lørdag, april 21, 2018
   
Text Size

Sterk sluttspurt sikra poeng!

Norborg/Brattvåg2 - Herd2 3-3 (1-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 12.04.2018

Sjansar: 6-8

1-0 Per-Stian Alvestad (42)
1-1 Vegard Bruland (48)
1-2 Mohammed Ian Elkington (54)
1-3 Elias Muren (62)
2-3 Ole Johan Urke (86)
3-3 Anders Toven (90)

Norborg kan seie seg godt nøgd med poeng mot eit teknisk godt lag frå Herd. I ein sjansefattig 1. omgang vakna publikum til liv då Per-Stian Alvestad vende av ein spelar og klinka ballen tverrliggar inn med "feil" fot. Den første halvtimen av 2. omgang var Herd2 klart best og snudde kampen til 1-3. Norborg haldt då ikkje følge med dei blå sitt tempo og det kunne ha sett langt verre ut om ikkje keeper Benjamin Rørhus tok fram det beste i seg. Så snudde kampen totalt. Norborg løfta seg og starta å vinne duellane. Etter to feilaktig annullerte mål tok Ole Johan Urke saka i eigne føter og klinka eit frispak frå 25 meter vakkert oppe ved vinkelen. På overtid mottok Anders Toven ballen inne i 16 meteren, tok seg god tid og sette ballen kontrollert i nota til 3-3. Fire minutt på overtid var Norborg nær å behalde alle poenga, men Herd fekk stoppa forsøka.

Som alltid stor spenning i kroppen før første seriekamp, og kombinert med ein god motstandar og ein del rokeringar på laget frå det som har starta i dei siste treningskampane, var det lenge ein spelemessig svak kamp av dei oransje. Herd2 pressa høgt, var aggressive og hadde eit ferdigheitsnivå som overgjekk fleire av laga vi såg i fjorårets 4. divisjon. Spesielt Vegard Bruland og Mohammed Ian Elkington var med på å kontrollere kampen for gjestane. Norborg sitt spel var oppjaga, for direkte og med lita breidde. Vi har ikkje tal på kor mange gongar Norborg lempa ballen i bakrom utan adresse til medspelar. Sjølv om Herd2 hadde ballen mykje, så greidde heller ikkje dei å skape så mange klare sjansar.

Litt ut av det blå tok Norborg leiinga då Per-Stian Alvestad mottok ballen med ein Herd-spelar i ryggen. Alvestad vendte bort motspelaren utanfor 16 meteren, tok eit touch og klinka ballen tverrliggar inn med venstra. Vakkert av spissen, som knapt hadde fått vore borti ballen dei første 42 minutta. Heimelaget kunne dermed gå til pause nøgd med å leie, men med mykje å rette på spelemessig.

Dei første tretti av 2. omgang var eit mareritt for Norborg. Herd2 spelte ball i hatt med dei oransje og scora heldigvis berre tre mål. Utlikninga sette Vegard Bruland inn på straffe. Nokre minutt seinare viste Elkington fram skotfoten frå 20 meter og sørga for 1-2 før Elias Muren fekk stå heilt åleine på bakerste å heade inn 1-3. Så fekk Herd2 straffe etter at ein Herd-spelar snubla på ballen. Heldigvis tok keeper Benjamin Rørhus ut det beste i seg å redda straffa frå Bruland. Like etter måtte Rørhus igjen i aksjon då Elkington kom seg igjennom og forsøkte seg på ein lobb. Lobben var forsåvidt god, men Rørhus har god rekkevidde og tok seg flott av forsøket.

Norborg tok så grep. La om til tre mann bak og flytta Kristoffer Søviknes og Elling Mikal Kalvø opp i bana. Ein starta så å vinne duellane framme på bana og skapte trykk. Det tok likevel litt tid før reduseringa kom. Ein måtte sjå ein ball bli redda på strek og to feilaktig annullerte mål. Det første annullerte målet var mildt sagt merkeleg. Dommar bles plutseleg for offside like før ballen går i mål, men assistentdommar haldt flagget nede og konstaterte at det var ingen offside. Dommar velge då av ein eller annan grunn å dømme dropp. Minuttet seinare sender Anders Toven ballen i mål. Dommar velge å dømme frispark til keeper, som hadde blitt løpt ned av medspelar. Ingen VAR i 5. divisjon, så Ole Johan Urke tenkte at det var best å gjere det "enkelt" og utan tvil. Frå 25 meter klinka han eit frispark utakbart oppe ved vinkelen. Norborg fekk endå meir blod på tann og to minutt på overtid kom utlikninga då Kristoffer Søviknes sende ballen forbi forsvaret til stoppar Anders Toven, som usett hadde lunta seg opp på venstresida. Han mottok ballen på venstresida av straffefeltet, tok seg god tid og sette ballen kontrollert i mål forbi keeper og ein forsvarar til 3-3. Iskaldt av 99-modellen, som scora sitt første A-lagsmål.

Norborg/Brattvåg2 hadde nok ønska seg tre poeng i seriestarten, men slik kampen framstod, så var det eine poenget ein siger i seg sjølv. Bygg vidare på det siste kvarteret av denne kampen, så skal Sæbø får store problem i neste runde. Benjamin Rørhus vart kåra til heimelaget sin beste spelar. Han gjorde to særs gode og viktige redningar på stillinga 1-3.   

Laget: Benjamin Rørhus - Tarjei Urkedal, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Magnus Jenssen (Tor Abelseth, 30) - Magnus Austbø Seth, Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Jesper Vos (André Larsen, 88), Vidar Nilsen Rogne (Ole Johan Urke, 46) - Per-Stian Alvestad (Anders Toven, 46).

Andre resultat:

Blindheim - Stranda 3-0
Ellingsøy - Langevåg 2-2
Hovdebygda - Fjørtoft 2-2
Skodje - Sæbø 2-0
Guard - Volda2 2-3

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann