torsdag, november 23, 2017
   
Text Size

Kvarven


Høgste punkt: ca. 490 moh.
Startsted: Gamlem (vassverket)
Tid: 30-60 min
Parkering: Parkering ved vassverket på Gamlem. Eventuelt ved grendahuset.
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Hurla
Tid: -
Kan kombineres med: -

Terreng:

Første minutta går på fin traktorveg før ein tek til høgre og over på steinete og brattare sti opp mot tyskerdammen. Etter å ha kryssa Gamlemselva ved tyskerdammen kjem ein til eit fuktig område før ein skal opp gjennom skogen. Når ein har kome over skoggrensa og passert nok eit fuktig område er det fin og slakk sti bort til varden på Kvarven.


Start er ved vassverket på Gamlem. Ein må ta av frå hovudvegen og opp på gamlevegen. Vegen opp til vassverket er eit par hundre meter frå krysset ikkje langt frå Grendahuset på Gamlem. Grusveg opp til parkering ved vassverket.

Løypekartet ser slik ut:


Fin parkering ved vassverket:


Slakk traktorveg dei første minutta:


Ta av frå traktorvegen og opp råsa til høgre. Deretter er det berre å følge sti og skilting.


Varden på Kvarven:


Frå Kvarven er det flott utsikt. Her mot Terøya og Bjørnøya.


 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann