torsdag, november 23, 2017
   
Text Size

Sunnmørsfotballen 1915-1962

Nedanfor finn du ei oversikt over fylkesmeistrar og krinsmeistrar i åra 1915 til 1962, men først ei kort oppsummering om starten på fotballen på Sunnmøre.

I Møre og Romsdal kom fotballen inn under organiserte former 28. juni 1914 då Romsdal Amts Fotballkrets vart stifta. Dei seks byklubbane i fylket Ynglingeforeningen (seinare Braatt), Kristiansund FK, Nordlandet, International (seinare Molde FK), Aalesunds FK og Rollon var inkalla til eit konstituerande møte i Molde av Geo Haller. Sunnmøre braut ut av samarbeidet og danna sin eigen fotballkrins i 1920 med deltagelse på konstitusjonsmøtet frå følgande klubbar: Aalesunds FK, SK Rollon, Sykkylven IL og Freidig (Valldal). På haustens ting deltok i tillegg IL Hødd, SK Glimt (seinare Smart), Hellesylt IL og Geiranger IL.

Tinget vedtok at laga skulle delast opp i to divisjonar, A og B. I klasse A deltok berre Aalesunds FK og Rollon dei to første åra. I 1922 rykte Smart opp og i 1923 Hødd og Langevåg.

I 1926 vart det gjort forsøk på å samle Møre og Romsdal til ein fotballkrins igjen, men det vart avvist av Sunnmøre. Eit forslag om ligakamper mellom A-klubbane i Mørebyane vart derimot vedteke og berre to månader seinare var "Mørebyenes liga" eit faktum med følgjande klubbar: Aalesund FK, Rollon, Kristiansund FK, Braatt og Molde. Ligaen, som var ein privatserie, vart starta opp i 1927 og varte fram til 1936. For utan dei 6 klubbane fekk Clausenengen innpass i 1934.

I 1937 vart Norgesserien innført der følgjande klubbar frå Møre og Romsdal var med: AaFK, Rollon, Kristiansund FK, Braatt, Clausenengen og Veblungsnes. Dette var ein serie i regi av NFF og den første landsomfattande serien. Landet vart delt opp i 8 distrikter der Møre og Romsdal vart kalla VII. Distriktsvinnarane møtttast i cupspel heime-borte (kvartfinale, semifinale og finale) for å få ein seriemester. Sesongen 1940 vart avbroten grunna krigen, medan 1946/47 vart brukt til lokale kvalifiserings ligaer til Norgesserien 1947/48 (det vart spelt haust/vår fram til 1962).

I 1948/49 vart toppen av norsk fotball tilspissa med innføring av Hovedserien, som bestod av to grupper der vinnarane møttest til finale. 1. divisjon (nivå 2) bestod av 8 distrikt med 11 avdelingar. I 1951/52 fortsette ein med Hovedserien, men Landsdelsserien (nivå 2) vart innført med 7 avdelingar. I 1. divisjon (nivå 3) vart det 18 avdelingar. Denne serieordninga haldt fram til og med 1961/62 sesongen. I 1963 vart 1. divisjon innført med 10 lag og dobbelt serie som fulgte kalenderåret. 2. divisjon bestod av 2 avdelingar á 8 lag.

Oversikt over fylkesmeistrar og krinsmeistrar 1915-1962:

Møre og Romsdal (1915-1919):
1915 Rollon
1916 Rollon
1917 Aalesund
1918 Kristiansund FK
1919 Aalesund (ingen tabell)

Vinnarar Sunnmøre sesongane 1920-1937 (ingen tabeller):
1920 Aalesund
1921 Aalesund
1922 Aalesund
1923 Aalesund
1924 Aalesund
1925 Aalesund
1926 Rollon
1927 Aalesund
1928 Aalesund
1929 Aalesund
1930 Rollon
1931 Aalesund
1932 Aalesund
1933 Rollon
1934 Aalesund
1935 Aalesund
1936 Aalesund
1937 Rollon

Fylkesmeistrar og KM-vinnarar 1938 til 1962 (trykk på årstala for tabell):

Norgesserien
Distrikt VII
2. divisjon
Sunnmøre
3. divisjon
Sunnmøre

1937/38 Kristiansund ?

1938/39 Kristiansund ?

1939/40 Avbrutt


1947/48 Kristiansund Herd Hareid

1. divisjon
Distrikt VII
2. divisjon
Sunnmøre
3. divisjon
Sunnmøre

1948/49 Molde ? Hareid
1949/50 Kristiansund Hødd ?
1950/51 Aalesund Langevåg ?

Landsdelsserien
Gruppe Møre
1. divisjon
Sunn/Roms
2. divisjon
Sunnmøre
3. divisjon
Sunnmøre
1951/52 Hødd Ørsta Sykkylven Stranda
1952/53 Langevåg Rollon Velledalen Bergsøy
1953/54 Molde Sykkylven Herd Brattvåg
1954/55 Kristiansund Herd Hareid
1955/56 Molde Rollon Spjelkavik
1956/57 Molde Spjelkavik Ørsta

Landsdelsserien
Gruppe Møre
3. divisjon
Sunnmøre
4. divisjon
Sunnmøre

1957/58 Kristiansund Volda Stranda
1958/59 Hødd Skarbøvik Aksla
1959/60 Kristiansund Herd Hovdebygda
1960/61 Langevåg Skarbøvik Spjelkavik
1961/62 Aalesund Velledalen Valder

Kilder:

http://www.rsssf.no/

Årsbøker til Sunnmøre Fotballkrets

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann