.
Les
meir..
Aarseth med sølv i Super-G
7-02-2010 22:38
-Ole-Kristian Aarseth tok i dag KM-sølv i Super-G i klassa
for 12 og 13 åringar. Han kom også på 2. plass
i eit kvalifiseringsrenn for deltaking i eit landsrenn. Vi gratulerer!
Heldig uavgjort for Norborg
6-02-2010 18:28
Norborg - Sunndal 1-1 (1-1)
Norborg KGB, 06.02.10
Sjansar: 2-6
0-1 ? (18)
1-1 Ole Johan Urke (25)
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) og
Odd Arne Grande (Skodje)
Laget: Espen Wold (Trond Elstad, 46) - Kristian Søviknes,
Kristoffer Søviknes, Jan Even Drønnesund, Stein Erik
Reitan - Ole Johan Urke (Johan Stavik, 46), André Larsen,
Skjalg Volstad (Bee, 76), Bee (Daniel Olsbø, 46) - Tarjei
Urkedal, Alexander Eide (Geir Ove Grønli, 46).
Norborg fekk tøff motstand då Sunndal gjesta Uggedalen
laurdag ettermiddag. Gjestane var kvikkare i beina og skapte dei
fleste sjansane i ein ikkje altfor velspelt kamp. Ole Johan Urke
fortsette å score og redda uavgjort for oransjetrøyene.
Dette var Urke sitt 6. mål på 3 kampar. Norborg hadde
også ein gjestespelar i denne kampen. Lepsøy sin Daniel
Olsbø. Ein kvikk og innsatsviljug spelar.
Les
meir..
Andre treningskampar:
Søndag: Bergsøy-Sunndal 1-1
Laurdag:
Spjelkavik-Valder Avlyst
Hareid-Hødd2 1-0
Svein Inge Nesset vart matchvinnar. Ifølge Vikebladet var
dette eit Hødd-lag beståande av 1. og 2. års
juniorar. Vil let likevel Hareid få 3 poeng på treningskamptabellen
i staden for 1.
Tabell
11 lag kan rykke ned i frå 4. divisjon
6-02-2010 1:27
-Ved omlegging av 3. divisjon vil 11 av årets 4. divisjonslag
rykke ned om AaFK2 og Skarbøvik skulle rykke ned i frå
2. divisjon, og Sunnmøre sin 3. divisjonsvinnar taper for
vinnaren på Nordmøre/Romsdal. Skulle Hødd også
rykke ned i frå 2. divisjon vil lag nr. 12 i 3. divisjon Sunnmøre
året 2010 spele i 5. divisjon året 2011. Dette dersom
4. divisonsvinnaren får plass i den nye 3. divisjon.
Les meir..
Volda vann over Vartdal
5-02-2010 20:45
-Volda vann i kveld 5-1 over 4. div.-laget Vartdal. Frantz Frantzen
(2), Rune Haugen, Tobias Evebø og Bjørnar Liaskar
scora for heimelaget. Rolf Audun Vartdal scora for gjestane. Stillinga
ved pause var 3-1.
Treningskamptabell
Viktig tid for seniorfotballen på Sunnmøre
4-02-2010 21:16
-Dei neste vekene skal det takast viktige avgjerder som råkar
alle klubbane på Sunnmøre. Dei fleste fotballfolk har
fått med seg planane om omlegging av 3. divisjon der Sunnmøre
ikkje lenger får si eiga avdeling. Dette vil ikkje berre ha
innverknad på dagens 3. divisjons-klubbar, men samtlege lag
i 4. og 5. divisjon. I 5. divisjon har vi allereie ein kaotisk situasjon
med mange frustrerte klubbar. Årets avdelings-oppsett vart
ikkje tatt godt i mot og mange raslar med sabelen. stordal.nu
har kome med sitt syn. norborg.com vil i dei nærmaste dagane
også rette fokus på problematikken i sunnmørs-fotballen.
I kveld presenterar vi Ronny Ødegård sitt syn på
sakene. Ronny kjennar sunnmørsfotballen godt både som
spelar, trenar og gjennom arbeidsoppgåver hos SFK.
Les Ronny Ødegård
sine meiningar.
Stem på XTX-båten
4-02-2010 19:09
-SFO i Søvik laga i fjor haust ein XTX-båt av topper
frå Sunniva-juice. Denne båten er no med i Sunniva-juice
sin konkurranse om å lage den kulaste tingen av deira kartonger.
Du kan no hjelpe SFO i Søvik til siger ved å stemme
her.
Oppstart talentsamling 2010
3-02-2010 23:08
-Fleire frå Norborg er tatt ut til talensamling for 97- til
99-årgangen i Sunnmørshallen. Følgjande er tatt
ut:
Årgang 1997: Ole-Kristian Aarseth. Samling: 4/2, 11/3 og 8/4,
Årgang 1998 Elias Søvik Gunnarson og Trond Espen Rogne. Samling:
11/2, 18/3 og 15/4.
Årgang 1999: Ruben Holmeset, Nikolai Jensen og Anders Toven. Samling:
18/2, 25/3 og 22/4.
Ekstragruppe 1997/98: Espen Grytten og Ådne Hellandsvik Samling:
4/3 og 29/4.
Les
meir..
Kamp mot Sunndal laurdag kl. 15
3-02-2010 19:04
-Nordmørslaget Sunndal skal komande helg på tur til
Sunnmøre. Laurdag spelar er det klart for tidenes første
møte med Norborg, medan dei søndag skal spele mot
Bergsøy. Sunndal har vore eit topplag i 3. divisjon sidan
nedrykket frå 2. divisjon i 2000 og kom i fjor på 3.
plass. Kampen mot Norborg er årets første treningskamp
for dei raude, medan det blir Norborg sin 3. kamp. Bjarte Steinsbu
(Brattvåg) blir hovuddommar, medan han får med seg Oddbjørn
Hatlehol (Brattvåg) og Odd Arne Grande (Skodje) som assistentar.
Oppmøte for Norborg sine spelarar er kl. 14. Samtlege møter.
Hareid slo GuLars
2-02-2010 23:15
-Hareid vann 5-3
over 4. divisjonslaget Larsnes/Gursken på Hareidsmyrane i
kveld. Gjestane har vore aktive på overgongsmarknaden sidan
i fjor sommar og har fleire offensivt gode spelarar. Men i kveld
møtte dei ein opplagt Ronny Jørgensen som scora samtlege
fem for Hareid. Preben Sætre, Eivind Myklebust og rutinerte
Asle Johansen scora for "Gulars".
Sparebanken Møre med gåve til Norborg
1-02-2010 20:55
-Sparebanken Møre har tildelt Norborg 50000,- i støtte til investering
av traktor med vedlikehaldsutstyr i Uggedalen. Norborg er særs
takknemleg for støtta, og rettar nok ein gong ein stor takk til
Sparebanken Møre for den måten dei støtter oppom den frivillege
aktiviteten som Norborg driv. Investering av traktor var ei naudsynt
investering for Norborg sin del når kunstgrasbana stod klar i haust.
Traktoren er allereie flittig i bruk til snørydding og slådding
av kunstgrasbanen, og til sommaren vil den også bli brukt til klipping
og vedlikehald av grasbanen. Det er estimert at Norborg vil spare
nærare hundre timar med dugnad av den effektiviseringa som denne
traktoren vil gi på baneklipping! Tid som vi i staden kan bruke
på aktivitet på banene!
Treningane går som planlagt
- takk til banemannskapet
31-01-2010 22:43
-Medan mange lag i nærleiken må avlyse/utsette kampar
og treningar, fordi snøven lavar ned så har Norborg
grøn bane takka vere god innsats frå banemannskapet.
Bana er grøn og innbydande og det er ingen fare for at treningar
må avlysast. I dag vart det gjennomført juniorkamp
mellom Brattvåg og Ørskog, samt treningar til Norborg
sine to seniorlag. Om nokon ønsker å leige trening-
eller kamptid så er det berre å kontakte Kristian Søviknes
på 918
79 439 eller kristian.soviknes@stxeurope.com.
Baneplan
Aarseth krinsmeister i slalom
31-01-2010 17:21
-Norborgar Ole Kristian Aarseth kan meir enn å spele fotball.
Laurdag vart grytastrandaren krinsmeister i slalom på Bondalseidet.
Han leia etter 1. omgang og kontrollerte inn til siger i finaleomgangen.
Søndag låg han på 2. plass etter 1. omg og satsa
remer og tøy i finalen. Diverre vart det for mange nesten
utkjøringar og Ole Kristian måtte ta til takke med
3. plass. Vi gratulerer med KM-tittelen på laurdag og godt
resultat på søndag.
Volda slo Bergsøy
29-01-2010 20:25
-Volda vann heile 5-1
over Bergsøy i kveld. Stillinga ved pause var 2-0. Mål
Volda: Trond Brynestad 2, Rune Haugen og Ole Magne Rotevatn. Frank
Sverre Skorpen scora for Bergsøy.
Endeleg siger over Brattvåg
28-01-2010 22:56
Norborg-Brattvåg 4-2 (3-2)
Treningskamp Norborg KGB
Sjansar: 7-4
1-0 Ole Johan Urke (4)
2-0 Skjalg Volstad (9)
2-1 Jan Egil Ulla (22)
3-1 Ole Johan Urke (24)
3-2 Even Heggdal (36)
4-2 Skjalg Volstad (85)
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) og Arild
Vegsund (Norborg)
Laget: Espen Wold - Kristian Søviknes, Roger Grytten, Jan
Even Drønnesund, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 46)
- Ole Johan Urke (Bee, 46), André Larsen (Kristoffer Søviknes,
82), Skjalg Volstad, Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli,
46) - Tarjei Urkedal, Alexander Eide (S. E. Reitan, 69).
Norborg var det beste laget under gode speleforhold på Grytastranda
og vann fortent over nabo Brattvåg. Spesielt den første
halvtimen viste heimelaget mykje bra. I 2. omgang var vi vitne til
ein langt meir keisam kamp der Norborg kontrollerte inn til sin
andre siger for året. Kampen sin beste spelar Skjalg Volstad
sette punktum fem minutt før slutt med eit susande skot frå
distanse. Flott spelt av Norborg. Elles la vi merke til at Brattvåg
hadde dei to HaNo-spelarane Jan Egil Ulla og Cato Longva på
laget.
Les
meir..
5. divisjonsavdelingane klare
28-01-2010 23:18
-Sunnmøre fotballkrets har fordelt dei 23 laga i 5. divisjon
på tre avdelingar. Oppsettet finn du her.
Treningskamp mot Brattvåg torsdag kl. 20
27-01-2010 17:52
-Norborg spelar i morgon sin andre treningskamp for året.
Motstandar er nabo Brattvåg på Norborg KGB. Det er meldt
sludd i morgon, men vonleg vil ikkje dette påverke kampen.
Tropp: Alle! Oppmøte kl. 19.
Bergsøy slo Vartdal i treningskamp
26-01-2010 22:49
-Bergsøy vann i kveld 3-0
over Vartdal. Mats Inge Teige 2 og Frank Sverre Skorpen scora.
Johansen tek over Stordal
25-01-2010 20:35
-Stig Johansen blir ny Stordal-trenar, melder stordal.nu.
Johansen leia si første økt med dei gule og raude
i helga.
DVD-kveld for dommarar
25-01-2010 20:17
-Dommarutvalet i Sunnmøre fotballkrets inviterar klubb- /
rekrutteringsdommarar og autoriserte dommarar til ein hyggeleg kveld
saman der det vil bli vist DVD med situasjonar for diskusjon.
Tid: 9. februar kl. 18-20
Stad: Eidet kulturhall (bygdastova)
Påmelding til Geir Arne Nordby innan torsdag 4. februar. Tlf.
920 59 852 (nordby38@hotmail.com)
Les meir.. (word)
Hareid sigra over ÅVK
23-01-2010 17:28
-Hareid vann 4-0
over ÅVK i ein treningskamp fredag kveld.
Lid Kleppe nær overgong frå Volda til Hødd
20-01-2010 18:09
-Thomas Lid Kleppe (Volda) har den siste tida vore på prøvespel
hos Hødd.
I dag vart spelar og klubb einige om ei 2-års kontrakt. Hødd
skal no i forhandlingar med Volda for å få overgongen
i orden.
Påmeldingsmøte 2010
- torsdag 21. januar
19-01-2010 20:53
-Norborg vil halde påmeldingsmøte for nye og gamle
medlemer torsdag 21. januar på klubbhuset i Uggedalen.
Kl. 1800 G/J 6-8 år (2002-2003-2004)
Kl. 1830 G/J 9-10 år (2000-2001)
Kl. 1845 G/J 11-12 år (1998-1999)
Kl. 1900 G/J 13-14 år (1996-1997)
Kl. 1915 G/J 15-16 år (1994-1995)
Spørsmål rettast til leiar for yngres, Ingmar Kvammen,
tlf. 415 07 169.
Påmeldingsmøte
Gjennomsnittsalder
17-01-2010 20:40
-På terminlistemøtet vart klubbane bedt om å
finne ut gjennomsnitts-alderen på A-stallen sin både
for i år og så langt tilbake som mogeleg. Vi har tal
tilbake til 1995. Snittalderen er som følgjer:
1995 - 20,33; 1996 - 21,73
1997 - 21,04; 1998 - 21,36
1999 - 18,09; 2000 - 19,82
2001 - 20,33; 2002 - 21,24
2003 - 21,48; 2004 - 23,05
2005 - 22,23; 2006 - 22,65
2007 - 23,27; 2008 - 23,38
2009 - 24,53; 2010 - 25,61
Sidan 1999 har altså alderen på Norborg sin A-stall
auka jamt og trutt og er no på over 25 år. Vi kan nok
fastslå at Norborg har ein av dei mest rutinerte A-stallane
på Sunnmøre.
Storsiger i treningskamp
Norborg-HaNo 11-2 (7-1)
Sjansar: 18-4
1-0 Kristoffer Søviknes (2)
2-0 Ole Johan Urke (7)
3-0 Tarjei Urkedal (11)
4-0 Asgeir Kalvø (19)
5-0 Ole Johan Urke (23)
6-0 Alexander Eide (str. 26)
7-0 Tarjei Urkedal (30)
7-1 Jan Egil Ulla (33)
8-1 Skjalg Volstad (66)
9-1 Tarjei Urkedal (72)
10-1 Kristoffer Søviknes (79)
11-1 Ole Johan Urke (str. 82)
11-2 Cato Longva (90)
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Laget: Espen Wold - Kristian Søviknes, Geir Ove Grønli,
Roger Grytten (Øyvind Farstad, 46), Asgeir Kalvø -
Ole Johan Urke, André Larsen, Skjalg Volstad, Alexander Eide
(Bee, 56) - Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.
Norborg fekk ein pangstart på årets første treningskamp
og tidenes første på Norborg KGB. 7-0 stod det ved
ein halvtimes spel. Det første satt inn av Kristoffer Søviknes
1 minutt og 15 sekund ut i kampen. HaNo kom meir med det siste kvarteret
av 1. omgang og fekk også redusert. Norborg var langt mindre
på hogget etter pausen, men nådde to siffra antall mål.
Ei grei gjennomkjøring av Norborg som hadde så få
spelarar i kveld at ein måtte låne låne Øyvind
Farstad frå Ravn.
Kampreferat
Terminlistemøtet
13-01-2010 23:42
-3. og 4. divisjon hadde onsdag kveld terminlistemøte på
Rica Parken Hotel. Norborg fekk innvilga flytting av bortekampen
mot Stranda (frå fredag 30. april til torsdag 29. april) og
heimekampen mot Godøy (frå fredag 18. juni til torsdag
17. juni). Borte-kampen mot Bergsøy 3. sep. er flytta frå
kl. 1830 til 19. Runde 22 er flytta frå laurdag 9. oktober
til fredag 8. oktober.
Treningskamp mot HaNo
13-01-2010 23:21
-Norborg spelar torsdag kl. 1955 årets første treningskamp
mot HaNo på Norborg KGB. Bjarte Steinsbu dømmer kampen.
Grønli ny fotballformann
13-01-2010 23:19
-Geir Ove Grønli vart onsdag kveld valgt til ny leiar i fotballgruppa
etter Kristian Søviknes.
Alnes frå Godøy til SIF
- Brynestad til Volda
10-01-2010 22:29
-Svein-Arve Alnes har bestemt seg for å melde overgong frå
Godøy til Skarbøvik. Alnes har også tidlegare
aksla sebratrøya. I ein kommentar til norborg.com seie Alnes
dette om valet; - Følte meg veldig ønska av trenar Sture Fladmark.
Ser fram til å spele attmed gamle lagkameratar. Godøy har
dermed mista sine to fremste målscorarar i Kjevik og Alnes.
Desse stod for 26 av Godøy sine 44 mål i fjor. I tillegg
har Trond Brynestad meldt overgong til Volda. Ein av Volda sine
beste spelarar i fjor, Anders Heggen, har derimot meldt overgong
til Træff.
Kjevik frå Godøy til Vigra
10-01-2010 19:40
-Kenneth Kjevik vender tilbake til moderklubben Vigra
etter to sesongar for Godøy i 3. divisjon. Kjevik scora i
fjor 14 mål i 3. divisjon.
Trening måndag kl. 18 for G13 og G14
10-01-2010 19:20
-Måndag kl 18 blir det trening for gutar født i 1996
og 1997. Evt. 1998- og 1999-modellar kan også møte.
Brøyting av kunstgraset i full gong
9-01-2010 16:23
-Brøytemann Tor Grande har tilbrakt ein god del timar i Uggedalen
denne veka for å få fjerna dei store snø-mengene
frå kunstgraset. Meir enn halve bana er no snøfri og
kampen mot HaNo torsdag skal ikkje vere i fare.
Les meir..
Rundskue
6-01-2010 22:31
-Investorane til Brattvåg ser ut til å meine alvor og
har i dag forsterka laget med Aleksander Håskjold frå
Spjelkavik. Volda har skaffa seg midtstoppar Preben Hagen Torvanger
frå Skavøypoll. I 4. divisjon har Larsnes/Gursken henta
heim Christoffer Rekdal frå Hødd. Elles kan vi nemne
at Jan Vatnehol har takka ja til å bli trenar for Harøy.
Trening for gutar 13 og 14 år torsdag kl. 18
5-01-2010 21:48
-Det blir fotballtrening for G13 og G14 (født 1996 og 1997)
på Norborg KGB torsdag kl. 18.
Norborg Cup 2009
4-01-2010 21:40
-Norborg si badmintongruppe arrangerte for ei tid tilbake Norborg
Cup 2009. På badmintonsida finn dykk bilete og resultater.
Les meir..
Herretrening og spelarmøte tysdag kl. 1930
2-01-2010 0:20
-Tysdag kl. 1930 på klubbhuset blir det spelarmøte
for herrelaget med påfølgande trening.
Norborg KGB stengt!
2-01-2010 0:15
-Kunstgrasbana er stengt så lenge det er snø på den. Dette fordi
den ikkje kan brøytast om snøven først blir trakka ned. Så berre
brøyta område er treningsklarert framover vinteren.
Det oransje tiåret!
31-12-2009 14:58
-Tiåret som tek slutt om få timar har vore ein evig
opptur for Norborg. Det starta med opprykk frå 6. divisjon
i 2000 og enda med 9. plass i 3. divisjon. 349 offisielle A-kampar
er gjennomført. 177 av dei enda med siger og 1016 mål
har blitt scora. Tarjei Urkedal har spelt flest kampar, Kim Idar
Krogsethagen har scora flest mål. Her er litt spelarstatistikk
frå tiåret vi kan kalle "Det oransje tiåret".
Les meir..
Adelskalender
31-12-2009 14:44
-Svein Gjerset held fortsatt unna på toppen av Norborg sin
adelskalender, men no er Stein Erik Reitan berre 4 kampar bak. Tarjei
Gjerset Urkedal har avansert til 5. plass og har 3. plassen innan
rekkevidde neste år. Alexander Eide og Martin Holmeset debuterte
for Norborg i 2009. Totalt har no 259 spelarar spelt for Norborg
sitt A-lag.
Adelskalender
Olsbø frå Spjelkavik til SIF
29-12-2009 13:15
-Tom Erik Olsbø vender tilbake til Skarbøvik etter
eitt år i Spjelkavik. Olsbø scora 6 mål for Spjelkavik
i 3. divisjon.
Norborg Oransje nær semi
- tidleg exit for Norborg svart
28-12-2009 17:26
-Norborg hadde ei målsetting om to lag i semifinale, men sat
igjen med eitt lag i kvartfinalen og eitt lag som tabelljumbo. Det
vart dermed ei skuffande Romjulsturnering for Norborg, men det oransje
laget kan vere nøgd med innsatsen. Ein hadde arrangørlaget
Brattvåg i kne med 2-0 før ein fekk ein totalkollaps
i ein to minuttsperiode og slapp inn 4 mål. Det eine på
eit håplaust idømt straffespark. Asgeir Kalvø
reduserte til 3-4, men nærmare kom ikkje Norborg sine oransjetrøyer.
Brattvåg gjekk seinare til topps med 4-3 over Helland i finalen.
Norborg Svart sine kampar:
kl. 1017 Team Rekdal 2-2
kl. 1159 Skodje 3-3
kl. 1324 Old Boys 3-4
Mange brente sjansar, men også dårleg rytme og mange
feilval hos svarttrøyene. I siste kamp mot Old Boys var det
nok ein gong Arnel Colic som senka Norborg med mål frå
vinklar vi må til Premier League for å finne.
Laget: Espen Wold - Roger Grytten, Stein Erik Reitan, Elling Mikal
Kalvø, Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal, André
Larsen, Adrian Håbet og Bee.
Norborg Oransje sine kampar:
kl. 1051 Brattvåg2 3-1
kl. 1250 Fjørtoft 2-3
kl. 1432 Harøy 7-0
kl. 1610 Brattvåg1 3-4 (kvartfinale)
God innsats og speleglede hos oransjetrøyene. Opningsminuttet
mot Fjørtoft ødela for ein 1. plass i gruppa. Dermed
måtte ein møte Brattvåg1 i kvartfinalen. Her
leia ein lenge, men slapp inn 4 mål frå det 10. til
det 12. minuttet.
Laget: Kurt Erik Grytten, Ole Johan Urke, Steffen Grytten, Asgeir
Kalvø, Edward Laverton, Kristian Søviknes, Kristoffer
Søviknes, Kristian Furnes og Knut Ivar Bjørlykhaug.
Tomren og Gamlem til Brattvåg
16-12-2009 23:11
-Som vi meldte i går var Richard Tomren på veg til Brattvåg.
No er overgongen eit faktum, melder brattvag-il.no. Keeper Geir
Roar Gamlem var i haust utlånt frå Norborg til Brattvåg.
No er det klart at over-gongen blir permanent. Vi ønsker
Geir Roar lykke til nårom fjellet.
Keeper signert for Stranda
- Ekremsæter til Valder
16-12-2009 19:35
-Den polske keeperen Daniel Berbecki har signert for Stranda etter
to sesongar i Sunnylven. Les meir på strandafotball.no.
Valder har sikra seg to spelarar. Den mest kjente er Martin Ekremsæter
som spelte for Åheim i haust. Han har tidlegare spelt for
Hødd og ÅVK. Frå Godøy har blåtrøyene
henta Deo Choni. Valder
sin nettstad skriv elles at alle spelarane som var med i 2009 også
blir med neste år. Det betyr at stortalentet Adrian Blindheim
blir verande i 3. div.
Norborg sine trenings-kampar 2010
16-12-2009 18:31
-Norborg sitt A-lag har avtalt 8 treningskampar frå januar til april
2010. Dei er som følger:
Tysdag 14. jan. kl. 20 vs. HaNo Torsdag 28. jan. kl. 20 vs. Brattvåg
Torsdag 11. feb. kl. 20 vs. Ravn Torsdag 25. feb. kl. 19 vs. Stranda
Tysdag 2. mars kl. 20 vs. Herd Måndag 8. mars kl. 20 vs. Brattvåg
Torsdag 18. mars kl.1830 vs. Vestnes Torsdag 25. mars kl. 20 vs.
Ørskog Alle kampane går heime i Uggedalen. Det er fortsatt ikkje
klart om Norborg får spele kvalifiseringskamp til NM. Ein eventuell
cupkamp spelast 11. april. Blir det ikkje cupkamp vil ein prøve
å få inn ein treningskamp rundt 6. april.
Neergard til Skarbøvik
15-12-2009 22:46
-Ravn
sin toppscorar 16-åringen Ole Biger Neergard har valgt å skrive
under for SIF. Neergard har trent med SIF sitt A-lag dei to siste
månadane. Også Norborg viste interesse for å få han på trening,
men det passa seg ikkje denne hausten. Anna nytt i lokalfotballen
er at Brattvåg ryktast å vere ute etter Richard Tomren (tidlegare
SIF). Arnel Colic ryktast også å gjere comeback i 3. divisjon. I
tillegg trenar harøyingane Stian Harnes og Christian Myklebust med
klubben. Det var også venta at nokre Varfjell-spelarar skulle delta
på ein internkamp sist veke, men desse dukka aldri opp...
Kva skjer på Sunnmøre i 2010?
15-12-2009 21:12
-Vil Norborg kome framføre Brattvåg på tabellen, vil Spjelkavik
rykke opp, vil Vigra rykke opp..? Dette er noko av det Nordicbet
gir odds på fram til årsskiftet. Sjekk oddsen her.
Ørsta slo Hareid
15-12-2009 21:07
-4. divisjonslaget Ørsta vann 3-0 (2-0) over Hareid i ein treningskamp.
Vinnarar scoringsklubben
15-12-2009 21:02 -Harald Havnsund vann scoringsklubben sitt reisegåvekort,
medan Asbjørn Kalvø vann utstyrr frå Bosch.
Godt oppmøte på søndags-treninga
13-12-2009 21:53
-19 mann møtte opp på Norborg si opne søndagstrening på kunstgras-bana
i Uggedalen. - Dette vart suksess, sa treningssjef Noralf Gamlem
etter treninga.
Lokaloppgjer mot Brattvåg i serieopninga
-Fredag 16. april brakar 3. divisjon i gong med lokaloppgjer mellom
Norborg og Brattvåg på Uggedal stadion. Norborg fortsette så med
to bortekampar mot henhaldsvis Rollon og Stranda. Norborg har elles
fått innfridd sine ønsker om å ikkje spele i langhelgene (Kristi
himmelfartsdag og pinse). Siste kamp før ferien er 2. juli borte
mot Brattvåg, medan ein opnar hausesongen med to heimekampar. Sesongen
avsluttast med heimekamp mot Spjelkavik 9. oktober. Terminlista
finn du her.
Terminlistemøtet blir onsdag 13. januar kl. 1830.
Nyheiter August'07-oktober'09
Eldre nyheiter
|
|
Baneplan
-Ved kampar på 11´er
banen må lag som evt. har trening der trekke over på 7´er C.
7´er C blir i utgangs-punktet ikkje måka for å spare slitasje.
Då må lag som evt. har tildelt tid der få slippe til ilag med
dei andre på 7´er A og B.
Baneplan
Leige av Norborg KGB
-Dersom nokon ønsker
å leige treningstid på Norborg KGB, ta kontakt med
Kristian Søviknes. Tlf. 918 79 439 eller kristian.soviknes@stxeurope.com.
Baneplan
Fotballltrening for jenter og damer
-Fotballtrening for alle jenter og damer torsdagar kl 1930 på
Norborg KGB. Dei er allereie 12 stk, men treng mange fleire.
Spre ryktet og møt opp!
Utbygginga i Uggedalen
-Bilete frå utbygginga av kunstgrasbane i Uggedalen.
Bilete
(bilete t.o.m. 19. okt.)
Ramsvik vann tabellkonkurransen!
-Sigbjørn Ramsvik frå Sjøholt gjekk til topp i årets tabellkonkurranse
for 3. divisjon.
Stilling
runde 22
Fotballtrening onsdag kl. 1930 i Brattvåghallen
-STX Elektro og Norborg har felles tid i Brattvåghallen onsdagar
kl. 1930-2045. Vél møtt!
Treningstider badminton-gruppa 2009/10
-Badmintongruppa har følgande treningstider i sesongen 09/10
Måndagar i gymsalen i Søvika:
kl. 17 Jenter i 5. og 6. klasse
kl. 18 Gutar i 5. og 6. klasse
kl. 19 Jenter i 7., 8. og 9. klasse
kl. 20 Gutar i 7. og gutar i 8. klasse som spelar i korpset
Tysdagar i Brattvåghallen: kl. 1830 - 2030: Gutar i 8. klasse
som ikkje spelar i korpset og gutar i 9. klasse Vaksne (både
aktive og trim) Fredagar i Brattvåghallen kl. 1830 - 2030: Opent
for alle!
Norborg har rackerter til utlån for dei som ikkje har sjølve.
Oppstart: Treningane for dei yngre startar i veke 42, dvs. veka
etter haustferien. Spørsmål rettast Randi Ulla Nogva. E-post:
randi.ulla.nogva@online.no Telefon: 413 13 650.
|
|
Herretreningar
veke 9
(1. - 7. mars)
Tor kl. 17 trening
Søn kl. 20 A-trening
Søn kl. 20 B-trening
Treningsplan
Treningskampar
3. div. lag
Treningskamptabell
2010
Terminliste 2010 - herrer
14.01
Norborg - HaNo tk 11-2
28.01
Norborg - Brattvåg tk 4-2
06.02
Norborg - Sunndal tk 1-1
18.02 Norborg - Ravn tk 5-2
23.02 Norborg - Harøy tk 3-1
25.02 Norborg - Stranda tk Avlyst
02.03 Norborg - Herd tk Avlyst
08.03 Norborg - Brattvåg tk
18.03 Norborg - Vestnes Varfjell tk
25.03 Norborg - Ørskog tk
06.04 Norborg - Måndalen tk
|
|

|